Artikkel i Klassekampen, 15.08.1988

Ei framtid for AS Sydvaranger?

Kan A/S Sydvaranger likevel ha ei framtid utover 1996, da Stortinget har bestemt at drifta skal leggas ned?

Tekst og foto: SVEIN LUND, KIRKENES

Bedriften har nå utvikla eit nytt produkt, såkalla superslig, som bedriftsleiinga håper kan gi langvarig lønnsam produksjon. Samtidig arbeider ein med forskjellige planar for underjordsdrift når dagbrota er tømt. Skal ein kunne drive vidare med dagens produksjonsvolum etter 1996, bør vedtaket om underjordsdrift komme i Stortinget neste år. Kampen om Sydvaranger er langt frå slutt.

Vel to år er gått sidan Stortinget gjorde vedtaket om nedtrapping av drifta ved A/S Sydvaranger, og nedlegging frå 1996. Vedtaket blei gjort trass i ein av dei hardaste kampane som har vore for forsvar av arbeidsplassane her i landet.

Tidlig i 1985 hadde bedriften 1178 tilsette. Etter Stortingsvedtaket i 1986 blei det eine av to pellesverk stansa, og produksjonen redusert frå omlag 2 mill. tonn til 1.3 mill tonn pellets i året. I dag er det knapt 750 tilsette, og etter planen vil det om eit par år ikkje vere stort meir enn 500 igjen. Mesteparten av reduksjonen vil komme i gruva, fordi det blir mindre gråberg å ta vekk for å komme til malmen. Mens ein nå har ein samla bergfangst på 10 millionar tonn i året, kan ein om eit par år ta ut bare halvparten, men få like mye malm.

Med underjordsdrift kan ein få malm nok til dagens produksjon med å ta ut bare 3 millionar tonn. Men leiinga ved Sydvaranger har og utarbeida eit redusert alternativ, for underjordsdrift på omlag 1 mill. tonn. Men det vil ikkje vere nok for å halde pelletsverket igang.

Super-slig

Superslig er finmalt jemmalm som er spesielt rein. Jernmalmen i Sør-Varanger er magnetitt, Fe304, som når den er kjemisk rein inneheld 72,36 prosent jern. Mens den vanlige sligen som går til pelletsproduksjon inneheld omlag 67 prosent jern, har ein fått til superslig med over 72 prosent jern, altså praktisk talt utan forureiningar. Denne kan brukas til å framstille jernpulver for pressing til maskindelar utan støyping, eller sligen kan brukas til produksjon av ferrittar og pigment.

Samla er her ein verdsproduksjon på omlag 1 mill. tonn, og etterspurnaden aukar stadig. Sydvaranger har satt seg som mål å produsere omlag 100 000 tonn, og har alt avtale om leveransar til den svenske bedriften Høganäs.

Supersligproduksjonen skal inn på plassen til det pelletsverket som blei stansa i 1986. Ein har starta å rive dette verket, men arbeidet er førebels stansa av hovudvemeombodet, fordi her er så mye asbest. For supersligproduksjon trengs det maskinar til 30-40 millionar, og disse pengane må løyvas av Stortinget. Om ikkje disse pengane kjem, står ein i verste fall igjen med eit tomt skal.

Koksverk?

Ein anna ide som Sydvaranger-leiinga jobbar med er koksverk. Det kan synas merkelig å tenke på bygging av koksverk samtidig som koksverket i Mo blir lagt ned, men poenget er at gassen frå koksverket vil kunne gi varme til pelletsverket og spare 70-80 prosent av oljeforbruket. Men det forutset eit vedtak om å halde fram pelletsproduksjonen utover 1996, som igjen forutset underjordsdrift i stor skala. Så her heng det meste saman.

Arbeid viktigast

- Det er klart det er positivt at bedriften har utvikla ein produksjon som ser ut til å bli lønnsom, seier Charles Mortensen, leiar for Grubeforeningen Nordens Klippe.

- Men det vi er opptatt av er jo at bedriften skal gi flest mogleg arbeidsplassar. Og her kan supersligprosjektet virke begge vegar. Når ein sett igang dette er det jo eit klart signal om at ein'ønsker å drive bedriften langt ut over 1996. Men spørsmålet er om dette blir eit tillegg til pelletsproduksjon eller eit alternativ. Med bare supersligproduksjon kan ein drive Sydvaranger med 250-300 folk, med pelletsproduksjon trengs det dobbelte. Vi er redd ein vil satse bare på superslig. Da kan ein og 3-doble levetida til dagbrota og treng ikkje ta standpunkt til underjordsdrift på mange år enno. Vi krev at det snarast blir gjort vedtak om underjordsdrift og at pelletsproduksjonen blir opprettholdt.

- Vi har nettopp fått opplysningar om dei forskjellige alternativa bedriften arbeider med, seier hovudtillitsvald Halle Mikkelborg. - Vi treng meir informasjon, som vi så må få ut til medlemmane. Enno har heller ikkje Sydvaranger tatt noko klart standpunkt, i alle fall ikkje offisielt. Eg har inntrykk av at dei er avventande til å sende inn søknad til departementet. Dei tenker at dette er ikkje noko god tid for statsbedrifter å be om pengar til store investeringar.
- Sjå bare på det som nå har skjedd i Mo i Rana, seier Charles. - Nå er det bare om å gjøre å legge ned. Nå er det ein fortvila situasjon for Finnmarkskysten med fiskerikrisa. Det vil vere problem å skaffe arbeid i mange år framover. Er ein villig å investere her, veit vi at vi kan ha arbeid langt ut over år 2000.

- Nå er det gått vel tre år sidan den store kampen om Sydvaranger da dokker aksjonerte for drift på Østmalmen. Korleis vurderer dokker den kampen i dag ?
- Det er ikkje tvil om at historia har gitt oss rett. Seinare blei jo og drifta på Østmalmen sett igang igjen, og det er i hovudsaka den vi driv på i dag. Mange av dei som dengang meinte vi hadde feil har kome etterpå og sagt vi hadde rett. Det har og vist seg at vi hadde rett da vi ikkje ville godta nedtrapping før alternative arbeidsplassar låg klar.

- Det er enno ikkje skapt ein varig arbeidsplass som er uavhengig av Sydvaranger, seier Halle. Kimek er elt underbruk av Sydvaranger. Dei gjør arbeid som før enten blei gjort av Sydvaranger sine eigne folk, eller av små mekaniske bedriftar som nå har fått problem fordi Sydvaranger har trappa ned og samtidig forplikta seg til bare å bruke Kimek. Kimek skulle vere ein skipsverkstad, men til nå har det bare blitt mindre jobbar på ein 3-4 båtar.

Så er her eit såkalla etablererveksthus under bygging, men det er visst ingen som veit riktig ka som skal inn der. Det største prosjektet var jo Grenseland (turistsenter planlagt til 200 millionar). Men det ser nå ut til å skrumpe inn til ein liten del.

Likevel håp?

Etter Stortingsvedtaket frykta mange at stansen ville bli lenge før 1996, fordi ingen med andre alternativ ville satse på ein bedrift med dødsdom over hovudet. Men nå skjer det noko ved Sydvaranger. Nye produkt kan gi bedriften ei levetid langt ut over tusenårsskiftet. Men blir det arbeidsplassar nok til at bedriften fortsatt kan vere hovudgrunnlaget for busettinga i Sør-Varanger, eller blir det bare ein minibedrift med eit par hundre tilsette?

For to år sidan var Sydvaranger dødsdømt. I staden skulle ein satse på andre alternativ: Turisme, produksjon av sjukehussenger, fiskeindustri i kjempeformat, ferdighus til Sovjet, jernbane til Murmansk, skipsreparasjonar, soppdyrking i gruvegangar, ishockeykøllefabrikk og andre luftslott. Så langt har «omstillinga» vore ein total fiasko. Dei einaste som til nå har greidd å vise til truverdige alternativ for framtida er den samme utskjelte statsbedriften. Men skal dei gjennomføras trengs stortingsløyvingar. Og dei kjem ikkje av seg sjølv.


Til startsida

sveilund@online.no