Artikkel i tidskriftet Rødt! nr. 1 – 2014

På naturen eller gruvekapitalen si side?

Med den auka interessa for mineralutvinning i Norden dei siste åra, har det også utvikla seg ein kamp om kva retning mineralutvinninga skal ta og kva krav som skal stillast til denne.

På eine sida står gruveselskapa med organisasjonen Norsk Bergindustri. Her står Nærings- og Handelsdepartementet både under den førre og denne regjeringa, i lag med det aller meste av forvaltningsapparatet både for mineral og for miljø. Dei ønsker at mineralnæringa skal bli vår "nye oljenæring" og at næringa skal få slike vilkår at dei kan konkurrere med Zambia og Chile om å trekke investeringskapital hit.

På andre sida står dei som ser at naturen på land og i sjøen og naturbaserte næringar er truga av inngrep og forureining frå gruvedrift. Her står naturvernorganisasjonar i lag med samiske organisasjonar, reindrifta, fiskeri- og tildels oppdrettsnæringa, med lokale protestaksjonar som har oppstått fleire stadar ettersom lokalbefolkninga har sett verknadar av dagens gruvedrift eller kva ny drift vil føre til.

Kva side i kampen?

Denne kampen pågår no for fullt. Det burde ha vore ei sjølvsagt sak at venstresida her valde side for naturen og mot ei gruvedrift på dei vilkåra som staten no legg opp til. Dessverre er det ikkje så enkelt. SV har lokalt gode aktivistar mot gruveplanar, mens ein sentralt har vike unna og latt vere å bruke makta i Miljøverndepartementet mens ein hadde henne, samtidig som SU har vedtatt å seie ja til sjødeponi! Dei tre innlegga i Rødt! nr. 4A fortel oss at stoda i Raudt ikkje er betre. Dei tre debattantane, som alle er tillitsvalde i Raudt, har hamna på kvar si side. Elin Volder Rutle har tatt standpunkt for naturen, mens Per Gunnar Skotåm og Ottar Flatland har tatt gruvekapitalen si side. Noko anna kan ein ikkje kalle det å forsvare minerallova, mineralstrategien og utslepp av gruveavfall i naturen på land og sjø.

Sameretten

Nylig blei den planlagte gullgruva til Arctic Gold i Biedjovággi stansa. Det var kommunestyret som sto for det, i medhald av Plan- og bygningslova. Ingen samiske institusjonar hadde myndigheit til å gjøre eit slikt vedtak. Sametinget og reindrifta sine innseiingar mot koppargruve i Kvalsund er i ferd med å bli totalt overkjørt. I Sverige ser vi korleis gruveselskapa et seg inn i samiske område utan at samane har noko dei skal ha sagt. Likevel hevdar Skotåm: "I Norge og på Nordkalotten er også avgjørende beslutningsmyndighet fra de samiske institusjoner en faktor for store områder". Samtidig held han fram å forsvare ei minerallov som Sametinget har sagt nei til og ein mineralstrategi som går ut på at samiske innvendingar skal overkjørast.

Ikkje eit nei til gruvedrift

Både Skotåm og Flatland framstiller det som eg og likesinna seier nei til all gruvedrift. Det gjør vi ikkje. Eg var liksom Skotåm engasjert i kampen mot nedleggingane av gruver på 1990-talet, bl.a. i Sydvaranger, og eg deler synet at det var galt å legge ned Norsk Jernverk. Ettertida har vist kor galt det var å bare legge ned straks det byrja å komme raude tal i rekneskapen, i staden for å redusere produksjonen for ei tid mens ein la om til meir miljøvennlig drift når etterspørselen og prisane ville stige igjen. Da såg vi nettopp den kortsiktige tenkinga som pregar gruvenæringa. Kapitalen strømmer til når prisane stig, for så å forsvinne som dogg for sola straks prisen går ned igjen.

Skotåm spør retorisk "Hvordan og hvor mener han metallene til norske forbruksvarer skal produseres?" Korleis desse metalla bør produserast kan ein seie litt om: Først og fremst bør behovet for mineral reduserast ved at forbruksvarer produserast slik at dei varar lenger (i motsetning til i dag der dei planmessig produserast for å gå i stykker så produsenten kan selge meir). Deretter bør metalla i størst mogleg grad utvinnast gjennom gjenvinning. I den grad det er nødvendig med ny metallutvinning, bør ein stille dei krava eg set opp i slutten av dette innlegget. Kor dei skal produserast? Metalla er svært ujamnt fordelte i verda, og geologien nyttar det lite å diskutere med. Allereie i bronsealderen importerte Norden tinn frå England, fordi dette metallet var det minimalt av hos oss. Tilsvarande har metallproduksjonen i Noreg i stor grad vore basert på eksport. Å gjøre Noreg sjølvberga med metall for "norske forbruksvarer" er enno meir urealistisk enn å gjøre oss sjølvberga med appelsinar og dadlar.

Norsk Bergindustri argumenterer her heilt på linje med Skotåm for at vi må starte gruver fordi norske forbrukarar treng metall. Men det er ikkje forbrukarane sitt behov som styrer dagens mineralleiting. Store delar av mineralleitinga dei siste par tiåra har vore etter gull og diamantar, varer som ingen andre enn spekulantar har behov for meir av. Når bergindustrien og styresmaktene seier nei til leiting etter unyttige mineral, da kan vi starte diskusjonen om dei nyttige, og korleis vi på forsvarlig vis kan ta ut ein rimelig del av dei ressursane vi har av metall som jern, koppar og sink.

Forslag til krav til gruvedrift

Striden står ikkje om ja eller nei til gruvedrift, men om kva krav ein må stille til gruvedrifta for å kunne støtte igangsetting av nye gruver. Eg vil her lansere eit forslag i 8 punkt:
1. Det er eit reelt behov for dei minerala som blir leita etter.
2. Vi kan utnytte mesteparten av det som blir tatt ut av berget.
3. Det er sannsynlig at gruva kan gi langsiktig drift med økonomisk overskot eller i balanse.
4. Gruva må ikkje fortrenge eller ødelegge grunnlaget for eksisterande næringar.
5. Gruva må ikkje føre til varig vesentlig svekking av naturen i området.
6. Lovverket må sikre at naturen og naturbaserte næringar blir minst mogleg ramma av gruvedrift, og at gruveavfall blir minimert.
7. Det offentlige godkjennings- og kontrollapparatet må sjå det som si oppgåve å ta vare på natur og biologisk mangfald, og sørge for at lovane blir overheldt og ikkje uthola.
8. Gruveselskapa må betale avgifter som sikrar lokalsamfunn og regionar ein garantert inntekt.

Så vil eg utfordre debattantane å svare på om dei er samde i desse krava eller kva krav dei evt. meiner at vi bør avstå frå å stille.

Svein Lund
frilansskribent og leiar for Naturvernforbundet i Ávjovárri.


Til startsida

sveilund@online.no