Artikkel i Klassekampen, 06.05.1989

POLAR-JENTENE GÅR OPP LØYPA

— Vi går opp løypa for dei som kjem etter, seier jentene på Frionor Polar i Mehamn. Dei skriv Norges- historie når dei nå forsøker å overta den nedlagte fiskeindustribedriften for å drive han sjølv.

Tekst og foto: SVEIN LUND, Mehamn

I 60-åra var det på det meste ti fiskebruk i full drift l Mehamn. I dag er det eitt igjen. Dei andre står og skrik tomme imot ein når ein kjem sjøvegen inn til fiskeværet, ein av dei beste hamnene i Finnmark, like ved nokre av dei rikaste fiskefelta. I fjor stoppa drifta på Aarsæther, og i januar kom meldinga om at Frionor Polar skulle innstille drifta på rekefabrikken og at produksjonsutstyret skulle selgas. Men da sa Mehamnværingane at nå har det gått for langt. Del ville ikkje rolig sitte å sjå på at enno fleire arbeidsplassar forsvann.
Det som no heiter Frionor Polar var før ein del av det statlige Finotro-konsernet, som blei solgt til Frionor i 1986. Frionor måtte kjøpe heile konsernet samla, men mange trur at del alt da hadde blinka ut ka for bedrifter lei skulle satse på og ka for bedrifter dei skulle prøve å kvitte seg med. Og at Mehamn-bedriften hørte til dei siste. På det meste sysselsette bedriften 40—50 arbeidarar, med rekeproduksjon pluss lodde i sesongen.

Ført bak lyset

I Mehamn traff vi tre av "Polarjentene": Marianne Fredheim, Satu Vaarala og Gerd Nygård, med tolv, åtte og fire år bak seg i produksjonen på rekefabrikken, Det er Gerd som er hovudtalskvinne, og dei andre fyller ut når dei fortel om kampen dei og lokalsamfunnet har ført for arbeidsplassane i vinter; først for å hindre nedlegging, seinare for å få overta sjølv.
— Det var svært sparsomt med informasjon frå bedriftsleiinga. I fjor sommar sa dei at det gikk bra, og dei har aldri bevist for oss at ikkje det var lønsamt. I november blei vi permittert på grunn av mangel på reke, men dei sa det ville bli oppstart i januar. Så fikk vi ikkje meir informasjon. Rett før jul sa leiinga til avisa at «vi lever og har det bra.» Så plutselig leste vi i avisa at rekeproduksjonsutstyret skulle selgas. Men da laga vi bråk. Vi kravde å få han Mikalsen (direktør for Frionor Polar-bedrittene) hit, og etter mye press så kom han. Så forklarte han kor glad han var i oss, men at det dessverre ikkje var noko å gjøre med. Dei skulle tømme bedriften og selge alt produksjonsutstyret til Danmark. Vi kravde at om ikkje Polar var interessert i å drive, fikk dei avertere bedriften til sals som ein rekebedrilt med alt utstyret.
Ordføraren spurte Mikalsen om dei hadde planar om å flytte kjøpeløyvet for reker. Nei, sa Mikalsen. Så las ordføraren opp eit brev der Mikalsen sjølv hadde søkt om overføring av kjøpeløyvet til Nordvågen. Ka du trur han Mikalsen gjorde da? Jo, han skjelte ut ordføraren. Dei eig ikkje skamvett, dei der karane! Da fikk vi høre at Frionor hadde forhandla sidan oktober med Nordkyn Products om at dei skulle overta. I tre til fire månader hadde dei altså forhandla om arbeidsplassen vår bak ryggen på oss.

Mehamnopprøret 1989

— Og så begynte helvetet. Polar bestilte danskar til å komme og rigge ned anlegget, og vi fikk oppseiing 1. februar. Men da tente folk. Vi nekta rett å slett danskane å gå igang med demonteringa. Danskane forsto oss, dei gikk og satte seg på kantina. Del er jo arbeidsfolk dei og. Men Polar truga med å ta frå oss lønna i oppselingstida og holde igjen feriepengane. Dei sa dei kunne sparke oss på dagen for å nekte ordre. Da måtte vi gi opp og la del rigge ned. Men så hadde dei bestilt ein godsbåt for å hente utstyret. Da slo lokalbefolkninga ring om bedriften og hindra dei å laste ombord. Heile Mehamn var på beina. Alt som kunne krype og gå. Så kom lensmannen og skulle notere namn og nummer på dei som tok del i den ulovlige aksjonen. Folk stilte pent opp i kø for å melde seg. Da blei han lei og pakka saman. Ei veke etterpå hadde vi demonstrasjon med plakatar og kamprop, og kom på Dagsrevyen.

Sats på jenter?

Men i lengda greidde dei ikkje å hindre at utstyret blei sendt av garde. Så samla dei seg og diskuterte ka dei da skulle gjøre. Og kom fram til at dei ville prøve å overta.
— Da vi kom dit blei vi møtt med store fine plakatar; «Jenter, sats!», «Jenter med tæl — 100 millonér kr.», og meir sånt. Men dei hadde visst ikkje meint det heilt alvorlig, for da vi sa at nå hadde vi tenkt å satse, da datt geipen ned på haka på del. Eg blei så forbanna at eg reiv ned reklameplakatane da eg gikk ut. Så den 15. mars skulle Utbyggingsstyret for Finnmark hit for å diskutere med Nordkyn Products om planene deira for bedriften våres. Vi fikk krangla oss til eit møte med dei, og la fram ideane våre. Dei kunne jo ikkje anna enn berømme oss for initiativet. Det var jo så bra. men det var visst ikkje noko for damer. Det var visst for stort for oss.

Prosjektet

Ideane til Polar-jentene går ut på produksjon av røykafisk, tiskemat, spesialprodukt av reker, altså høg foredlingsgrad utan alt for stort råstoftbenov. I tillegg er dei interessert i å bruke hybelhuset til frokostpenssjonat. Del meiner det trengs eit tilbod både for turistar, tilreisande fiskarar og elevar i den vidaregåande skolen. Her vil dei og ha venterom for reisande med buss, fly og hurtigrute.
— Men få med at vi ikkje har låst oss fast, seier Gerd. — Vi er fleksible og foranderlige. Og at vi gjerne samarbeider med andre. Bedriften er stor, her er plass til fleir enn oss.
Og nokon har alt meldt seg. Alt før stansen på Polar, var Grete Nilsen igang med planar for elt kvinneveksthus, med bl.a. husflidsproduksjon, stotfbuikk og bruktbutikk. Polar-jentene fann ut at dei måtte kunne slå seg i lag, og nå er tanken at kvinneveksthuset skal bli ein del av Polar-prosjektet.
— Korleis skal dokker organisere dette, med så mange avdelingar?
— Vi må ha ein ansvarlig på kvar avdeling. Ellers har vi tenkt at vi kan rullere mye på arbeidet, både for å tå meir variert arbeid, og for å veie opp for sesongsvingingar. Det skal gå bra med rullering. Jenter kan så mye ulike ting. Da er det verre med guttane. Og så skal alle som jobbar her ha skikkelig informasjon om drfta. Ikkje sånn som da vi gikk på leiinga på Polar og spurte korleis det gikk med salet av rekene. Ka du trur vi fikk til svar? Jo: «Vi sel no ein kilo no og ein kilo da.» Vi skulle bare ikkje bry oss.

900 av 1000

— Kor mange støttar dokker i planane?
— Det bur 1000 i Mehamn. 900 er med oss. Alle utanom dei senile og barnehageungane, ler dei.
— I NNN-foreninga har vi tått stor støtte. Vi har fått støtte trå arbeidarane på alle Polarbedrlftene. Og vi har tått masse politisk støtte, bl.a. Kvinneutvalet i DNA og frå SV.
— Alle snakkar om "Polarjentene". Kor er mannfolka?
— Det er jentene som har gått i spissen. Vi er ni-ti jenter som jobbar med dette. Dei fleste frå Polar, pluss nokre utafrå. Men det er og fire-fem mannfolk som er med. Bl.a. har vi hatt god støtte av tillitsmannen vår, Arne(?) Kristiansen. Men nokre av mannfolka har hatt det litt hardt. Når del kjem etter vegen får dei slengt etter seg; «Der kjem Polarjentene».

Kvinnekamp

Del har fått 40000 frå koimunen og inntil 250000 frå fylket. Men det er utbyggingsstyret som avgjør om jentene skal få overta og vise kva dei kan. Men der sit det ein del gubbar som ikkje har overvettes tru verken på kvinnfolk eller arbeidsfolk. Polar-jentene er ikkje i tvil om at dette er ein kvinnekamp, ein kamp mot dei som er livredde for at kvinner skal få vise at dei kan greie noko aleine. Derfor har dei og hatt eige møte med dei kvinnelige medlemmane i utbyggingsstyret.

Ein avgjørande person i saka er utbyggingssjefen i Finnmark, Ole Kristian Severinsen, eller «nedbyggingssjefen» som han blir kalt på folkemunne. Eit uttrykk som vel kan ha ein viss samanheng med at han som fylkeshelsesjef forsøkte å legge ned sjukehuset i Kirkenes, som direktør for Reinprodukter i Guovdageaidnu kjørte bedriften konkurs. Med andre ord solid bakgrunn for ein som skal bygge ut kvinnearbeidsplassar. Så har han da og synt seg svært skeptisk til Polar-jentene sine planar.

Oddvar Jensen eig i dag den einaste større arbeidsplassen l Mehamn, Nordkyn Products med omlag 100 tilsette. Han vil kjøpe opp Polar, og det blir sagt i bygda at han og er ute etter det tomme Aarsæther-bruket, sjølv om han nektar for dette. Han er styreformann i den einaste banken på staden, og i utviklings- og kompetanseselskapet i Gamvik kommune.
— Vi er i første rekke interessert i å bruke den store dampkjelen på Polar til ein fiskemjølfabrikk som brukar fiskeavfall som råstoff. Vi meiner det er plass til begge delar, og vil gjerne samarbeide. Vi har hatt møte om det, men blei ikkje enige i alle detaljer.

Polarjentene har ikkje vore avvisande til samarbeid med Oddvar Jensen. Dei er samde om at her er plass til begge. Men dei vil ikkje la han få kontrollen. Og dei «detaljane» dei ikkje kunne einas om, gikk ut på at Jensen bare ville la del få ein mindre aksjepost. — Vi er villig til å samarbeide i eit felles eigedomsselskap og så sjølvstendige driftsselskap, seier Gerd. Vi har nemlig ikkje tenkt å bruke av kvinnemidler til ein melfabrikk som skal betjenas av fem menn.
Men sjølv om Oddvar Jensen seler han er positiv til Polar-jentene, så skin skepsisen gjennom: — Det er nå litt komisk. Alle har støtta jentene, men ingen har sett eit papir på ka dei skal gjøre.
— Vi har sendt papir til dei som har med det å gjøre. Og vi har nå ikkje sett noko papir på Oddvar Jensen sine planar, svarar Gerd Nygård. — Vi veit enno ikkje om det går. Vi må få med oss politikarane, vi må få tak i pengar og vi treng meir eksperthjelp. Det er første gang i historia at kvinner i fiskeindustrien gjør noko slikt. Vi har tru på dette. Men om vi ikkje skulle få det til, så har vi i alle fall gått opp løypa, gjort det lettare for andre jenter som vil satse.


Til startsida

sveilund@online.no