Dei fem historiene som her er fortalt om gruver og gruveplanar gir samtidig eit utsnitt av mineralutvinninga i Noreg over ein periode på vel hundre år. I denne tida har nokre gruver gitt viktige tilskot både til forsyninga av nyttige mineral og metall, til arbeidsplassar og lokalsamfunn, ja til og med til nasjonaløkonomien. I andre tilfelle har det vore svært kortvarige «gruveeventyr», der inntekta har blitt langt mindre enn investeringane og der arbeidsplassane har forsvunne igjen etter få år.
Både dei nemnde og andre gruver har gitt, eller vil gi, større eller mindre varige merke i naturen, på land, i sjø eller vassdrag. Dette har gjort dei omstridde, og mange har spurt om det ein kan oppnå ved den gruvedrifta som er igang og er planlagt er verdt det som naturen og andre næringar vil tape.
Eigardelane er fri handelsvare. Kven som helst med pengar kan investere, anten dei har kunnskap om og interesse for gruvedrift, eller bare ser eit eigna middel for spekulasjon. Aksjonærane kan ha langsiktige planar om å drive gruve i 50 år og ta ut aksjeutbytte i gode tider, eller dei har ikkje lengre perspektiv enn å selje aksjane sine straks salet kan gi eit rimelig overskot, for så å vere kvitt alt ansvar når dei tar pengane med seg og investerer i noko heilt anna.
I dei aller fleste tilfella vil dei som vil sette i gang ei gruve vere avhengige av eksterne investorar. Da gjeld det å gi investorane og bankane inntrykk av at aksjane vil gi eit stort utbytte og ikkje minst at aksjekursen vil stige. Om det ligg realitetar bak er mindre viktig, bare marknadsføringa fungerer. Som den amerikanske forfattaren Mark Twain sa for over hundre år sidan: «ei gruve er eit hol i bakken med ein løgnar på toppen». Aksjekursen blir sjølvsagt påverka av malmfunn og internasjonale metallprisar. Med svært varierande prisar på jernmalm har aksjeverdien av Sydvaranger gruve variert slik at lågaste verdi til no er bare 1/200 av det han var på topp. Kursen blir og i stor grad påverka av politiske svingingar og utsiktene til å få godkjenning til å starte opp eller drive vidare på dei vilkåra gruveselskapet ønskte. Eit ekstremt eksempel her er korleis kursen på Arctic Gold har variert med positive og negative signal i lokalsamfunnet. Etter at selskapet blei notert på børsen i 2009 har aksjekursen variert mellom 19,24 SEK og 0,21 SEK.
Sjølv om dei aller fleste gruveforsøka slår feil, er det som regel investorar å finne som er villig til å satse på nye forsøk. Det verkar som å satse på gruveaksjar er som å tippe eller spele Lotto. Ein satsar med von om å vinne, mye for spenninga si skuld. Og om selskapa gjør feltundersøkingar med tilhørande miljøskadar, er det for investorane bevis for at det er noko som skjer, at investeringa deira blei brukt på riktig vis. Fare for miljøskadar er normalt ikkje noko hinder for investorane, før eventuelt ei miljøkatastrofe har skjedd eller protestane blir så store at det er fare for at selskapa ikkje får dei løyva dei treng.
Dei fire gruveselskapa, som eg tidligare har kalla for løypetråkkarane, har god støtte frå organisasjonen sin Norsk Bergindustri og frå dei dominerande kreftene i både den førre og den noverande regjeringa. I all hovudsak har gruveplanane også hatt full støtte frå respektive fylkesmenn, fylkeskommunar og forvaltningsapparatet som Direktoratet for mineralforvaltning og Klif/Miljødirektoratet. Bare i eit par tilfelle prøvde Miljøverndepartementet i stortingsperioden 2009–13 å halde litt igjen, men utan makt eller mot til å seie nei. Vi ser også at alle løypetråkkarane har hatt god tilgang på private og meir eller mindre offentlig eigde konsulentselskap som har gått god for planane deira og legitimert bedriftene sine ønske.
Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) opererer med omgrepet «mineralforekomster av nasjonal interesse». Det går over mi forstand at det skal vere av nasjonal interesse å tømme desse så raskt som råd for å gjøre det aller meste om til forureining, samtidig som både stat og lokalsamfunn som regel sit igjen med meir utgifter enn inntekter.
Skepsis og etter kvart motstand mot gruver og gruverplanar har og kome fram frå forskjellige miljø, som reindrift, fiske, oppdrett, frilufts- og miljøorganisasjonar. Lokale motstandsmiljø har klart å løfte nokre saker opp på eit høgare nivå. Høgdepunktet så langt var den felles markeringa mot sjødeponi foran Stortinget våren 2014.
I tre av dei sakene vi har sett på her kjem mineralutvinninga i konflikt med reindrift og andre samiske interesser, slik det og er tilfelle i ei rekke andre gruveplanar frå Røros-området og nordover. Det betyr ikkje at striden eintydig står mellom samar og nordmenn eller samiske organ og den norske staten. Striden har like mye gått innafor Sametinget og samiske organ, og både innafor reindrifta og Sametinget har det vore delte meiningar om i kva grad ein skal samarbeide med gruveselskapa og om det er mogleg med sameksistens.
Nylig proklamerte det største regjeringspartiet sin gruppeleiar i Finnmark fylkesting: «– Nei til sjødeponering er nei til gruvedrift.» Dette er den norske varianten av Margaret Thatchers kjente slagord TINA – There Is No Alternative. Så lenge dette er haldninga i dei dominerande politiske miljøa i Noreg, vil svaret frå motsett kant lett bli ei anna skyttargrav, der det stikk opp ei enkel parole «Nei til gruvedrift!»
Innafor mineralnæringa er det ikkje typisk norsk å vere god. Snarare tvert om. Norsk mineralnæring og mineralforvaltning har derimot mye å lære av mineralnæring og mineralforvaltning i andre land og også av andre næringar. Kanskje dei ein gong også klarer å innrømme at det kan vere noko å lære av miljøaktivistar og andre som har hevda at det må vere mogleg å drive gruvedrift utan å drive rovdrift.
Gjennom bokserien som startar med denne boka ønskjer eg å vise at det finst alternativ til skyttargravskrigen. Her hadde eg først skrive at eg vona at vi kan komme dit at begge sider kjem opp av skyttargravene, og i overført meining gjøre det same som vi bør gjøre konkret med restane etter tidligare gruvedrift i Noreg – reinske opp, spa igjen og revegetere. Det ville krevje ei vilje til kritisk gjennomgang av det som er gjort, vilje til å tenke nytt og vilje til å lære av andre. 17.04.2015 punkterte regjeringa illusjonen om at det er mogleg å oppnå dette på kort sikt. Med å velsigne planane om å finmale Engebøfjellet og fylle det i fjorden har den norske regjeringa erklært at ho har tenkt dei tankane ho har tenkt å tenke, og at det er i skyttergrava ho hører til.
Eg vonar at denne boka kan vere eit lite bidrag til å utvikle ei mineralnæring i Noreg som set langt mindre skadelige spor i naturen på land og sjø. Dei siste hendingane viser at det ikkje kjem av seg sjølv.