Innlegg sendt Klassekampen 08.01.2020

Med Oljefondet for gullgruver?

Flott, tenker eg først, når eg ser at Klassekampen 08.01. gir halvanna side til eit innlegg med kritikk av Oljefondet. Eg ventar ein flengande kritikk av fondet som kamuflert som pensjonsfond fungerer som ein av verdas største kapitalistar og investerer i svært miljøskadelig utvinning og produksjon over heile kloden. Men så les eg vidare, og blir meir og meir skeptisk. Den einaste kritikken eg finn av investeringane til Oljefondet er at dei finansielt sett er usikre. Her er inga vurdering av praksisen til dei bedriftene Oljefondet investerer i. Til sist slepp så katta ut av sekken: «plassere brorparten av midlene i hard valuta som sølv og gull». Oljefondet burde «sett til land som Russland og Kina, som allokerer mye av sine aktiva i gull».

Debattanten Thor-Egil Eik er ikkje den einaste som har reist dette forslaget. Liknande tankar kjem bl.a. frå redaktør Helge Lurås i høgreekstreme Resett 06.11.2019. Han går også inn for at Oljefondet skal investere meir i gullgruver. Det er da ikkje langt til regjeringa heng seg på, og på tide å spørje kva slike tiltak vil kunne føre til. Verdas største gullbeholdning har USA, med over 8000 tonn. Deretter kjem Tyskland, Italia, Frankrike, Russland og Kina. Til saman har desse 6 landa omlag 23.000 tonn i gullreserver. Med dagens gullpris på omlag 50.000 $/t utgjør det litt meir enn det norske oljefondet på 10.000 mrd. NOK.

Oljefondet har altså ein verdi omtrent som dei 6 største statlige gullbeholdningane i verda. La oss seie at Oljefondet bestemmer seg for å selge alle sine aksjar for å investere 10.000 mrd. NOK i gull. Kva vil skje da? Det vil bety ein enorm auke i etterspurnaden etter gull på verdsmarknaden, og dermed gullprisen. Land som sit på gullreserver vil kunne tene godt på å selje desse til Oljefondet. Interessa for å utvinne gull vil auke, og med det presset frå gullselskap for å få sleppe til i naturområde og område brukt til andre næringar.

Gull er på verdsbasis det mineralet som gir størst investeringar i gruver. Desse gruvene tar ut 1–5 milliondelar gull. Resten blir avgang som fyllast i store dammar (som svært ofte brister med katastrofale verknadar), i innsjøar, elver eller i havet, eller bare dumpast rett ut i naturen. Avgangen inneheld gjerne svært skadelige stoff som cyanid og kvikksølv. Av verdas 10 største gullgruver er no 9 opne dagbrot. Desse gruvene gir enorme naturinngrep, både gjennom sjølve gruva og gjennom deponering av avgangen. Trulig er det ingen andre mineral som er opphav til så store skader ved utvinninga som gull. Og dette skjer utan at det eksisterer eit reelt behov. Den viktigaste drivkrafta bak gullutvinninga er investering, i gullbarrar, myntar eller smykke. Bare omlag 10% går til industrielle formål, som elektronikk. Om ikkje det var for gullet sin funksjon som investerings- og spekulasjonsobjekt, samt framvising av privat og offentlig rikdom, hadde verda vore spart for enorme naturøydeleggingar og forgiftingar.

Vi treng ein kritikk av Oljefondet, men frå stikk motsett kant. Vi treng ein kritikk både av investeringane og av bruken av overskotet. Fondet kunne vore eit monalig bidrag til å få utviklinga i verda på rett kjøl, både når det gjeld naturforvaltning og sosial rettferd. I staden har det blitt eit reint kapitalistisk foretak, som investerer i nokre av dei mest skadelige verksemdene og nokre av dei mest omsynslause konserna som verda har sett. Blant desse er gullgruver, som i Guatemala (https://www.aftenposten.no/verden/i/Gaedq/oljefondet-tjener-fett-paa-omstridt-gullgruve) Eit eksempel er gruvedammen som brast i Brasil, med katastrofale følger, og der Oljefondet hadde aksjar for fleire milliardar i begge dei store gruveselskapa bak dammen. Oljefondet dreiv lenge utan etiske hemningar, men fikk seinare etiske retningslinjer til pynt, som ikkje har vore til hinder for investeringar som den nemnde.

Oljefondet bør i staden bli brukt til investeringar i tiltak for å bevare natur, for å hindre klimaendringar, for å utjamne forskjellane på rike og fattige, for avrustning og fredsarbeid, for kultur og språkbevaring, for grøn industrireising i Noreg, for primærnæringar, spreidd busetting og kreative næringar over heile landet. Eit oljefond som i staden for å betale sine direktørar millionlønningar for å tenke som millionærar, betaler sine tilsette som vanlige arbeidsfolk så dei kan tenke som vanlige arbeidsfolk. Gullfeberen har ikkje bare nådd Noreg gjennom Oljefondet. For første gong på mange år har eit gullgruveprosjekt kome så langt som til fullført konsekvensutredning og kommunal behandling av reguleringsplan. Det skjer i Bindal i Nordland, og planen, som enno ein gong bygger på avgangsdumping i sjø, vil trulig snart komme til behandling i direktorat og departement. Vi treng no klare vedtak som seier nei til meir gullutvinning, både i Noreg og gjennom Oljefondet. Går Klassekampen foran her? Avisa si manglande interesser for gruvespørsmål gir så langt ikkje grunnlag for veldig stor optimisme.

Svein Lund
redaktør gruve.info


Til startsida

sveilund@online.no