Artikkel i Klassekampen, 17.07.1986

På andre sida av bordet

Ein treng ikkje leite lenge etter folk som har åla seg fram i tillitsmannsapparatet — for så å ende opp på den andre sida av bordet. På Havøysund Fiskarsamvirke (HA-FI) heiter produksjonssjefen Harald Johansen. Han starta opp karrieren som filetskjærar på samme plassen.

Av SVEIN LUND

Etter at Harald Johansen hadde jobba som filetskjærar i mange år, blei han etter kvart hovudtillitsvald. Det blir sagt at han fekk gjennom mange betringar for arbeidarane. Så kjent var han blitt for dyktig tillitsmannsarbeid at då dåverande Nord-Norgessekretær Einar Hysvær blei vald til formann i NNN i 1977, blei Harald Johansen vald til ny Nord-Norgessekretær. Og frå denne tida blei han godt kjent for å kunne hamle opp med plagsomme venstreekstremistar og sette dei kraftig på plass.

Oppkjøp

Og kor var det så meir naturlig å gå for ein mann med erfaring i å hamle opp med fagrørsla — enn rett over til fienden? Harald Johansen blei tilsett som produksjonssjef i Finotro i Honningsvåg, der han seinare fikk tittel som disponent.

I Finnmark Dagblad 23. april 1980 var det eit langt intervju med han i samband med overgangen. Der sto det halvkveda viser om at «enkelte rykter har svirret rundt denne 'overgangen'. Rykter som Harald Johnsen i dette intervjuet vil avkrefte, i hvert fall de fleste av dem». Kva for rykter som hadde gått fekk ikkje lesarene vite.

— Denne jobben vil ikke virke inn på min Innstilling til de problemene NNN-medlemmene har, seier han til avisa.

Evig krangel

Og i ein forstand kunne han jo ha rett. For Harald Johnsen heldt fram med å skape problem for NNN, nå for sine tidlegare fagforeiningskameratar i Honningsvåg.

— Det begynte med ein gong han kom, seier tillitsvalde og andre arbeidarar ved Finotro. — Han skulle styre alt etter si pipe, og prøvde stadig å få sparka folk han ikkje likte. Det var ein evig krangel, og nå er vi glad over å være kvitt han!

På gamle tomter

Fra januar i år er Harald Johnsen tilbake på HA—FI i Havøysund. Denne gongen ikkje som filetskjærar, men som produksjonssjef. Men ikkje alle er like glade for gjensynet med den gamle arbeidskameraten som forlot dei for ni år sidan. På dette halvåret har han slett ikkje logge på latsida, men klart å stelle istand atskillige konfliktår.

Han har gått i spissen for at permitteringar ikkje skal gå etter ansiennitet, men etter «faglig dyktighet», noko som vel i praksis betyr etter kven sjefen likar best. Halve arbeidsstokken på kaia gikk permittert mens dei andre gikk nesten døgnet rundt. Han har forsøkt å få gjennom eit ulovlig arbeidsreglement som blei stoppa av NNN sin Nord—Norgessekretær — forøvrig Harald Johansen sin etterfølgar! Johansen har også nekta å snakke med leiaren for NNN i Havøysund og har nekta å forhandle om ho var tilstades.


Til startsida

sveilund@online.no