Artikkel i Klassekampen, 03.05.1990

Av SVEIN LUND, TROMSØ

1500 i 1. maitog i Tromsø

Omlag 1500 slutta opp om 1. mai toget i Tromsø, som var arrangert av Samorg i lag med DNA, SV og RV. Oppslutninga var omtrent som ifjor, da det for første gong på mange år var bare eitt tog i byen.

Toget var sterkt prega av venstresida, her var få paroler som DNA og LO-ledelsen kunne ta til inntekt for seg. Fiskerikrisa prega mange av parolene, og det var ein skog av plakatar med «Nei til EF», i tillegg til at dette også var ei av hovedparolene.
Ei lokal sak som hadde stor oppslutning, var kravet om å beholde Nordlys nordnorsk, det vil seie kamp mot at avisa skal tvingast inn i A-pressekonsernet. Elles var det ein ganske stor seksjon av homofile og ein ungdomsseksjon med mellom anna anarkistflagg og Shellflagg med dødningehode på.

Talarar var, Marie Louise Widnes, stortingsrepresentant for SV og LO-sekretæren Per Gunnar Olsen.
Widnes sin tale var eit flengjande oppgjer med regjeringa sin politikk på dei fleste område. I starten slakta hun Syses svik mot Litauen:
- Å gape opp så kjevane går av hengslane når det gjeld å love støtte og hjelp til dei små baltiske statene sitt sjølvstende og så ikkje ha så godt som ei fjert å gje bort når det verkeleg gjeld, er ikkje egna til å skape tillit til norske politikarer korkje i inn eller utland.
Det gjer godt i Nord-Norge i dag å få ein 1. mai talar frå Møre som ser lengre enn nasen rekk, som forsvarer nordnorsk fiskerinæring mot trålarane frå Møre, og som hudflettar dei partia som har ein politikk i nord og ein annan på Møre.
«Kommunismens» samanbrot i Aust-Europa vendte ho til eit opppgjer med kapitalismen her heime, eit oppgjer der sosialdemokratiet og klassesamarbeidet óg fekk sitt:
- Eg spør meg sjølv om enno fagrørsla heldt på å verte oppslukt av den generelle blålege farge som er symptomet på høgresyndromet. I fiskarlaga sit kapital og menig fiskar i lag ved bordet. I bedriftsstyret sit direktør og arbeidarar og samarbeidar. Denne harmoniseringa ser ut til å ha berre ein verknad, nemleg at den mørkeblå fargen smittar over.
- Så bråkar ein litt og skriv litt i avisspaltene, lager litt storm i eit vassglas, men i store drag godtek ein at vi i Noreg er blitt så fattige at vi ikkje kan ofre ein øre meir enn det den borgarlege regjeringa vil, korkje til utarma fiskarar eller arbeidslause ungdomsflokkar og ein godtek at vi strammar lykkja rundt offentleg sektor og i staden slepp det private initiativet laus for å løyse dei påtrengjenda problema som viser seg i kjølvatnet av kappinga om profitten.
Ansvarligheita i fagrørsla omtala ho slik:
- Vi er danna folk som streikar berre når vi får lov og som er så ansvarlege at vi ikkje nyttar anna enn tøflar og silkehanskar, ein stor del av arbeidarrørsla er blitt medjattarar til det partitoppane tenker ut for dei.

Og deretter fekk vi eit eksempel på akkurat det ho gjekk til åtak på; LO-sekretær Per Gunnar Olsen si tale var akkurat så grå og ansvarleg som berre ein LO-sekretær kan gjere det. Han forsvarte alle dei siste lønsoppgjera og skraut av fagrørsla sin innsats for å betre landet sin konkurranseevne, og snakka sjølvsagt stikk i mot paroler i toget som gjekk mot moderasjonspolitikken. Slik virka talen hans som ein god illustrasjon på det den første talaren hadde sagt.
Å øydeleggje dagen klarte han ikkje.


Til hovudsida.

sveilund@online.no