Svein Lund:
Klassekampen krev at forbundsleiinga skal bryte Hovedavtalen og Arbeidstvistloven og gå ut med full støtte til streiken. Ja, for det må vel vere det som er alternativet? Kva ville det føre til? Jo, NNN ville bli dømd til erstatningsansvar, og NAF ville med Hovudavtalen i handa kunne kreve forbundsleiinga avsett. Ville det tjene medlemmene i NNN? Dette er eit problem som tillitsmenn både lokalt og sentralt kjem opp i gong på gong. Hittil har det vore slik at tillitsmenn har kunna trekke seg mens streiken varte. Dette kunne aldri forbundsleiinga, sjølvsagt. Dermed hadde dei bare eitt å gjøre, i ord å ta avstand fra streiken. Når Svein Fjellheim, forbundsstyremedlem i NNN seier at han personlig ikkje ville hatt problem med å gi åpen støtte, men at Hovudavtalen forbyr han i det, balanserer han akkurat på kanten av det ein tillitsmann kan seie, slik lovar og avtalar er.
Det Klassekampen i staden skulle gjøre, var å rette skytset mot Hovudavtalen og Arbeidstvistloven, og mot dei som har vedtatt slike lovar og avtalar. Nå har representantskapet i LO godkjent ein ny Hovudavtale over hovudet på alle andre LO-organiserte. Det skal ikkje lenger vere høve for tillitsmenn til å trekke seg under ein ulovlig streik. Slikt må de slå mot, ikkje tillitsvalde som ser seg nøydd å følge det.
For nokre år sidan var det ein streik der streikekomiteen nekta å uttale seg til Klassekampen etter at avisa skreiv noko slikt som: «Dei streikande trassar arbeidsretten og forbundsleiinga.» Leiinga i dette forbundet hadde sagt til dei streikande at dei støtta dei, men at dei på grunn av Hovudavtalen var nøydd til å seie offentlig at dei tok avstand. Dette respekterte dei streikande, men ikkje Klassekampen. Klassekampen ser visst fagrørsla i svart/kvitt: Grunnplanet er bra, alle forbundsleiingar er pill råtne og betalt av kapitalistene. Nokre års røynsle i faglig arbeid har lært meg at det ikkje er så enkelt verken biletet av grunplanet eller forbundsleiingane.
Når de kritiserer, så gjør det konkret: Kva kunne NNN-leiinga ha gjort l Norway Foods-streiken? Eg utfordrar redaksjonen til å komme med eit konkrett svar.
NNN-tillitsmann
Til startsida