Debattinnlegg i Finnmark Dagblad, 29.11.1982

Fiskearbeidere og lavstatusen

Som Findus-arbeidar har eg med stor interesse lest intervjuet med direktør Helliesen i FD 20/11, og avisa sin leiar 13/11. Helliesen og FD sitt hovudpoeng er at fiskeindustrien ikkje er lågstatusarbeide, og at dei som trur det er folk som ikkje kjenner situasjonen.

Mitt syn er at fiskeindustriarbeidarane har grunn til å vere stolte over jobben sin, for, ved sia av fiskarane, legg dei meir enn nokon andre grunnlaget for at det kan bu folk langs Finnmarkskysten. Likevel ser svært mange fiskeindustriarbeidarar på arbeidet sitt som noko dei tar når dei får ikkje noko anna. Dette er eit faktum som vi bør ta alvorlig, og spørre kvifor det er slik.

STOR GJENNOMTREKK

Kvifor har Findus ein gjennomtrekk av arbeidarar på over 40 % i året, og blant kvinnene i produksjonen langt høgare enn det? Ho- vudproblemet kan ikkje vere fordomane til dei som aldri har jobba i fiskeindustrien, når vi veit at talet på dei som har vore innom Findus sidan starten og slutta før pensjonsalderen er fleire ganger større enn innbyggartalet i Hammerfest.

Kvifor sluttar så dei fleste produksjonsarbeidarar etter kort tid? (For det er produksjonsarbeidarar som har stor gjennomtrekk, ikkje for eksempel verksted og kontor.) Dette kallar på ei vitskapleg undersøking, men eg vil tillate meg å komme med nokre saker som må virke inn:

Trass i at Findus på mange område er langt bedre enn størstedelen av fiskeindustrien, står følgandc igjen:
- Arbeidet i produksjonen er einsidig, og dette fører saman med høgt akkordtempo til slitasjesjukdommar.
- Det fins ingen fagstatus, ingen opplæring utover dei første dagane, ingen utfordringar i jobben utanom å følge tempoet.
- Mange har fortsatt inntrykk av at dei og arbeidet deira ikkje blir verdsatt på grunn av den nedlatande haldninga mange sjefar har.

Her burde bedriftsleiinga gå litt i seg sjøl.
Kvifor tviheld dei på akkord eller bonussystem i staden for fast- lønn?
Kvifor gikk dei mot ønske frå verneombod og tillitsmenn om å få fast tilsett fysioterapeut ved bedriften?

Helliesen seier at Findus gjerne vil ha fleire folk frå byen. Kvifor blir da folk som er busatt i byen, og har praksis fra fiskeindustri, nekta jobb? Det er nok ikkje Helliesen som har tatt avgjerda, men slikt har skjedd meir enn ein gong.

FAGOPPLÆRING

FD foreslår at «man i et samarbeid mellom arbeidsgivere i næringen og NNN tok opp spørsmålet (dvs. fagarbeiderstatus) til seriøs drøfting». Utmerka, men eg må få seie vel- kommen etter.
6 dagar får denne avisa kom ut, var det ein større konferanse i Vardø om dette emne, der bl.a. repre- sentantar frå arbeidsgivarane og NNN deltok. Konferansen har vore omtalt i NRK-Finnmark og i Finnmarken.
Problemet med å få fagopplæring er manglande interesse hos styresmaktene. Ei innstilling om fagopplæring har ligge tre år i ei skuff utan at noko er gjort, I overenskomsten for fiskeindustrien er det forøvrig slått fast at fagarbeidartillegg skal innarbeidas i lønnssystemet, så snart slik ordning er utarbeida.

Når det gjeld fagopplæring er det forøvrig grunn til å stille spør- reteikn ved Findus si halding. Fleire arbeidarar som har bedt om permisjon for å gå Statens fagskole for fiskeindustri har blitt nekta dette.

Det er bra at FD tar opp forholda på Findus, men avisa bør gjerne få fleire til å uttale seg enn direktør og klubbformann. Forholda på den største arbeidsplassen i Vest- Finnmark er absolutt verd større interesse fra fylkets største avis.

Til sist vil eg streke under at dette er skreve av meg som privatperson og ingenting anna.

Svein Lund
Findusarbeidar


Til startsida

sveilund@online.no