Svein Lund:
Fram til 11. mars vil det vere total lønnsstopp. Da vil midlertidig lov om inntekt- og utbyttestopp bli avløst av den nye inntektsreguleringsloven som skal hindre at nokon får meir enn resultatet av LO/NAF-oppgjøret.
Den midlertidige loven skal sikre at ingen grupper forsøker å unndra seg de forpliktelser LOs medlemmer har påtatt seg, sa statsminister Gro Harlem Brundtland på regjeringas pressekonferanse i går. Men kva som konkret ligg i dette, nekta ho å svare på Vil det bli 5 prosent eller 1 krone som er ramma? For offentlig tilsette gjr dette ganske stor forskjell. Vil det vere opning for tillegg utover 5 prosent ved målbar produktivitetsauke? Svaret på alle slike spørsmål var: - Vent til 11. mars, så skal vi svare.
Liv Nilsson i Kommuneforbundet seier at det er høve til å ta ut 5 prosent i det offentlige og. Det har ho knapt grunnlag for i det som kjem frå regjeringa. I mange andre forbund i offentlig sektor blir det derimot oppfatta slik at taket blir på 1 krone.
Det som derimot er sikkert er at det ikkje blir nokon prisstopp. Det seier Forbruker- og Administrasjonsdepartementet klart i ei pressemelding igår. I staden vil ein "forsterke innsatsen på de omrader som allerede er prisregulert eller spesielt overvåket". Men det skal skje utan å auke bemanninga i pristilsynet. Så kan einkvar tenke seg kor effektivt det blir.
Dei fire store fagrørslene utafor LO (AF,YS,NSF,NL) hadde igår fellesmøte for å diskutere konsekvensane av LO/NAF-avtalen og regjeringas forslag om lønnslov.
Dei blei der samde om ei samla brev til Stortinget. Der tar dei avstand frå at LO/NAF/regjeringa har sørga for at det ikkje lenger er
forhandlingsrett i Norge.
Yrkesorganisasjonenes sentralforbund vedtok på sentralstyremøte i går å tilrå medlemsorganisasjonane å førebu politisk streik mot det innhaldet som
er signalisert i regjeringas forslag til inntektsreguleringslov. Tilrådinga har alt fått støtte frå Norsk Hjelpepleierforbund, som og vurderer å oppfordre
medlemmane til å slavisk følge Arbeidsmiljøloven. Hjelpepleiarforbundet karakteriserer dette som eit reint maktovergrep frå LO og regjeringa.
- Vi er 400000 som er fratatt forhandlingsretten. Dette er eit klart brot på grunnleggande demokratiske prinsipp i norsk arbeidsliv, seier Anne
Karin Brokhaug, leiar i Norsk Sykepleierforbund, til Klassekampen.
- I brevet til Stortinget ber vi om at lønnsloven får ei formulering om at organisasjonane utafor LO kan forhandle på fritt grunnlag innafor dei
rammene som Stortinget bestemmer. Slik regjeringa no legg det opp, vil vi ikkje ha sjans til meir enn den eine krona. Det betyr at offentlig sektor vil
bli liggande 1.5 prosent etter privat sektor, og få reell nedgang i kjøpekraft.
Kva NSF vil gjøre vidare, kan ho ikkje svare på da noko beslutningsdyktig organ ikkje har vore samla dei siste dagane. Men forhandlingsutvalet har møte i dag.
Oljearbeidernes Fellessammenslutning vurderer og politiske protestaksjonar mot lønnsdiktatet frå LO og regjeringa, og ønsker å samordne dette med dei andre organisasjonane. OFS ser det som ille at ein arbeidstakarorganisasjon på grunn av si partipolitiske binding aktivt går inn for at arbeidstakarane skal betale for ein feilslått politikk.