Artikkel i Klassekampen nr. 29 - 1975 (Litt språklig korrigert)

Svein Lund ("Arbeiderkorrespondent, Kautokeino")

"Samisk" sølvsmie i Kautokeino: Politisk oppseiing slått tilbake

Eit dansk-tysk ektepar med namnet Regine og Frank Juhls eig ei sølvsmie i Kautokeino, som reklamerer med "sølv i samisk tradisjon". Ikkje berre er dette tjuveri av den samiske kulturen, og rein kulturimperiallime -Juhls likar ikkje kampviljuge og fagorganiserte som tilsette. Ein av arbeidarane fekk oppseiing på eit slikt grunnlag - men etter press måtte eigaren trekkje denne tilbake.

KLASSEKAMPEN har hatt ein prat med han som blei sagt opp, Filip, og med tillitskvinna, Helle, for at dei skulle fortelle litt om korleis det er å arbeide i kulturimperialismens høgborg i Sameland.

FIKK SPARKEN PÅ GRUNN AV FAGFOREININGSARBEID

Filip: - Ein av grunnane til at at eg fekk sparken var at eg tre gonger hadde komi for seint på jobben. Men det er tydeleg at det som ligg bak er at eg har jobba aktivt i fagforeininga og gjennom lærlingearbeid i YLI for å bedre arbeidsforholda våre. Og det tålte ikkje leiinga. Dei seier rett nok at dei ikkje har noko imot fagforeininga, men det må vere så lenge vi held kjeft og ikkje gjør noko som helst.

Helle: - Det var først i vinter at vi starta opp med fagforeiningsarbeid. Tidligare hadde aldri nokon vore organisert her. Vi hadde hatt nokre allmøte med alle arbeidarane og bedriftsleiinga, men det blei bare prat. Vi såg at vi trong ein eigen organisasjon. Så da organiserte fleirtalet av arbeidarane i verkstaden seg i Gullsmedarbeidarforbundet (NGAF).

"ARBEID GRATIS ELLER SLUTT!"

Filip: - Ein av grunnane til at vi organiserte oss var at vi var lei av å måtte gjøre ei mengde gratisarbeid. Vi har akkord sånn at vi bare får betalt for direkte produksjon, men så har vi og vore nøydd til å gjøre mye anna arbeid som vi ikkje blir betalt for, så som vask av verkstaden og oppussing av smykker.

Helle: - Leiinga sa at om vi ikkje ville gjøre gratisarbeid, kunne vi bare slutte. Men vi ga oss ikkje så lett og stilte krav om betaling for vaskinga. Dette måtte dei gå med på etter at forbundet hadde støtta kravet vårt. Men så var det at leiinga gjekk til motoffensiv for å splitte arbeidarane opp mot kvarandre. Dei svarte med å sette dei fagorganiserte på fast arbeidstid. Gjekk vi ikkje med på dette, kunne vi berre slutte. Dei uorganiserte blei pressa til å skrive under på eit brev med hets mot dei organiserte. Skreiv dei ikkje under, ville dei sjølve bli sett på fast arbeidstid.

Helle: - Vi blei tvinga til det, men klaga til LO, fordi vi meinte det ikkje kunne vere lov å gjøre forskjell på organiserte og uorganiserte på denne måten. Så nå er saka til behandling der, - men du veit, i sekretariatet, der forhastar dei seg ikkje.

Filip: - Det blei meir og meir klårt for oss at Juhls ville ha dei organiserte ut av bedriften. Når arbeidstida kom var det bare å vente på at ein av oss skulle komme for seint på jobb, så hadde dei det påskotet dei venta på. Og det verkar nå rart at dei i alle år har latt oss komme og gå når vi ville, men så har det plutselig blitt uråd å ha meg i arbeid når eg har forsovi meg nokre få gongar. Så vi tok det opp med forbundet vårt og fekk svar frå LO's juridiske kontor at om dei ikkje trakk oppseiinga tilbake, ville det bli rettssak og den ville eg vinne. Da måtte dei gi seg og dagen før oppseiingstida var ute trakk dei henne tilbake.

Helle:- Vi er jo glade for at vi har vunne denne kampen, men enno har vi mange problem. Bedriftsleiinga sitt utkjør mot dei organiserte har ført til ei alvorlig splitting av arbeidarane i mellom. Noen av dei uorganiserte har blitt med i hetsen mot oss, mens andre støttar oss - men tør ikkje organisere seg. Nar ein tenker på det - er det ikkje for gale no etter at LO har eksistert i over 75 år, så må vi fortsatt kjempe for organisasjonsretten!

Tjuveri av samekulturen - eller: "Vi kom til ei villmark utan kultur"

For dei tusenvis av turistar som kvart år invaderer Kautokeino er sølvsmia til Frank og Regine Juhls blitt ein av dei største turistattraksjonane. Ein reklamerer omtrent heile verda rundt med "Sølv i samisk tradisjon" og her selgast smykker og anna med gamle samiske motiv for atskillige tusen om året.

Men kva slags grunnlag har denne sølvsmia i samisk tradisjon? Det er ikkje stort. Ho er eigd av eit dansk/tysk ektepar og omtrent halvparten av dei som arbeidar der er utlendingar. Bare ein same arbeider i produksjonen. I staden for å skaffe bygda arbeidsplassar, har Juhls snarare hindra samane her i å arbeide med samisk sølv, fordi dei med sitt store reklameapparat lett utkonkurrerrer andre. Juhls har og vore lite villig til å ta inn folk frå distriktet i lære. I eit tilfelle blei ein same som søkte jobb avvist, fordi ho "bare skulle spionere for Instituttet" (Nordisk Samisk Institutt i Kautokeino).

Dette kan ikkje kallast anna enn regelrett tjuveri av samekulturen og mange samar har sjølvsagt reagert sterkt på dette. Juhls er da også i høgaste grad mislikt i bygda. Dette gjør at dei som arbeider der også blir isolert i forhold til folket i Kautokeino.

Men la oss no sjå korleis Frank og Regine Juhls ser på seg sjølve. Dei blei presenterte i Scanorama (SAS-blad) i fjor under tittelen "Art in the wilderness", dvs. "kunst i villmarka". La oss ta eit lite sitat, fritt oversatt: "I 1959 kom vi til ei villmark der det ikkje fantest kultur og i dag har vi klart å skape ein kulturell oase i villmarka, på enden av verda".

Skulle det vere naudsynt å seie meir?


Til startsida

sveilund@online.no