Debattinnlegg i Finnmark Dagblad, 26.04.1980

Fagrørsla i Hammerfest og 1. mai 1980

God dag, mann — økseskaft ser ut til å ha blitt eit valspråk for NKP i Hammerfest. For når Johan B. Hansen skriv svar på innlegget mitt om Samorg. og l. mai, så er det økseskaft-svar så godt som bare Kåre Wahl har greid før han.

Poenget i kritikken min var at ein ikkje ville ha med hovudparoler mot oljeboring og Sovjets invasjon i Afghanistan. Kritikken retta eg i første rekke mot dei som er enige i ei eller begge disse parolene, men som gikk mot dei som hovudparoler. Meiner Johan B. Hansen at einskapen med oljeboringsforkjemparane i DNA er vikligare enn kampen mot oljeboring i 1980? Det svarte han ikkje på.

• Johan B. Hansen serverer den fantastiske påstanden at maoistar i Afghanistan har blitt brukt som politispionar og angivarar. Kor har han dette frå? Og kven har så disse «maoisiane» spionert for? Dette skulle ha skjedd under Amin, som Sovjet støtta med vå- penhjelp heilt til dei styrta han, Var Amin maoist?

Og om nå dette mot all sunn fornuft skulle vere tilfelle, korleis kan det brukas som argument for ikkje å kunne gå i same toget som AKP i Norge?? Eg er ikkje i tvil om at det rundt i heile verda fins titusener, ja, trulig hundretusener av angivarar og spionar som er medlemmer av eit parti som NKP har svært så godt forhold til. Likevel kan eg faktisk tenke meg å stå saman med medlemmer av NKP i f.eks. fagforeningsarbeid og kamp mot oljeboring, ja til og med gå i tog saman med dei på l. mai dersom dette skjer på eit grunnlag som arbeidarklassen i Norge og resten av verda er tjent med. Kven det er som prinsipielt er mot samarbeid og for splitting er ikkje vanskelig å sjå.

Johan B. Hansen sier: «... jeg forstår ikke hvorfor Svein Lund er så bekymret over at de han prøver å bekjempe skal bli «tannløse». Det er kanskje best han lar fagbevegelsen i Hammerfest få ta seg av sitt eget tannproblem».

Kven er så fagrørsla? Som organisert i NNN har eg faktisk tillatt meg å rekne meg med her, saman med omlag 700.000 andre. Og i fagrørsla bør vi ha plass til forskjellige syn, sånn at ein ikkje blir stempla for å «bekjempe fagbevegelsen» sjølv om ein kan vere usamd med Samorg.-formannen i ein del ting.

SAMORG.-TOGET 1980

Når ein skal ta standpunkt til eit l. mai-tog, må ein gjøre det ut ifrå den politikken som kjem fram der. Etter at hovudparolene var vedtatt og andre forslag avvist var eg ganske skeptisk til korleis dette toget skulle bli. Men etter at resten av parolene nå er vedtatt ser eg atskillig meir positivt på det. I toget kjem nå bl.a.:
— Forsvar den lokale for- handlingsretten
— Bevar arbeidsplassene i fiske- industrien
—Minstelønn 30kr. pr. time
— Støtt kampen mot borestart i 1980
— Sovjet ut av Afghanistan

Sjølv om ikkje eg synes alt det andre er like bra, er hovudretninga til toget klart: Det rettar seg mot regjeringa og NAF sin politikk, for arbeidarklassen sine interesser. Og ikkje minst: Toget går mot det viktigaste angrepet på verdsfreden på mange år: Sovjet sin invasjon i Afghanistan.

Korleis DNA og NKP i Hammerfest vil greie å svelge dette får bli deira problem. Men om ikke fordøyelsesproblema deira skulle bli alt for store så treffas vi vel i Samorg.-toget på l. mai.

Svein Lund


Til startsida

sveilund@online.no