USA og EU har utarbeida lister over såkalla terroristar og såkalla terrororganisasjonar. Med det har dei gjort det kriminelt og straffbart å støtte desse f.eks. gjennom pengeinnsamling.
Hadde vi hatt slike lovar på 1970-talet, ville det trulig vore forbode å samle inn pengar til dei som kjempa mot USA sin krig i Vietnam og mot apartheidsystemet i Sør-Afrika.
Den førre norske regjeringa la seg her heilt flat for dette og aksepterte at USA og EU sine terrorlister også skulle gjelde i Noreg. Noverande regjering har heldigvis trukke dette tilbake, slik at støtte til slike frigjøringsrørsler i dag ikkje er straffbart i Noreg.
I vårt naboland Danmark, som sa ja til EU da vi sa nei i 1972, gjeld desse listene derimot for fullt, og det er der satt igang ein aksjon, "Oprør" som rettar seg mot terrorlistene. Denne har samla inn pengar til nokre av dei forbodne organisasjonane og no forsøker danske styresmakter å hindre Oprør å spreie appellen sin over internett.
Dei oppfordrar alle som har eigne nettsider til å spreie denne vidare, og det gjør eg gjerne. Her er appellen
på dansk,
på engelsk og
på spansk,
Eg vonar at imperialismen sine lange fangarmar enno ikkje strekk seg så langt at det er mogleg å stoppe offentliggjøringa av desse frå Noreg.
Med helsing
Svein Lund
Fundamentalistisk EU-motstandar
Til startsida