12. oktober 2020

Eit 29-års jubileum til ettertanke – Om næringsutvikling på vidvanke.

I løpet av eit ganske langt liv samlar det seg opp ein del papir. Ikkje minst for dei av oss som er glade i å både lese og skrive og engasjerer oss i små og store spørsmål i samfunnet. Og tidsskriftkassettar, bokhyller og pappeskar er eigna til å samle det mest utrulig. Inntil all plassen er sprengt, og ein byrjar å tenke på om nokon kanskje kan ha interesse av noko av dette. Nokre lass er allereie kjørt til næraste arkiv, bibliotek og natursenter, men framleis er det langt igjen til botnen. Så kom det nokre ledige stunder, der eg går laus på den eine kassetten etter den andre og sorterer det som er eigna å fyre i omnen med frå det eg inntil vidare skal spare på og kanskje spørje om nokon vil overta.

I dag kom eg over eit par papir frå hendingar som no ligg 29 år tilbake. Likevel syns eg dei fortel så mye at dei er verd å nemne i dag. Har du nokon gong hørt om "PTD-etablerere"? Da eg no fann dette igjen, sto det skrive som om dette PTD var ei forkorting det var sjølvsagt at alle kjente, noko på nivå med EU og NAV. Eg vrei hovudet, men kom ikkje på det før eg guggla det fram: "Privat tjenesteyting i distriktene". Ideen og pengane kom visst frå Kommunaldepartementet, og tanken var å plukke ut nokre "næringsfattige" kommunar, dit eit visst antall personar kunne få offentlige tilskot for å flytte, om dei bare hadde eit etableringsprosjekt. Dei fikk 200.000 kroner for å flytte seg sjølv og arbeidsplassen sin til den utvalde kommunen, samtidig som dei la fram planar for korleis dei skulle utvikle prosjektet vidare til stor lokal sysselsetting. Denne summen tilsvarar vel det tredoble i dag, med andre ord ei ganske stor gulrot.

Ein av dei kommunane som blei velsigna med dette var nettopp Guovdageaidnu, eller Kautokeino, som det enno sto i alle offentlige papir. Under slagordet "Kautokeino - eventyrlige muligheter" skulle dei konstruktive etablerarane trekkast til bygda på Finnmarksvidda. Eg hadde da sjølv eit par år tidligare også flytta hit, rett nok utan statstilskot, men med ein fast lærarjobb i sikte. Frå denne hadde eg så hatt permisjon i halvtanna år for å prøve å kvalifisere meg for jobben språklig og pedagogisk, og da eg ved årsskiftet 1990/91 kom tilbake, var arbeidet med å rekruttere desse etablerarane allereie i gang. Ut på våren fikk vi alle i postkassa "Informasjon til alle som er bosatt i Kautokeino kommune." Overskrifta var "Rekrutteringskampanjen har svart til forventningene", og vi kunne lese ein presentasjon av dei 8 utvalde, med informasjon om kva dei skulle etablere eller flytte hit. I ettertid er det ei interessant lesing. Ein rask gjennomgang viser:
– 7 menn, 1 kvinne
– Dei skulle flytte frå Oslo (2), Fredrikstad (2), Øyer, Stockholm, Brønnøysund og Tromsø.
– Så vidt eg kan sjå hadde ingen av dei noko tilknyting til samisk språk, kultur eller næringar, det hadde også i svært liten grad dei bedriftene dei skulle skape.
– Bedriftene var innafor data, regnskap, TV-produksjon, teletorg, foto og reiselivskonsulent.

Det blei så varsla at på hausten skulle det komme eit informasjonsmøte der etablerarane fikk presentere seg. Da kjem vi til neste dokumentet i kassetten min: 01.10.1991 igjen ein invitasjon "til alle som er bosatt i Kautokeino kommune." Denne gongen skal det vere møte om ei rekke tema rundt omstilling, næringsplan osv., særlig knytta til at det nettopp da var blitt driftsstans ved Bidjovagge Gruber. Og dei 7 etablerarane som no var på plass (ein hadde visst allereie falt av lasset) skulle personlig få informere. Brevet var skrive fint på datamaskin med store og små fontar og feit skrift og alle kunstens reglar. På norsk. På baksida var det samisk tekst. Men denne var prega av enkel skrift med alle bokstavar like store og langt mindre proft. For den som kjenner litt til samisk datahistorie, er forklaringa nærliggande. Det var i 1991 enno ikkje utvikla dataprogram for å skrive i Word med samiske bokstavar, så det måtte gjørast enten på IBM sin kulehodeskrivemaskin eller med den enklaste skrifta på data i WordPerfect. Resultatet blei omtrent det same.

Det tredje papiret eg fann var 10 sider handskrive notat frå møtet om Næringsutvikling 10.10.1991. Til dette hadde eg stifta papir som vi fikk utlevert på møte, med fakta om dei 7 og prenta presentasjon frå eit par av dei.

Kommunen sin presentasjon ga eit skremmande bilde av ein kommune i krise. Næringssjefen forventa at brutto ledigheit snart ville stige til 40%. Ikkje nok med at 100 blei ledige i Bidjovagge, men heile 300 skulle omstillast ut av reindrifta. PTD-prosjektet skulle her komme inn, og bl.a. tilføre marknadskontaktar som andre lokale bedrifter ville ha nytte av. (Forstå det den som kan.)

Så fikk vi presentasjonane. Dei varierte frå slanketelefon og horoskop til meir jordnære som produktutvikling av lokale utmarksprodukt og knivfabrikk. Det var russlandshandel og skinnvarer til skoindustri. Ein skulle til og med sørge for samisk språk på Mac-datamaskinar.

Så blei det opna for debatt. Både frå mine eigne notat og det siste dokumentet, avisreferatet frå møtet i Altaposten dagen etter, går det fram at dei største innvendingane kom frå Marit Sara Eira (Máhte Máret). Ho spurte kva desse etablerarane var til nytte for. Kor mange frå bygda, kor mange frå Biedjovággi og reindrifta fikk nytte av desse pengane? Ingen! Ho kritiserte også at kommunen oppmoda ungdom til å reise ut og ta utdanning, men ingen snakka om dei skolane vi har i bygda. Johan Mathis Klemetsen (Siebe Johan Máhtte) hadde også ordet, og viste til dei 7 "vise" som var kome, men kva med dei mange som ikkje har utdanning og også treng arbeid?

Næringskontoret var meir optimistisk og meinte etablerarane skulle skape arbeidsplassar i samarbeid med vidaregåande skole. Frå kommunen blei det sagt klart frå at dette var departementet sitt opplegg, som kommunen ikkje kunne påverke. Det einaste kommunen kunne gjøre var å seie ja eller nei, og da hadde ein vald å seie ja. Av Altaposten si skildring av møtet går det fram at eg også hadde ordet, og i følge journalisten "klarte å terge på seg svært mange av møtedeltakerne", da eg forsøkte å komme med nokre innvendingar mot denne satsinga. Om eg ikkje hugsar feil tillot eg meg å kalle dette for eit fornorskingstiltak, med å bevisst importere folk utan samisk kompetanse og tilknytning, og gi dei etablerarstøtte for å etablere arbeidsplassar som lokale folk like godt kunne ha oppretta. Med den forskjellen at dei lokale ikkje kunne få tilsvarande støtte. Fordi dei allereie budde her.

Kva skjedde så med dei 7 etablerarane? Dei skaffa seg vel leiligheit og kontor i Guovdageaidnu, men ein stor del av dei flytta aldri hit på alvor. Og det var ikkje gått mange åra før dei alle var sporlaus borte. Eg hugsar at i eit par år var det folk i bygda som var lønna for å gjøre meir eller mindre suspekte telefontenester, men andre arbeidsplassar såg vi lite til. Frå mekaniske fag på vidaregåande skole forsøkte vi faktisk å få til eit samarbeid med tanke på den nemnde knivfabrikken, men sidan vi måtte jobbe gratis, og konsulenten så godt som aldri var i bygda, så koka det bort. I pengar var det vel kanskje staten som tapte mest, men engasjementet til kommunen kosta også, og resultatet var minimalt. Utanom for dei lokale som hadde tenkt å etablere seg på same områda som innflyttarane fikk betalt for å starte opp. Dei måtte finne seg andre idear, eller flytte bort. Om nettoen var over eller under null kan i høgaste grad diskuterast. Men om nokon gjorde ei evaluering og oppsummering av eksperimentet? Tvilar eg på, i såfall er ho godt skjult. Men 29 år er jo lenge sidan, dette kunne vel ikkje ha skjedd i vår tid? Ja, det er nokre år, men dette skjedde etterat fornorskingspolitikken var offisielt avskaffa, etterat Sametinget var danna og det var innskrive i Grunnlova at det påla Statens myndigheter å legge til rette for bevaring og utvikling av samisk språk, kultur og samfunnsliv. Det skjedde ikkje i tida med statlig kolonisering av samiske område, da det også blei gitt tilskot til å etablere seg i samiske bruksområde.

Men nu er alt så meget bedre, som ein kjent politikar brukte å seie. Eller er det det? Dei siste 5 åra har eg sjølv vore engasjert i eit prosjekt for lokal næringsutvikling. Etter nokre få tusenlappar til forprosjekt, har det ikkje vore mogleg å få ut eit øre av verken kommune, fylke, direktorat, departement eller Innovasjon Norge til å bygge opp eit lokalt natursenter, bygd på samisk språk, kultur og naturkunnskap. Vi kan bare drømme om å få ei oppstartløyving i den klassen som i 1991 blei gitt for å flytte ein slanketelefon hit frå Brønnøysund eller eit bruktbilforum frå Fredrikstad.

Kor ligg logikken bak dette? No skal eg ikkje skrive meir, det kan du gjette på sjølv. Hadde vi hatt pengar igjen i kassa skulle vi belønna gode svar. Men om du lurar på kva vi driv nesten utan pengar, kan du gå inn på meahcci.info. Og om du syns det er verd å støtte, så har vi konto 1254.62.91144, Vipps 545709. Med denne farta kjem eg visst ikkje gjennom papirhaugen i år. Men eg er no spent på kva som blir det neste eg finn.