Svein Lund:
- Dette må opplagt få konsekvensar for folks respekt for stortingsvedtak, seier Finn Grønseth, formann i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO).
Dette uttaler han etter at sosialminister Tove Strand Gerhardsen erklærte om trygdeoppgjøret på kveldsnytt onsdag at regjeringa ikkje treng å følge Stortingets vedtak.
Stortinget vedtok i 1966 eit regelverk for pensjonsreguleringar der det bl.a. blir sagt at grunnbeløpet i folketrygda skal reguleras ut i frå- konsumprisindeksen. Men i årevis har pensjonane blitt hengande etter, og det brukar nå sosialministeren som argument for at dei ikkje er bunde av regelverket. Med andre ord: Nå har vi brote stortingsvedtaka så lenge at det må vi få fortsette med.
- Vi er heilt avhengig av dette regelverket, seier Grønseth. Vi har ingen maktmiddel, ingen produksjon vi kan stoppe. Derfor blir heller ikkje trygdeoppgjøret noko stor sak i media. Men det er faktisk det største av alle oppgjøra. Det er 800 000 mennesker som får lønna si avgjort her.
Hovudkravet til FFO var auke i folketrygdas grunnbeløp med 5400 kroner. Dei to andre som forhandla for pensjonistane, LO og Pensjonistforbundet, krevde bare 2 600 kroner. Regjeringa sitt tilbod var 600 kroner, og det måtte bli brot.
- Måten regjeringa behandla oss på er heilt uakseptabel for organisasjonane, seier Grønseth. Det var eit råkjør. Vi fikk presentere krava våre på morgonen, og så skulle forhandlingane vere ferdig til kvelden. Vi blir ikkje tatt alvorlig, trygdeoppgjøret blir brukt til saldering av statsbudsjettet. Regjeringa har visst heilt glømt at dei gikk til val på bedring av pensjonistane sine kår.
- Men minstepensjonane aukar med over 5 prosent?
- Minstepensjonistane får noko meir enn dei med tilleggspensjon. Men nå må du hugse på at det er snakk om folk som lever på under 50 000 i årsinntekt. Ingen kan leve av prosenter.
- Staten sitt tilbod er alt for dårlig, seier Hanna Kvanmo, SV.
- Eg vil inderlig håpe at Stortinget nå tar seg såman og rettar opp den uretten som er begått mot pensjonistar og trygda gjennom mange år.
SV har enno ikkje avgjort kor mye dei vil foreslå til pensjonistane.