Søknad om stilling som sjef for Oljefondet

NRK melder at stillinga som sjef for Oljefondet er ledig, og eg vil med dette melde meg som søkar. Oljefondet har no vore i drift i 30 år og har samla opp 10000 milliardar kroner. Det er ein enorm sum, som kunne vore brukt til svært mye gode formål både i Noreg og i andre land. Fondet kunne vore eit monalig bidrag til å få utviklinga i verda på rett kjøl, både når det gjeld naturforvaltning og sosial rettferd. I staden har det blitt eit reint kapitalistisk foretak, som investerer i nokre av dei mest skadelige verksemdene og nokre av dei mest omsynslause konserna som verda har sett. Eg skal ikkje ramse dei opp, det ville ta mange sider, bare nemne eitt eksempel: Ei av dei største gruvekatastrofar verda har sett skjedde i Brasil for få år sidan. Ein dam for gruveavfall brast, drepte mange menneske og øydela eit stort vassdrag og livsgrunnlaget for folket som levde der. Dette skjedde fordi dammen trass alle åtvaringar var bygd på billigaste måte, og ikkje tolte eit kraftig regnvær. Oljefondet hadde aksjar for fleire milliardar i begge dei store gruveselskapa bak denne dammen. Oljefondet dreiv lenge utan etiske hemningar, men fikk seinare etiske retningslinjer til pynt, som ikkje har vore til hinder for investeringar som den nemnde.

Oljefondet har som regel at det kan investere i alle land i verda, med eitt unnatak, Noreg. Men det kan investere i store internasjonale konsern, som så investerer i Noreg. Forstå det den som kan.

Eg søker stillinga som sjef for Oljefondet fordi eg ønsker ei endring i dette. Eg ønsker at fondet blir brukt til investeringar i tiltak for å bevare natur, ikkje for å øydelegge han, for å hindre, ikkje for å fremme klimaendringar, for å utjamne, ikkje for å auke forskjellane på rike og fattige, for avrustning og fredsarbeid, ikkje for opprustning og krig. Eg ønsker eit oljefond for vanlige folk over heile verda. Eg ønsker eit fond for kultur og språk, ikkje minst for minoritetar og urfolk som er truga av verdshegemoniet til stormakter og storkonsern. Eg ønsker eit oljefond for ei grøn industrireising i Noreg, ei omstilling frå oljeøkonomien. Eg ønsker eit oljefond som støttar opp om primærnæringar, spreidd busetting og kreative næringar over heile landet. Eg ønsker eit oljefond som i staden for å betale sine direktørar millionlønningar for å tenke som millionærar betaler sine tilsette som vanlige arbeidsfolk så dei kan tenke som vanlige arbeidsfolk.

Eg meiner eg er kvalifisert til denne jobben. Eg har budd i små og store kommunar rundt i landet og kjenner norsk næringsliv, kulturliv og natur frå mange kantar. Eg har inga utdanning i økonomi, men eg har lang røynsle frå arbeidslivet, bl.a. som mekanikar og lærar. Eg har skrive 4 bøker om gruver i Noreg og verda og blant anna sett på Oljefondet si negative rolle i denne næringa. Eg har drive organisasjonsarbeid i bl.a. fagrørsla og miljørørsla og eg vågar å seie eg har langt større forståing for korleis det bør investerast for å bidra til å rette opp den skakkjørte verda vår enn det dei økonomane har som no styrer i Oljefondet. Om eg ikkje kan alt sjølv, så har eg eit godt kontaktnett av folk som vil hjelpe meg.

Eg reknar med at jobben vil krevje bruk av internasjonale språk. Eg har kanskje ikkje verdas beste engelsk, men klarer meg rimelig bra på språket og i tillegg på samisk og polsk. I tillegg til nynorsk kan eg også skrive bokmål når det trengst.

Eg er formelt pensjonist, så eg har tilstrekkelig grunnløn frå NAV. Eg treng derfor strengt tatt ikkje ekstra løn for jobben, men kan tenke meg å motta forskjellen mellom pensjonen min og gjennomsnittlig industriarbeidarløn. Det vil seie at Oljefondet vil spare eit par millionar på å tilsette meg. Nokon vil kanskje seie eg med 68 år er for gamal, men eg er enno yngre enn verdas mektigaste mann, som også har tenkt å stille til gjenval. Eg seier med det same frå at eg ikkje har tenkt å jobbe lenger enn til eg fyller 75, men vonar i løpet av den tida å få snudd Oljefondet frå eit skadelig til ein nyttig reiskap for folk i verda og Noreg.

(Vedlagt søknaden skal følge CV med relevant utdanning og røynsle. Av denne vil eg særlig framheve:
– Fagbrev som maskinarbeidar og industrimekanikar
– Grunnfag i samisk
– Fleirkulturell pedagogikk
– LO-skolen
– Fleire verv i fagrørsla og Naturvernforbundet)

Med helsing
Svein Lund
9521 Guovdageaidnu


Til startsida

sveilund@online.no