Artikkel i Klassekampen, 25.06.1987

30 millionar på sjøen

Kondemneringsskandalane i norsk fiskerinæring ser ikkje ut til å ha nokon ende. Til saman 30 millionar har gått med til sildeoljefabrikken i Kvæfjord som enno ein gong har fått tilskott og skal kondemnerast.

Av SVEIN LUND

Mens staten ellers snur og vender på kronene, er pengesekken vidopen for å sikre at millionærane fortsatt skal få vere millionærar. Kvedfjord Sildolje & Kraftforfabrik på Borkenes i Sør-Troms var ein av dei best drevne og mest moderne sildeoljefabrikkane i landet. Frå 1980 til-85 blei det investert for 9,8 millionar i maskinar og utstyr, og heile 10,1 millionar, miljøtiltak. Men nå er det fritt for lodde i Barentshavet, og ikkje meir råstoff for produksjonen.

Normale kapitalistiske lover skulle da tilseie at bedriften var konkurs. Men ikkje så i sildeoljenæringa. Her sørgar staten for at millionærane på sjø eller land skal få slippe å smake virkningane av si eiga rovdrift. For å legge ned produksjonen ved sildeoljefabrikken får eigaren, Nils Fochsen den nette sum av 10 millionar i kondemnermgstilskot. Til dette tilskotet er det bare knytta eit vilkår: At det aldri meir skal drivas sildedljeproduksjon i lokala. Ingen krav om anna produksjon. Ingen krav om arbeidsplassar. Sjølv om bedriften har 7 millionar i gjeld, skulle Fochsen sitte igjen med ein pen sum når maskinane er solgt. Og interessen for dei moderne maskinane er det ingen ting å seie på. Det har vore folk og sett på dei både frå Sør-Amerika og Kina. Dei store sildeoljetankane ender som lager for Statens Kornforretning. Og det gir vel og ei god leigeinntekt. Men vidare arbeidsplassar gir det knapt.

- Vi syns det er heilt hol i hauet at det betalas ut millionar når det bare blir færre arbeidsplassar, seier Eva Berg, 1. kandidat for RV i Kvæfjord. —Kondemningstilskot må knyttas til oppretting av nye arbeidsplassar, og her må kommune og staten vere med. Vi etterlyser ein reaksjon frå Kvæfjord kommune. Til nå har dei ikkje sagt eit ord.

— Men ka skal ein gjøre når det ikkje er fisk igjen?
— Så får dei heller gå konkurs. Skal ein gi støtte må det knyttas til nye arbeidsplassar. Ei anna sak er at korfor er det alltid Nord-Norge som skal svi mest? Lodda frå Barentshavet har alltid blitt ført sørover langs heile kysten, og ringnotflåten frå Vestlandet har fullt ut sin del av skylda for å hå tatt knekken på lodda her nord. Fortsatt foregår det loddefiske ved Jan Mayen, og industritrålfiske i Nordsjøen. Korfor kan ikkje fisk for ein gongs skuld føras nordover? spør Eva Berg.


Til startsida

sveilund@online.no