Artikkel i Klassekampen nr. 30-1975

Svein Lund:

NEDLEGGING AV GRUVE I LANDETS FATTIGASTE KOMMUNE

Biddjovagge gruver ligg på Finnmarksvidda, ved Kautokeino. 115 mann har arbeidd i koppargruvene, som tidligare var eigd av Bleikvassli gruver. A/B Syd Varanger i Kirkenes, et kjempekonsern med stor profitt, eig no gruvene. Sydvaranger har lagt ned gruvene - det lønner seg ikkje for dei.

Biddjovagge har gått med underskot heile tida. Årsakene til det er mykje tekniske vanskar i produksjonen, og feil frå leiinga si side. Attpå til har kopparprisane gått nedover i fleire år. I år har det kome eit katastrofalt fall i prisane på verdsmarknaden og dette har ført til økonomiske vanskar for land som er avhengige av kopparproduksjon. I mars-april i år fekk arbeidarane på Biddjovagge melding frå bedriftsleiinga om at stoda var dårleg, men det blei ikkje nemnd noko konkret om fare for produksjonsstans. Så seint som i juni var dei ute etter å få nye arbeidarar. Men brått kjem avisene med store oppslag om "fare for nedlegging av Biddjovagge», og arbeidarane i gruva veit ikkje kva dei skal tru. Midt i juni blir «de tilsette kalla saman til møte og leiinga kunngjør at produksjonen skal stanse til kopparprisane betrar seg. Altså - på ubestemt tid. Formelt får ingen sparken.

A/S Sydvaranger har kjøpt opp Biddjovagge gruver, og arbeidarane er difor tilsette i Sydvaranger. Dei får tilbod om arbeid i Kirkenes, men dit er det 70 mil og det er vel langt, sjølv for ein som er vand med å pendle. På toppen av alt - dei som må pendle har ingen garanti for å bli tatt inn i Biddjovagge når produksjonen kjem i gang att.

Så kan ein spørre: Måtte Biddjovagge stanse? Dersom eit kjempekonsern som A/S Sydvaranger hadde tatt aldri så lite omsyn til arbeidsplassane, kunne del unngått det. Pengane finst i Kirkenes.

Arbeidarkorrespondent, Kautokeino.

Biletet: Prøveboring etter koppar på Biddjovagge.


Til startsida

sveilund@online.no