Artikkel i Klassekampen, 18.03.87

35 154 sel til no

35154 sel var inntil 17.3 innmeldt til Norges Råfisklag. Dette er bare det fiskarane har rett til erstatning for, det vil seie sel som har gått i garn, og der fiskarane har greidd å få tak i selen og levert anten heile selen eller luffane til eit fiskebruk. I tillegg kjem at mange selar øydelegg garn, men kjem seg unna eller dett ut når ein trekker garnet, at sel tatt på anna reidskap ikkje blir registrert, og at dette bare er tall for Råfisklagets distrikt, dvs. frå Nordmøre og nordover.

Av SVEIN LUND, TROMSØ (Klassekampen)

Vi kjem til å tenke på at ein representant for Greenpeace her før i vinter uttalte at norske fiskarar hadde det med å overdrive. Om dei såg 2 selar var det mange, såg dei 3 var det ein invasjon. Men ikkje eingong 35154 ser ut til å kunne opne auga på dei som har bestemt seg for å ikkje ville sjå.

— Vi får fortsatt inn mellom 200 og 600 sel innmeldt hit pr. dag, fortel kontorsjef Hans Wiesener ved Norges råfisklag sitt hovudkontor i Tromsø. — Ei tid var det meir, nokre dagar over 1000. Men likevel tør eg ikkje å påstå at selinvasjonen har gått tilbake, at selen har begynt å trekke ut frå kysten igjen. Det kan like godt vere at det er færre garn i havet nå, at fiskarane ikkje ser det lønt å sette garn for bare å få sel. Det einaste området der vi har klare teikn på at selproblemet er i tilbakegang er Lofoten.

SPENT PÅ ØST-FINNMARK

— Eg er veldig spent på ka som nå skjer i Øst-Finnmark, seier Wiesener. Der er hittil registrert mindre sel enn lenger vest. Men det kan ha samanheng med at gamsesongen først nå tar til for fullt der. Det kan godt vere at dei da blir like ille plaga som resten av Nord-Norge har vore hittil i år.

LANG VENTETID

For fiskarane kan det bli lenge å vente på erstatningane. I første veka av mars lei utbetalingane sendt ut for den selen som var meldt inn før 13. februar. Da blei det betalt 400 kroner i erstatning for kvar garnfanga sel. Men etter 13. februar er det ikkje sikkert at fiskarane får denne summen. Det har Fiskeridepartementet enno ikkje fått avklara.

Mens vi sit og prater med kontorsjefen, ringer telefonen hans.
— Ka, vi gjør her? Nei, det er bare sel. Vi har slutta med fisk her.
Om dette er noko overdreve, er det fakta at råfisklaget måtte lage seg eit eige datasystem for å rå med selskadane, og at dei har 2—3 tilsette til å styre med dette på heiltid. Så i tillegg til fiskarane og fiskeindustrien sine erstatningskrav, kjem det trulig og eit frå Råfisklaget om erstatning for meirarbeid og utgifter.

— Her skal du høre ka for virkning selen har hatt, seier Wiesener, og legg fram fangststatistikk for veke 8 i år samanlikna med i fjor: Endringane har vore:
Garn: - 48%
Juksa: - 69%
Snrrevad: - 64%
Line: + 12%
Trål: + 36%

VEIT FOR LITE

— Vi veit så alt for lite om selen, seier Wiesener vidare. — Denne invasjonen kom heilt overraskande. Hadde det blitt dreve skikkelig forsking, kunne vi kanskje forutsagt det. Men da hetsen kom mot selfangsten, blei selforskinga nesten lagt ned. Det er jo uhørt. Ein skulle jo ha fulgt med utviklinga av bestanden og trekkvegane. Nå sit vi jo bare og gjettar. Vi hadde eit møte med departementet og kontrollverket og forskarane. Men dei kunne jo ikkje ein gong seie sikkert om selen kjem frå Vestisen eller Østisen! Ingen kan idag seie sikkert ka som er årsaka eller årsakane til denne selinvasjonen.

UTSULTA SEI OG TORSK

Det er i det heile mye uforståelig og skremmande som foregår i havet nå. Det begynte i fjor med seien. Da var det omtrent ikkje lever i han, og han såg ikkje ut til å ha vokst frå året før. I år er det torsken som er mager og uten lever. Nå ser vi at sjøfuglane dør av sult. Det er minimalt med kruttåte og raudåte i sjøen, men vi veit ikkje kvifor. Sikert er det at vi fiskar på eit grunnlag vi ikkje har greie på. Derfor må forskarane få mye meir midler.


Til startsida

sveilund@online.no