Artikkel i Klassekampen 01.03.1988

Svein Lund:

- Send protestane til LO!

- Vi reknar med ein del uro og protestar frå lokalt hold, seier forbundsleiar i NNN, Einar Hysvær. - Men da ber vi dei sende protestane direkte til LO, gjerne med gjenpart til oss.

Hysvær var ein av dei fire i LO-sekretariatet som søndag gikk mot å tilrå forhandlingsresultatet.
- Eg og NNN har frå start til slutt gått mot eit slikt opplegg som vi no har fått. Vi kan ikkje godta ei ekskludering av den lokale forhandlingsretten, som er noko av det mest verdifulle vi far i fagrørsla. Vi ønska forbundsvise oppgjør, og vi synes ramma på 5 prosent er alt for stram. Vi syntes ikkje om vedtaket i LOs representantskap, men resultatet er enno verre. For no er ein kvar lokal forhandlingsrett fjerna, det hjelper ikkje om ein kan vise til målbar produktivitet.

- Korleis kjem NNN sine medlemmar ut, er det mange som får noko av disse lågtlønnstillegga?
- Det er 100 av medlemmane våre som får eit tillegg på 75 øre. Det gjeld to flatbrødfabrikkar. Alle andre får bare ei krone. Eg er spesielt lei for at vi ikkje fikk gjort noko for fiskeindustrien. No er det tross alt ein ting å glede seg over, pensjonsreformen, men vi har ofra altfor mye for han.


Til hovudsida.

sveilund@online.no