Innlegg sendt Klassekampen 24.02.2017

Miljøfiendtlig arbeidarklasse eller arbeidarfientlig naturvern?

Under tittelen „Middelklassens pekefinger mot industriproletariatet” serverer LO-tillitsvalde Bengt G. Eriksson i Klassekampen 24.02.2017 eit generalangrep på alle som vil ta klimaproblema alvorlig og trappe ned på norsk oljeproduksjon. Men ikkje nok med det, sjølv om han breiar seg med store ord om oljearbeidararne som „industriproletariat” (verdas best betalte proletariat!) og framstiller alle miljøvernarar som middelklasse og skravleklasse, er innlegget hans i røynda nettopp eit åtak på arbeidarklassen. Korleis da? Jo, han seier at alle forslag om begrensing av oljeindustrien „uttrykker en industrifiendtlig holdning mot arbeidstakerne i petroleumsnæringen”. Med dette set han likheitsteikn mellom interessene til arbeidarane og dei bedriftene dei sel arbeidskrafta si til.

Eg har jobba i fiskeindustrien, i den største fiskeindustribedrifta som Noreg nokon gong har sett. Ho var eigd av eit av dei største internasjonale næringsmiddelkonserna. Vi som jobba der gjorde det fordi vi trengte ein jobb. Det var ein trivelig arbeidsplass og eg er glad for den tida eg fikk jobbe der. Men samtidig hadde opprettinga av denne bedrifta ført til stor sentralisering av busettinga i området, leveringsvanskar for kystflåten og favorisering av ein fiskemetode som verken var bra for ressursane, oljeforbruket eller fiskekvaliteten. Konsernet vi jobba for sto for mange høgst tvilsame handlingar, både i Noreg og i verdsmålestokk. Men om nokon kritiserte konsernet, kravde at norsk fiskeindustri skulle ha norske eigarar (som han etter lova eigentlig skulle) eller at ein må redusere trålkvotane for å gi til kystfiskarane, ville det vore „industrifiendtlig holdning mot arbeidstakerne i fiskeindustrien?”. Mange arbeidarar jobbar i næringar som produserer usunne og farlige varer, som tobakk, alkohol og våpen. Vil tiltak for redusert forbruk av alkohol og tobakk og for internasjonal nedrustning da vere åtak på industriarbeidarane i desse bransjene? Skal fagrørsla sin politikk vere å forsvare dei bedriftene kapitalistane har funne det lønsamt å investere i?

Ikkje bare Noreg, men heile verda har kjørt seg inn i eit blindspor, der råvarer som olje, gass og mineral som har tatt mange millionar år å bygge opp, blir tømt på eit par generasjonar. Dette fører samtidig til oppvarming av jorda, forureining av lufta og havet. Ansvaret for dette ligg i det kapitalistiske systemet som fremmer eit stadig aukande forbruk for at kapitalen skal gi profitt. Vi må få ei endring, ein overgang til produksjon og forbruk som er mindre belastande på den naturen som vi alle er avhengige av. Da må vi alle, anten vi er industriarbeidarar, sjukepleiarar, bankfunksjonærar eller „skravlande middelklasse” bidra, samtidig som vi sjølvsagt skal kreve at vi framleis skal vere sikra arbeid.

Verken oljearbeidarar, gruvearbeidarar eller trålfiskarar er dei skuldige dersom verksemda dei jobbar i skadar naturen. Det er eigarane sitt ansvar i lag med politikarane som tillet og fremjer miljøskadelig verksemd. Dei som derimot er medskuldige er fagforeiningsleiarar som aktivt forsvarar ein naturfiendtlig produksjon i nær allianse med kapitalkreftene.

Svein Lund
Miljøvernar og tidligare industriarbeidar


Til startsida

sveilund@online.no