Som kjent for lesarar av denne avisa lever vi i eit samfunn der investeringar og arbeidsplassar i svært stor grad varierer med kor kapitalkreftene kan tene mest pengar. Verken folkevalde organ eller fagforeiningar kan styre internasjonale konjunkturar eller tvinge private bedrifter å opprette eller oppretthalde arbeidsplassar. Sjølv om EU/EØS set avgrensingar på staten si styringsevne, kan statlige og kommunale vedtak likevel i ei viss grad påverke private investeringar, gjennom skattesystemet, krav til miljøtiltak og arbeidsvilkår og konsesjonar til drift. Staten har eit overordna ansvar for å regulere næringslivet slik at det ikkje produksjonen skadar naturmiljøet og klimaet og helsa til arbeidarar og forbrukarar av produkta.
Det er eit kjent fenomen at kapitalistar forsøker å unngå slike reguleringar. Dei har protestert mot alt frå regulering av arbeidsdagen til kvotar på fiske og oppretting av verneområde, mot forbod mot eller avgifter på utslepp av avfall til luft, jord og vatn. Eit effektivt middel for å hindre slike reguleringar er gjerne å truge med nedlegging av arbeidsplassar eller avlysing av planlagte investeringar. Alt for ofte virkar dette. Og sjansen til å påverke den offentlige styringa aukar kraftig dersom bedrifter klarer å få fagrørsla lokalt og sentralt med på krav om å gi løyve utan tyngande miljøkrav. Ved Sydvaranger Gruve klarte bedrifta først med støtte av LO å få løyve til utslepp av giftige stoff, for deretter å få den lokale fagforeininga med på å sette ned lønna for arbeidarane, begge delar grunngitt med omsynet til arbeidsplassane. Ingen av tiltaka kunne hindre eigarane å kjøre bedrifta konkurs etter å ha stukke pengane unna i Australia og Sveits. Det finst nok av andre eksempel i inn og utland til at det kunne ha fylt fleire aviser.
Arbeidsplassar har blitt argumentet som slår ut alt anna. Da Tromsø søkte OL blei det argumentert med at det ville gi 5000 permanente (!) arbeidsplassar i Tromsø. La oss seie det var sant, ville vi da virkelig ønska oss 5000 tilflyttare (+ familie) til ein by som allereie er pressområde, der mangelen på bustadar er meir påfallande enn mangelen på arbeid? Eg bur i ein kommune med 3000 innbyggarar og ganske stor arbeidsløyse. Det er klart at vi ønsker oss arbeidsplassar! Men for ein kvar pris? For få år sidan ville eit gruveselskap starte gruve og lova 100 arbeidsplassar. I beste fall i 5-10 år. Kostnaden var øydelagt natur og at andre arbeidsplassar ville forsvinne i reindrifta. Folket blei kløyvd, men eit fleirtal i kommunestyret sette til slutt foten ned. Men kor var fagrørsla? Forbundet for gruvearbeidarar støttar ein kvar ide om gruvedrift, uavhengig av verknadane for andre næringar og naturen.
Fagrørsla skal sjølvsagt arbeide for medlemmane sine interesser, for trygge lønns- og arbeidsvilkår og for arbeidsplassane. Men må ein forsvare ein kvar eksisterande arbeidsplass og seie ja til ein kvar ide om ein ny? Eller treng vi ei fagrørsle som også ser overordna mål som helse, miljø og klima? Ut frå slike mål er det arbeidsplassar som ikkje kan forsvarast i lengda. Det gjeld bl.a. forureinande olje-, kol- og mineralutvinning. I staden for å krevje at desse skal få halde fram å forureine og utvide meir og meir, må fagrørsla gå saman med miljørørsla om å kjempe for ei omlegging til reinare drift og bruk, til omlegging til meir miljøvennlige energiformer og energi- og mineralsparing. I staden for å forsvare ein kvar eksisterande eller potensiell arbeidsplass for ein kvar pris, må vi kjempe for å få nye arbeidsplassar til erstatning for dei som går tapt, gode vilkår for omstilling og opplæring og god arbeidsledigheitstrygd når det trengst i ein overgangsperiode. Heldigvis har no store delar av fagrørsla gått saman med miljørørsla, kyrkja og fleire i ein brei allianse under parola «Brems norsk oljeutvinning – 100 000 klimajobber nå!». Dei kan både LO-leiarane og Klassekampen sin redaktør ha mye å lære av. Om dei da i sin arroganse har vilje til å lære noko som helst.
Svein Lund
Tidligare LO-tillitsvald
Til startsida