Artikkel i Klassekampen, 25.02.1988

Svein Lund:

Sjukepleierkrav

Frå igår var alle dei streikande sjukepleiarane igjen på arbeid. Men kampviljen er såvisst ikkje over.

For samtidig som dei må bøye seg for tvungen valdgift i minioppgjøret, legg Norsk Sykepleierforbund fram krava til hovudoppgjøret 1. mai. Og kravet er ei lønnsauke på gjennomsnittlig 25 prosent, 5 ganger meir enn det LO meiner er forsvarlig.
NSF meiner den einaste måten å få bukt med sjukepleiarmangelen er ei kraftig lønnsauke. Derfor krev dei vanlige sjukepleiarar opp frå dagens lønnstrinn 16-20 til 20-24. For spesialsjukepleiarar er kravet lønnstrinn 23-27, mot 17-22 i dag. For avdelings- ogoversjukepleiarar blir det og krevd lønnsauke på 20-26 prosent. I tillegg vil ein ha bedre kompensasjon for helgearbeid, og helgetillegget auka frå 13 til 70 kr. timen. Eit hovudkrav vil bli oppretting av eigen fagstige for sjukepleiarar som blir ved sjukesenga, men som skolerer seg gjennom kurs og praksis. NSF ønsker ein elgen lønnsskala for disse, plassert i lønnstrinn 21-25.
Kor mye ein skal kreve av kurs for å klatre opp på denne stigen, har ikkje NSF ss noko fast standpunkt om. Det får blir ei forhandlingssak, seier informasjonsleiar Eivind Fjelldal.
 Det skulle vere heilt unødig med tvungen lønnsnemnd. Kommunalministeren uttrykte sjølv anerkjenning for at liv og helse ikkje var satt i fare gjennom streiken. Men han han grunngir forslaget med at det kan bli f are f or liv og helse i framtida. Han kan vere heilt trygg på at sjukepleiarane tar ansvar.

Virksam lønnsauke

Er det nå slik som NSF hevdar at meir lønn vil redusere sjukepleiemangelen? Nokre kommunar og fylke har alt vore nøydd å betale meir enn tariffen for å få folk. I Finnmark blei det i fjor inngått ein avtale på fylkesplan om at sjukepleiarane skulle starte rett i lønnstrinn 20, og spesialsjukepleiarane rett i 22.
 Dette har f ørt til at søknaden til sjukehusa i fylket har tatt seg tydelig opp, fortel Eli Lindi, som er kretsleiar for NSF i Finnmark.


Til hovudsida.

sveilund@online.no