Svein Lund:
Sjukepleiarane ved sjukehus og andre fylkeskommunale institusjonar i Finnmark får likevel beholde lønna si, i alle fall ut 1988.
Det var i førre veka at både personalstyret og helse- og sosialstyret i Finnmark gikk inn for å fjerne det tillegget som sjukepleiarane fikk l.oktober 1986. For å bøte på den store sjukepleiarmangelen i Finnmark fikk da alle sjukepleiarar starte på lønnstrinn 20, som ellers er topplønn, og dei med full ansiennitet fikk
lønnstrinn 21. Dette har ført til at tilgangen på sjukepleiarar i Finnmark har blitt mye bedre. Det skulle vere eit midlertidig tiltak som måtte fornyas nå, men alle hadde trudd det ville skje.
Reaksjonane var derfor sterke blant sjukepleiarane som nå ville gå ned opptil 21000 i årslønn. I løpet av ei
veke varsla omlag 100 at dei ville seie opp. «Det er bare fint om dei seier opp, så blir det lettare å rasjonalisere», var kommentaren til fylkesordførar Erling Fløtten (A). Men fylkesutvalet fann likevel at det var ikkje så enkelt å drive helsevesen om bortimot halvparten av sjukepleiarane forsvant. Og på møte tirsdag vedtok dei å forlenge ordninga ut året.
Det er fylkeskommunen sin dårlige økonomi som er årsaka til dette forsøket og andre desperate sparetiltak. Helse- og sosialutvalget har tidligare gått inn for ei nedskjæring på 25 millionar, med oppseiing av 200 helsetilsette. Fylkesråd Sylvi Enevold (A) blei da spurt av NRK-Finnmark om dei virkelig kunne gjøre dette, og ho sjokkerte lyttarane med å svare at som ansvarlige politikarar så var det klart dei gjorde det om dei måtte.
Nå blei ikkje resultatet fullt så ille. Fylkesutvalet vedtok å spare inn 25.4 millionar til saman, av dette 15 millionar på helsevesenet. Innsparingane skal skje bl.a. ved samanslåing av avdelingar, reduksjon i talet på senger, samt kraftig auke i husleige og kantineprisar. Det snakkas og om innføring av reklame.
I fjor og dei tre første månadane i år hadde Finnmark fylkeskommune ein skattesvikt på 23 millionar i forhold til det ein hadde rekna med på førehand.