Artikkel i Klassekampen, 26.02.1988

Gøthe går mot statsbedrifter

• Statlig industri er ikkje liv laga i Norge.
• Svensk industri har 300 000 tilsette i Brasil. Norge må gjøre noko liknande.
• Det er ingen forsk jell på industripolitikken til A- og B-regjeringar.

Av SVEIN LUND

Dette var nokre av synspunkta Odd Gøthe la fram da Tiden Norsk Forlag i dag presenterte memoarboka hans på ein pressekonferanse i Oslo. Gøthe er kanskje den mektigaste mann i etterkrigstidas norske industripolitikk, og han spela ei sentral rolle i Finans- og Industridepartementet frå 1952 til 1986. «Gøthe-utvalet» er eit begrep som har dukka opp i mange saker der statsbedrifter har vore under vurdering, og nedlegging eller kraftig nedskjæring har gjerne vore resultatet.

— Hans ståsted er embetsmannens, sa representanten for forlaget. Og det kom tydelig fram at dei lever i si verd, og der er arbeidarklassen heilt fråverande. Ordet arbeidsplassar blei knapt nemnt i den to timar lange presentasjonen av etterkrigstidas industripolitikk. Derimot kom det fram sterke ambisjonar på vegne av norsk imperialisme. Volvoavtalen kunne blitt starten til ei internasjonalisering av heile norsk industri, og Gøthe beklaga at denne fall i fisk. Det som manglar i Norge er store konsern og internasjonale handelsselskap som kan bygge opp «brohoder ute». Boka har fått namnet «Ærlig talt! — Om industriskandaler, statsråder og annet», og her kjem da og fram ein del avsløringar. Som at Kings Bay-ulukka kanskje kunne vore unngått om regjeringsdelegasjonen som skulle inspisere gruvene ikkje hadde vore så interessert i isbjørnjakt at dei knapt hadde tid å sjå på gruva.

Som at det i 1973 blei forhandla om eit gigantisk russisk-amerikansk gassprosjekt, bemanna med amerikanske ingeniørar og plassert i Murmansk eller Kirkenes. På pressekonferansen veik Gøthe unna å svare konkret på spørsmål om framtida til Norsk Jernverk, ettersom saka var under utreiing. Men synet hans på norsk jernindustri skulle komme fram av at han heller ikkje ville svare på spørsmålet om Jernverket i det heile skulle vore reist.

I boka si seier Gøthe at statsminister Torp ikkje var sa nøye på om han laug litt. — Gjaldt det og andre sentrale politikarar?, ville ein journalist vite. — Eg vågar ikkje komme inn på det spørsmålet, svara Gøthe.

Klassekampen kjem tilbake med omtale av boka.


Til startsida

sveilund@online.no