Av SVEIN LUND, HAMMERFEST
Av omsyn til fagrørsla si framtid håper eg at medlemmane fortsetter å protestere, sa Nord-Norgessekretær i NNN, Per Alf Andersen i si l. mai-tale i Hammerfest.
Det var l år bare eit tog i Hammerfest, etter at representantskapet i Samorg valgte parolar og talar mot lønnsloven. Omlag 190 gikk i toget, men det i fjor var omlag 150 i Samorg og 50 i Faglig 1.mai-front. Toget var sterkt prega av motstand mot regjeringa sin økonomiske politikk og av krav om stopp i rovfisket.
Sjølv om talaren er medlem av DNA spara han ikkje på kruttet, og omtala bl.a. lønnsloven som ein arbeidarfiendtlig lov.
— Konsekvensane av denne politikken er at det dei nå sparar inn i lønningar kan bedriitene utbetale i auka aksjeutbytte.
— Det er synd at vi glømmer så lett. Det er ikkje mange åra sidan arbeidarrørsla opplevde sterke rystelsar i samband med spørsmålet om medlemskap i EF. Da var det og ein elite av toppleiarar i parti og fagrørsle som meinte dei visste best ka som var til gavn for medlemmane. Det er egentlig det samme som gjentar seg i samband med årets tariffoppgjør.
— Det er bare velvilje frå alle hold når politikarane drøftar situasjonen for Finnmark. Men i samme åndedrett vedtar ein ein lov som slår fast at arbeidarane i den største industrien i fylket ikkje skal ha samme lønnsvem som i anna industri. Dette er politikk og poiiuKararpaaeiversie, sa Andersen, og blei avbrote av kraftig applaus. Applaus fikk han og for kravet om at det må bli slutt på at bukken passar havresekken i fiskeria og Naturvernforbundet må få plass i reguleringsrådet, og for denne: — Det luktar det 3. riket når Fremskrittspartiet forsøker å bruke Innvandrarar frå den 3. verda som årsak til del eldre sine problem. Eg kunne vere frista til å synge med Otto Nilsen: »He's dead, but he won't lie down».
NNN markerte seg sterkt, med at appellen blei holdt av leiar for NNN i Hammerfest, Grete Andreassen.
— Sjølve eksistensgrunnlaget vårt er truga. Kjernespørsmålet i dag er å verne fiskeressursane mot rovdrift, sa ho. — Vi må stoppe jenteflukten gjennom å sat se på kvinner i fiskerinæringa, og beholde og utvikle del tilbod kvinner har. Da må vi kjempe motnedskjæringar i offentlige tilbod, slik som planane om nedlegging av i den einaste gynekologiske avdelinga i Finnmark.
Til startsida