Debattinnlegg i Klassekampen 26.07.2007

Skoltesamar og EU i Klassekampen

Etter at eg og andre har kritisert og klaga og masa på at Klassekampen har hatt lite stoff nordfrå og særlig om samiske spørsmål, er det ein glede å sjå at dette har betra seg kraftig den siste tida. Vi har fått fleire større reportasjeseriar om både samisk litteratur og Finnmarkslov og no sist 18.07. ei tresiders reportasje frå grenseområda i Sør-Varanger, skreve av pseudonymet Herman Willis.

        Det er denne reportasjen som eg gjerne vil komme med ein liten kommentar til. Ein del av artikkelen er via den mest opprinnelige folkegruppa i det som i dag er Sør-Varanger og i tilgrensande område på finsk og russisk side, nemlig skoltesamane. Her kan vi lese:
"Selv i dag er det så ille at det ikke er norske myndigheter, men EU(!) som betaler for læremidlene til skoltesamenes skoler, ... Heldigvis bryr EU seg i dag. De gir skoltesamene skolebøker på deres eget språk. Ikke SV, ikke minister Djupedal, og ikke Verdens rikeste land. Men EU gjør det."

        Dette er svært interessante opplysningar, som eg vil tru at er nytt for dei aller fleste lesarar, slik det var for meg. Ettersom Willis her bare skriv om skoltesamane i Noreg og viser til at dette eigentlig skulle vore den norske regjeringa sitt ansvar, må ein gå ut frå at det er skolar for skoltesamar i Noreg han meiner. Eg vil derfor spørre om han kan legge fram meir informasjon om dette i Klassekampen, og blant anna gjøre det klart:
- Kva for skoltesamiske skolar er det snakk om?
- Kor mange elevar får undervisning i eller på skoltesamisk i Noreg?
- Er det snakk om lærebøker i skoltesamisk og/eller lærebøker på skoltesamisk i andre fag?
- På kva måte er dette finansiert av EU?
- Kva kjelder bygger han desse opplysningane på?

Svein Lund
(Redaktør av Samisk skolehistorie)
sveilund@online.no


Kommentar i ettertid: Det kom aldri noko svar verken frå forfattaren eller avisa. 5 år etter at eg skreiv dette innlegget, var eg i Sør-Varanger for å samle stoff til ein artikkel om skoltesamisk skolehistorie. Ut frå det eg da fann ut kan eg sjølv forsøke å svare på nokre av spørsmåla:

- Kva for skoltesamiske skolar er det snakk om?
Det finst ingen særskilt skoltesamiske skolar i Noreg. Det finst ein skole, Fossheim skole i Neiden, som ligg i gamalt skoltesamisk område, og der skolen kjenner spesielt ansvar for å formidle skoltesamisk kultur og historie. Men der er ingen undervisning i eller på skoltesamisk.

- Kor mange elevar får undervisning i eller på skoltesamisk i Noreg?
Ingen har nokon gong fått det, pr. 01.01.2013.

- Er det snakk om lærebøker i skoltesamisk og/eller lærebøker på skoltesamisk i andre fag?
Først i 2012 blei det første læremidlet i skoltesamisk på grunnlag av norsk utarbeida. Det er berekna på vaksenopplæring, ikkje på grunnskole.

- På kva måte er dette finansiert av EU?
Eg kan ikkje sjå at det på det tidspunktet artikkelen blei skrive var sett igang noko tiltak for skoltesamisk som var EU-finansiert. Tre år etterpå blei det sett igang eit prosjekt "Skoltesamisk kultur over grenser". Her var EU sitt Interreg-program ein av fleire kjelder for finansieringa.

- Kva kjelder bygger han desse opplysningane på? Det får vi vel aldri greie på sidan forfattaren ikkje ønska å svare på spørsmåla. 19.01.2013. SL.


Til hovudsida.