Reportasje i Klassekampen 09.04.1992

Sametinget mot EØS

Overveldande fleirtal mot EØS-avtale i avstemninga i går

Av SVEIN LUND

Sametinget er redd for at ein EØS-avtale kan komme i strid med ILO-konvensjonen om urbefolkningar. Dei kjenner seg ikkje trygge når Norge ikkje har tatt noko forbehold som gjeld samane, samtidig som ingen av EF-landa har ratifisert denne konvensjonen.

- Ka er til nytte for samane i denne avtalen, spurte Ole Henrik Magga, og sa at han syntes det var vanskelig å finne det. Det kan jo tenkas at når noko er til nytte for heile Norge, så kan det og vere nyttig for samane, fortsatte han, og la til at han ikke hadde greidd å finne det heller.
- Er det så noko til skade for samane i EØS-avtalen? Magga frykta dei fire fridomane som er sjølve grunnlaget for avtalen. Dei vil gjøre områda til nasjonale minoritetar svært utsett for oppkjøp fra internasjonal kapital. Om vi forsøker å ha styring med våre eigne område, vil vi kunne bli skulda for skjult diskriminering. Dei tiltaka norske styresmakter eller Sametinget tar vil kunne bli overprøva av EF-domstolen.

Ingen veit

Sametinget har sjølv fått utført ei utgreiing om virkningane av EØS-avtale eller EF-medlemskap på samisk kultur. Det er Bajos, reindrifta sitt utviklingsselskap i Guovdageaidnu som har stått for denne. I utgreiinga står det nesten under kvart punkt: «Det synas ikkje som — men vi kan ikkje seie det sikkert...»
Nettopp denne uvissa var Sametinget sitt hovudargument mot EØS. Ein ville ikkje vere med å tura ein avtale som ikkje sa eit ord om ka som ville skje med samiske rettar, samiske næringar, språk og kultur.
Sametinget byrja allereie hausten 1990 å arbeide med EØS. Ein forsøkte å bli representert i forhandlingsutvalet, men blei avvist av UD med orda; «Partsrepresentasjon i forhandlingsutvalet er ikke aktuelt.»
— Dette godtar vi ikkje, sa Magga. Sametinget er ikkje nokon partsrepresentant på linje med for eksempel NHO eller LO. Men så seint som i samband med høringa om EØS blei Sametinget omtalt som ein organisasjon, og presidenten skreiv eit skarpt brev tilbake og minte om at Sametinget var eit folkevald organ.

Først godta så kreve

Arbeiderpartigruppa hevda at EØS vil ha: minimale virkningar for samisk kultur og næringer. Både i vedtaksforslaget og i debatten argumenterte de bare med at EØS-avtalen ikkje påvirkar samane verken på den eine eller andre måten. Dei synte tydelig det problemet det er som sametingsgruppa til regjeringspartiet å skulle tiene to herrar på ein gong.
Dei forsøkte i det hele ikkje å grunngi korfor EØS-avtalen var bra, før dei konkluderte med å foreslå: «Ut fra dette grunnlaget vil Sametinget tilrå at EØS-avtalen ratifiseres». Men også for dei var det vanskelig å svelge at avtalen ikkje nemner samane. Dei foreslo derfor dette tillegget:
«Sametinget vil likevel påpeke som en vesentlig mangel at avtalen ikke eksplisitt nevner samiske interesser. I det framlegget som går frå regjeringen til Stortinget, er det uomgjengelig nødvendig med ein drøfting av EØS-avtalens forhold til samisk næringsliv og kultur i vid forstand. Sametinget vil... be om at det ved første mulighet taes inn unntaksbestemmelser i EØS-avtalen, f. eks. i likhet med særbestemmelsene for Åland».

Til startsida

sveilund@online.no