Artikkel i Klassekampen, 10.03.1988

Svein Lund:

Verneassistentstreik i Oslo: - Kommunen må stå ved sitt ord

Vemeassistentane i Oslo lar seg ikkje stanse av lønnsloven. Dei har fått løfte frå byrådet om oppjustering av lønna si, og krev at kommunen står ved sine ord. Derfor har 58 verneassistentar vore i streik frå mandag.

Vi er heilt på botn i systemet. Omsorgen for folk med rusmiddelproblem er botn i helse- og sosialvesenet og dermed blir vi vurdert aller lågast. Dette seier Stein Asthøy. talsmann for streikekomiteen til verneassistentane i Oslo. Han rettar ein sterk appell til alle fagforeningar om politisk og økonomisk støtte. Det er 58 som er i streik, og dei treng 100 000 i veka. Til no har dei fått støtte frå sosionomane ved rehabiliteringskontoret i Oslo kommune og frå SV og AKP(m-l) i Oslo.

- Det er no eller aldri, seierAsthøy. Vi er 190 verneassistentar som jobbar ved 30 institusjonar rundt i Oslo. No er alle under samme administrasjon, det såkalla rehabiliteringskontoret. men frå 1.7. blir heile helse- og sosialvesenet i Oslo omorganisert, og vi kjem under forskjellige bydelsadministrasjonar. Da mistar vi og den felles opplæringsavdelninga. Det er no vi har ein sjanse til å kjempe samla.

Stort ansvar

— Vi kallas assistentar, men vi har eit storl ansvar, seier Asthøy Vi er tre-skift-arbeidarar og dei fleste plassane har vi ingen overordna på ettermiddags- og natt-skifta. Det er vi som har det meste av klientkontakten, og det kan ofte vere ganske hardt. Likevel har vi bare lønnstrinn 13-16 (107 000-120000. Vi har krevd å komme opp på 17-21.

Trenering

Byrådet godtok 8. november at jobbane våre skal oppvurderas. Vi skal få 1-årig etatsutdanning som fører fram til yrkesbevis. I teknisk etat som har ei liknande ordning gir yrkesbevis lønnstrinn 16-19. Vi kjente oss derfor trygge på at vi ville få minst dette, men forhandlingane blei stadig trenert. Vi hadde satt l. mars som siste frist, men så kom lønnsstopploven og kommunen fann eit påskot for å ikkje gi oss noko. Men vi kan ikkje godta at lønnstopploven skal ha tilbakevirkande kraft heilt til 8. november. Derfor har vi tatt ut to avrusingsinstitusjonar, eit husvilleherberge, ein verneheim og den oppsøkande tenesta i streik.

Send støtte

Støtte til verneassistentane kan sendas til:
Verneassistentenes Streikekomité,
Åkebergveien 36
0650 Oslo


Til startsida

sveilund@online.no