Mange trur at nå skal alle lågtlønna komme opp på 85% av gjennomsnittet i industrien. Men det som avgjør om ein får lågtlønnstillegg er ikkje kva ein sjøl tjener, men kva som er gjennomsnittet i bedriften. Altså: sjølv om du ikke tjener mer enn 23-24 kr. timen så kan du risikere å ikkje få eit øre i lågtlønnsiillegg, bare fordi gjennomsnittet i bedriften er over 30.19. Derom du brenn deg på eine beinet og forfrys deg på det andre så har du ifølge statistikken det gjennomsnittlig ganske bra.
(LO har rett nok kravd at ein skal ta utgangspunkt i den einskilde gruppa av av arbeidarar på bedriften, men dette er enno ikke avklara, og LO-leiinga har tilrådd forhandlingsresultatet utan å ta noko forbehold om at dette går gjennom.)
I fiskeindustrien har ein greid å få minstelønna opp på den fantastiske sum av kr. 26.73 — 0.19 til lågtlønnsfondet = kr. 26.54. Det blir ein auke på 10,8 %, langt mindre enn prisstiginga har vore sidan oppgjøret i 1978 og langt mindre enn prisane ser ut til å stige bare i år. Mange fiskeindusiriarbeidarar vil altså kunne få redusert kjøpekraft sjølv om dei går på tariffen si minstelønn.
Av alle 270.000 som er omfatta av LO/NAF-oppgjøret vil 50-60.000 få lågtlønnstillegg, og kanskje halvparten av disse igjen får så mye at dei aukar eller held oppe kjøpekrafta si frå 1978. For det store fleirtalet betyr dette oppgjøret eit tilbakeskritt.
Dei neste 5 åra reknar staten med å få ei gjennomsnittlig årsinntekt på 56 milliardar kr., meir enn 5 ganger så mye som samla inntekts- og formueskatt i Norge i år. Eigarinntektene i industrien har auka kraftig siste året. Korleis kan da nokon hevde at vi som tjener 60.-80.000 må vise solidaritet å gå kraftig ned i kjøpekraft for ai dei lågtlønna skal kunne komme opp? Eg vonar at Per Alf Andersen eller andre vil skrive her i avisa og forklare meg det. På førehand takk.
Svein Lund
Til startsida