Debattinnlegg i Klassekampen, 11.05.1988

Svein Lund:

Trygd og arbeidsløyse

ER DEN nye loven om permitteringar ei forbetring eller forverring? Begge deler. Loven er mest ei forver^ ring for dei han gjeld for. Men om han hadde gjeldt for fiskeindustrien ville det vore ei forbetring.
Solveig Aamdal kritiserer i Klassekampen (8. mai) avisa si dekking av denne saka. Det har ho all grunn til.
Det sto faktisk ikkje eit ord om denne loven i avisa før han var vedtatt. Den faglige kommentaren til Svein Olav Skogstad var skreve ut i frå lovframlegget, men kom først på trykk 5 dagar etter at loven var vedtatt(!). Men utan at redaksjonen gjorde merksam på dette. Intervjuet eg hadde med Per Alf Andersen tok bare for seg fiskeindustrien, og var ikkje noko vurdering av andre sider ved loven. Egvar da ikkje merksam på mye av det som kom fram i Skogstad sin artikkel.
Bente Thoresen skriv at fiskeindustriarbeidarane skal gå utan eit raudt øre dei to første vekene dei er permitterte. Dette er ein heilt i feilaktig påstand som ein ikkje kan trekke ut av intervjuet med Andersen. Fiskeindustriarbeidarar har som andre fått arbeidsløysetrygd under permitteringar etter ei karantenetid på 3 dagar, forutsett at dei'fyller vilkåra for dagpengar. Etter fleire permitteringsperiodar i samme året kan dei få dagpengar frå første dagen. Denne ordninga vil for fiskeindustriarbeidarar gjelde som før.
Solveig Aamdal seier at eg og Bente Thoresen forsvarer den nye loven. Det er det ikkje grunnlag for å seie, etter som det er fiskeindustrien vi skriv om.
Eg er enig i at denne loven vil virke til å fremme omstilling, og vil vere eit tilbakeskritt for arbeidarar f.eks. i skipsbyggings- og offshoreindustrien, der det er vanlig med lange permitteringar og lange perioder med sysselsetting. For store deler av fiskeindustrien er derimot situasjonen mange permitteringar i løpet av eit år. Ofte kan permitteringsperiodane vere ganske korte. I dag er fiskeindustrien den einaste industrien som har bare 3 dagars permitteringsvarsel, mens andre har 14 dagar. Det er i del fleste tilfelle ikkje aktuelt å bruke oppseiing i staden for permittering, fordi oppseiingsfristen jo er minst 1 månad, og ein veit aldri om det ikkje er kome godt med råstoff igjen innan den tida.
Ein slik lov vil derfor slå forskjellig ut for forskjellige grupper. Stortinget har vedtatt at der han vil vere til fordel for kapitalistane, der skal han gjelde. Men der han ville ha vore til fordel for arbeidarane, der skal han ikkje gjelde. Det er vel nettopp derfor fiskeindustrien er unnatatt.
Forøvrig er det eit klart minus for Klassekampen som arbeidaravis at verken redaksjonsleiinga eller dei faglige journalistane har tatt noko grep om denne loven. Men det er godt vi har vakne lesarar.


Til hovudsida.

sveilund@online.no