Debattinnlegg sendt Klassekampen, 09.12.2003, ikkje prenta.

Er eit anna EU mogleg?

I den siste tida har Klassekampen hatt fleire innlegg for eit “radikalt” ja til norsk EU-medlemskap. Både Wenche Fossen og Petter Wold argumenter med at EU ikkje er eit politisk parti, men ein arena, som kan brukast til det ein vil. Om vi ikkje likar dagens EU, kan vi gå inn i det for å lage eit heilt anna.

Dette er tankar som har breidd seg dei siste åra, og det er trulig her ja-sida vil kunne hauste mest nye røyster med tanke på den folkerøystinga dei vil sette igang så snart dei trur dei kan vinne.

Visjonen til “Radikalt Europa” ser fristande ut for alle som ønsker ei meir rettferdig verd. Gjennom samarbeid med venstresida og miljørørsla i alle land i EU skal vi gjøre EU til ein pådrivar for betre miljø, for større rettferd globalt og for sosial utjamning innad. Og korleis kan vi vere imot det? Sjølv om det i EU sin praksis til no i beste fall svært lite som tyder på at ei slik utvikling er nært føreståande, skal vi ikkje bry oss om det. Vi skal frimodige gå inn med tanke på kva EU kan bli.

La oss ta dei på ordet og i denne omgang ikkje seie noko om det gale med dagens EU, bare sjå på vilkåra for å endre EU til ein miljøvenlig, sosialt rettferdig institusjon som sørgar for å gjennomføre trygge arbeidsplassar, faglige rettar, gode offentlige trygdeytingar, eit godt og gratis offentlig skolesystem , utjamning av inntektsforskjellane både innad og globalt og kraftige tiltak for å stanse miljøydeleggingane. Dette må jo vere minimumskrava til det ein kan kalle ein radikal politikk. Ingen av desse sakene er prioritert i dagens EU. Snarare tvert om. Men politikken kan endrast, seier “Radikalt Europa”. EU er ikkje som eit parti der denne politikken er programfesta. Eg vil seie snarare tvert om: Han er både program og vedtektsfesta, eller i EU-språket traktatfesta. Det mest grunnleggande ved EU har sidan Romatraktaten vore dei fire fridomane; fri rørsle for varer, tjenester, kapital og arbeidskraft. (Les traktaten sjølv om du ikkje trur det.) Det er dette som ligg til grunn for dei stadig nye direktiva som vi og får smake gjennom EØS-avtala.

Mens eit parti med alminnelig fleirtal på landsmøte kan vedta å endre politikken , må EU endre traktatane for å kunne regulere og styre kapitalrørslene av omsyn til sosial utjamning og miljø. Det må gjørast samrøystes av 15, snart 25 medlemsland. Kor stor sjanse er det for at det skal vere fleirtal for ein radikal politikk i alle land samtidig?

Sjølv om vi går ut frå at det er dei formelle demokratiske vala som avgjør i medlemslanda og i EU-systemet, er dette systemet svært vanskelig å endre. Men i praksis er det enno verre. Frå starten på 50-talet er det dei store konserna som har gått foran i utviklinga av EU. Deira rundebordsdiskusjonar og tenketankar sto bak den indre marknaden og pengeunionen. Dei har eit utal av lobbyistar som sørgar for at dei utallige direktiva blir forma slik det passar dei. Dette gir ei dobbel sikring av at dette systemet aldri skal kunne snuast for å brukast mot det det er bygd for: Å sikre den vesteuropeiske monopolkapitalen mest mogleg profitt gjennom å presse ned prisen på arbeidskrafta og opne alle tenkelige råvarekjelder og marknadar. Heile EU sitt grunnlag er bygd på at å tjene interessene til storkapitalen. Det er nok å nemne at EU ikkje kan støtte det beskjedne forslaget frå Attac om skatt på valutatransaksjonar, fordi det vil vere i strid med fri kapitalrørsle. Korleis skal da EU kunne gi oss ei anna verd?

“Radikalt Europa” ønskar seg eit anna EU, men dei er svært uklare på kva som skal endrast og korleis ein skal komme dit. Eg vil derfor be Wenche Fossen og Petter Wold svare på eit par enkle spørsmål:

1. Meiner de den radikale politikken de ønsker er mogleg innafor EU sine gjeldande traktatar?

2. Wenche Fossens går 8.12. inn for“Solidaritet nasjonalt, regionalt og globalt”. I samme innlegget skriv ho at “EU må bli sterkere økonomisk og politisk”. Korleis kan ein sameine global solidaritet med at EU blir sterkare?

Svein Lund