Artikkel i tidskriftet Rødt! nr. 4 – 2013

Med Raudt for gruvekapitalen?

Mineralnæringa skal igjen bli eit av dei store satsingsområda i Noreg. Grunnlaget for denne satsinga er minerallova av 2009, og krona på verket: mineralstrategien av 2013. Det er derfor på høg tid når tidsskriftet Rødt! i nummer 3–2013 viar to artiklar til utviklinga av mineralnæringa.

Artiklane er skrive av Per-Gunnar Skotåm, som er presentert som kommunestyremedlem for Raudt. Når han i tillegg har vore medlem av sentralstyret i Raudt, må det vere grunn til å spørre om det er Raudt sin politikk som kjem til uttrykk her.

Etisk riktig å drive gruvedrift?

Skotåm sin hovudbodskap er at det trengs gruvedrift i Noreg, og at det til og med er "et etisk riktig standpunkt" å gå inn for norsk bergindustri. Målet er å reindustrialisere Noreg, og bygge opp igjen industriarbeidarklassa. Ut frå dette målet blir hovudmotsetninga i gruvespørsmålet om ein skal ha gruver eller ikkje. Han polemiserer mot "en tiltagende strømning på den revolusjonære venstresida som har fjernet seg fra sin tilknytning til produksjonen og hvor man gjerne vil ha industrisamfunnets produkter, men ikke vil ha produksjonen".

Kven er så desse som ikkje vil ha produksjon? Kor og når har dei hevda dette? Det seier han ingen ting om. Dette blir derfor i beste fall eit skot i lufta, i verste fall må det oppfattast som eit fordekt åtak på dei som verkelig har engasjert seg mot konkrete gruveprosjekt som no er på gang. Det er knapt nokon som går mot alle gruver, men det er mange som går mot gruver som forureinar og som gjør det umogleg å halde fram med reindrift, utmarksnæringar, kystfiske og turisme. Dette er ikkje ein teknologifiendtlig kamp, det er på eine sida ein forsvarskamp for det vi har igjen av inngrepsfri natur, og på andre sida ein kamp om kven som skal ha profitten frå gruvenæringa.

Sjølv om Skotåm har visse kritiske merknadar og meiner at lokalsamfunna bør få større del av kaka, fungerer artiklane hans som støtte til mineralnæringa, minerallova og til statens mineralstrategi.

God minerallov?

Om minerallova skriv Skotåm: "Både loven og forskriften er etter mitt syn gode". Dette er ikkje ein glipp, for lenger nede gjentar han: "Sjøl mener jeg loven er god og juridisk sett sikrer de hensyn som må tas."

Kva slags minerallov er det så han støttar opp om? Jo, det er ei lov som bygger på prinsippa frå den tyske bergverkslovgivinga tilbake til 1500-talet, om at alle kan leite, og den som finn noko skal få lov å drive det ut. Det er ei lov på gruveselskapa sine premiss, ikkje ei lov for "demokratisk og bærekraftig mineralutvinning" slik landsstyret i Raudt har kravd. Eit par sitat frå lova illustrerer dette:

§13 Den som vil sikre seg rett til å undersøke forekomster av statens mineraler, må søke Direktoratet for mineralforvaltning om undersøkelsesrett. Undersøkelsesrett kan bare nektes dersom søkeren tidligere har brutt vesentlige bestemmelser gitt i eller i medhold av denne lov. §29 Utvinningsrett skal gis når søkeren sannsynliggjør at det i undersøkelsesområdet finnes en forekomst av statens mineraler med en slik rikholdighet, størrelse og beskaffenhet at den kan antas å være drivverdig, eller å bli drivverdig innen rimelig tid.

Skotåm nemner ikkje motstanden som har vore mot minerallova, som at Sametinget avviste lova, fordi ho ikkje tok omsyn til samiske interesser, og fordi samane ikkje ville få del av inntekta.

Attraktivt for gruvekapitalen

Skotåm nemner så vidt regjeringa sin mineralstrategi, Han fortel ikkje kva denne går ut på, men gjør eit nummer av at regjeringa vurderer ei lovendring om samiske omsyn utafor Finnmark. Som om det var dette som er målet med mineralstrategien. Da er regjeringa klarere på dette, når ein opnar slik: "Regjeringen ønsker at Norge skal være et attraktivt land å drive mineralvirksomhet i. Dette er bakgrunnen for at vi nå legger frem en strategi for mineralnæringen".

Naturvernforbundet sitt regionstyre for Nord-Noreg kommenterte dette slik:
"Hva er det så som kan gjøre det mer lønnsomt å investere i Norge enn i kobbergruver i Chile eller jerngruver i Australia? Det som er attraktivt for gruveselskapa er om:
1. Staten legger til rette med å betale for leiting, infrastruktur samt gir lån og tilskudd.
2. Miljøkrava er små.
3. "Forutsigbarhet i planprosessen: Lokalsamfunna får ikke stille hindringer i veien for drifta.
4. Skatter og avgifter er små.
På dette markedet er det altså at Giske nå ønsker å konkurrere. Mineralstrategien viser at han er godt igang."

Usynlig miljøkamp

Eit hovudpunkt i regjeringa sin mineralstrategi er at finmalt giftig gruveavgang skal kunne spylast ut i næraste fjord. I verdsmålestokk er Noreg aleine om å tillate sjødeponi på grunnare vatn enn 400 meter, og Noreg er det einaste landet som for tida planlegg nye sjødeponi. I tre av dei fire gruvene eller gruveplanane som det har vore strid om i dei siste åra står det om sjødeponi, eller rettare sjødumping, ettersom ein knapt kan kalle det deponi når det blir "deponert" på eit vis som gjør det umogleg å ta det tilbake. Dette er trulig den største planlagte forureininga i norsk historie. Protestane har kome frå naturvernorganisasjonar, fiskarlag, jeger- og fiskarforeiningar, samiske organisasjonar, reindriftsnæringa og forskjellige lokale grupper og aksjonar i nærmiljøet til gruvene. I Finnmark er det danna ein eigen fellesaksjon mot forgifting frå gruver.

Denne kampen eksisterer ikkje i Skotåm sitt gruveprosjekt. Han nemner såvidt at Kautokeino kommune gikk mot gruvedrift i Biedjovággi, men elles er det ikkje eit ord om motstandskampen som no pågår fleire stadar i Noreg. Giftutslipp og varige sår i landskapet er ikkje tema for forfattaren, heller ikkje at prinsippet "Forureinar betaler" ikkje gjeld for gruveindustrien. Kvifor? Ser han ikkje eller vil han ikkje sjå?

Miljøorganisasjonar har gong på gong understreka at dei ikkje er mot gruvedrift. Men denne må drivast ut frå eit langsiktig perspektiv, i eit forsvarlig tempo skal vi ta ut mineral som vi treng (ikkje f.eks. gull som ikkje trengst til noko fornuftig formål), på ein måte som gjør at naturen får minst mogleg sår og ikkje blir forgifta. Dette er det stikk motsette av det gruvekapitalen ønsker seg. Dei vil ha rett å leite og utvinne overalt, ta ut verdiane så fort som råd, men minst mogleg miljøkrav. Minerallova og mineralstrategien står på deira side. Der står dessverre også Per-Gunnar Skotåm. Dersom Raudt går for synet hans, bør partiet skifte namn, og heller ta namn av fargane på gruveavrenninga.

Kva med Sulitjelma?

Per-Gunnar Skotåm arbeida i gruva i Sulitjelma til nedlegginga i 1991. I dag har Nye Sulitjelma Gruver levert planprogram for gjenoppstart, og dette skal i løpet av hausten opp i Fauske kommunestyre, der Skotåm er medlem. I planen står det i klartekst at det sterkt forureina vatnet som gruvegangane no er fyllt med skal pumpast ureina ut i Langvatnet og at 10-15 millionar tonn giftig avfall skal dumpast i Langvatnet. Derifrå vil avrenninga gå ut elva og ut i fjorden. Dette står det ingen ting om i Skotåm sin artikkel, bare at han i Fauske kommune har fått til eit vedtak om at kommunen skal ha sin del av kaka frå gruveinntektene. Bare vi får pengar, så skit i naturen! Dersom gruva i Sulitjelma får starte opp igjen etter noverande planar, vil det vere eit av Noregs største miljøbrotsverk, uansett kva grunngiving dei forskjellige partia måtte ha for å støtte det.

Flust med faktafeil

Eg har i dette innlegget lagt vekt på politikken i Skotåm sine artiklar, men vil til sist nemne at artikkelane også har ganske flust med faktafeil i. Her er nokre eksempel:

– Han omtalar feilaktig stål som eit basemetall.
– Når han skildrar metallreserver i Europa vest for Ural overser han dei to landa i Europa som har mest mineralutvinning; Ukraina og Polen.
– Når han hevdar at det er "fornyet interesse for ... Tverrfjellet i Kvalsund", må han blande saman at Folldal Verk har hatt gruver på Tverrfjellet på Dovre (Oppland) og på Ulveryggen i Kvalsund (Finnmark).

Eg må seie at eg er forferda over at redaksjonen i Raudt har vald å prente desse artiklane og vone at dei framover vil sjå det som sitt ansvar å gi lesarane meir pålitelig lesing om norsk mineralnæring enn dette.

Svein Lund
frilansskribent og leiar for Naturvernforbundet i Ávjovárri.


Til startsida

sveilund@online.no