Debattinnlegg i Klassekampen, 09.11.2000

Svein Lund:

Eit forsvar for ein «uforenelig allianse»

I fleire innlegg i Klassekampen har først Bjarke Friborg og seinare Werner Hauge gått til åtak på det politiske grunnlaget i Nei til EU. Dei hevdar at «den brede alliansen må gjenspeile totalt uforenelige mål; både ja og nei til Nato, både ja og nei til forsvar av velferd, både ja og nei til sosialisme og så videre». Hauge trekker av dette Konklusjonen at «I en situasjon hvor Frp har styrket sin tilslutning, er det ikke behov for "ei sterkt og anti-rasisiisk Nei til EU og ikke en 'sosialistisk pol' innenfor en borgerlig Nei til EU-bevegelse. Det er behov for en virkelig anti-kapitalistisk og anti-imperialistisk bevegelse. Da slipper man å nekte å dele ut løpesedler til forsvar for den bestående orden.»

Sidan dette sto på trykk har eg kvar dag venta på at det skal komme ein reaksjon. Men når han ikkje kjem, blir det visst eg som må seie ifrå. For kva er det som står her? Jo, at vi ikkje treng Nei til EU i den forma vi har hatt, som har som mål å femne om heile den anti-rasistiske EU-motstanden. Når vi no går inn i ein ny EU-kamp skal vi heller skape ein «virkelig anti-kapitalistisk og anti-imperialistisk bevegelse». Kven skal denne så bestå av? I beste fall ser eg for meg ei samling av RV NKP, IS, SU og halve SV Med andre ord ein stad rundt fem prosent av veljarane i landet. Og korleis skal ein nå dit? Det finst to vegar: Den eine er å forsøke å kuppe Nei til EU og drive gjennom vedtak som gjør at Nato-tilhengarar og ikkje-sosialistar melder seg ut. Den andre er sjølv å bryte ut og overlate Nei til EU til dei borgarlege. Resultatet vil vere det same: Ja-siger i neste folkerøysting.
Eg er samd med både Friborg og Hauge i ein ting: Det er naudsynt å styrke anti-kapitalistisk og anti-imperialistisk organisering og argumentasjon. Men vi må kunne ha to tankar i hovudet på ein gong. Begge folkerøystingingane vi hår hatt om EU, hår dreidd seg om eitt spørsmål: «Bør Noreg bli medlem av den Europeiske Union?» Det vil og truleg den folkerøystinga vi må vente å få innan få år.
Når NTEU argumenterte med at Noreg var medlem av Nato anten vi blei med i EU eller ikkje, var det et viktig svar til ja-folka som ville skremme Nato-tilhengarar til å røyste ja til EU. Det var faktisk tilfelle anten vi likar Nato eller ikkje. Dei som nekta å dele ut disse løpesetlane oppførte seg derfor like sekterisk som dei to nemnde debattantane. Om venstresida innafor Nei til EU skulle slutte opp om Hauge sitt syn, vil det vere ei gavepakke til ja-sida.


Til hovudsida.

sveilund@online.no