Svein Lund:

Artikkel i Min Áigi 11.oktober 2000, omsett frå samisk. Dát artihkkál sámegillii

Global kamp mot global apartheid

- På grunn av internasjonal solidaritet klarte vi å vinne over det onde apartheid-systemet. Dagens økonomiske globalisering er ikkje anna enn global apartheid. Denne globale undertrykkinga må vi kjempe mot med global motstand og rettferd.

Det sa ein afrikansk prest, som snakka for Kyrkjenes Verdsråd på ein demonstrasjon i Praha, med krav om at Verdsbanken ettergir all gjelda til fattige land.

PRAHA: Svein Lund (tekst og foto)

Namesti miru

Heile verdsmedia har no fortalt om hendingane i Tsjekkia. På TV har vi sett krig mellom demonstrantar og politi, tåregass og vasskanonar. Men det er bare ein liten del av sanninga. Blant tusenvis av fredelige demonstrantar var det nokre galningar frå Italia og Tyskland som ville provosere fram krig, og dei klarte å tiltrekke seg all merksemda. Sjølv var eg med i den store demonstrasjonen, men visste ikkje noko om krigen før gruppa eg var i tok pause og såg krigen på TV på ein kafe i Praha.

Og denne store demonstrasjonen var heller ikkje anna enn ein liten del av alle arrangementa som har vore i Tsjekkia sin hovudstad mens Verdsbanken og Pengefondet har hatt årsmøte her. Her har vore ei rekke fredelige demonstrasjonar, bl.a. demonstrerte norske aktivistar utafor den norske ambassadørboligen. I fire dagar har her vore opne møte, der representantar frå mange organisasjonar og land har fortalt om verknadane av Verdsbanken og Pengefondet i områda deira. Som avslutning på møteserien blei ei oppsummering overrakt til representantar for Verdsbanken. Samtidig var det videofestival der det blei vist filmar som viste lidingane gjeldsbøra og Verdsbanken sine bygningsprosjekt fører til. Det har vore kulturfestival, med konsertar og kunstutstillingar.

Frå heile verda har tusener av folk kome til Praha. Nokre kom med fly og blei kjørt i limousin frå flyplassen. Dei hadde svarte dressar og politivakt. Dei hadde fulle lommebøker og bankkonti og kom til IMF/WB-møtet for å sikre at desse mektige institusjonane framleis skulle føre ein politikk som gjør dei rike rikare og dei fattige fattigare. Til Praha kom og tusenvis av folk i bussar for å protestere mot denne politikken. Blant nokre titusener demonstrantar var 4-500 frå Noreg. Fleirtalet var frå Europa, ettersom folk frå fattige land ikkje har råd å komme til Europa for å demonstrere. Likevel var folk frå Bangla Desh, Bolivia, Indonesia, Zambia, Ecuador, Nigeria og mange andre land kome til Praha for å fortelle kordan Verdsbanken og Pengefondet har ramma landa og folka deira.

Gjelda drep

Rørsla som krev gjeldssletting er no i ferd med å bli ei av dei største politiske rørslene i verda. I alt har over 22 millionar menneske skreve under på kravet om at all gjelda til dei fattige landa skal strykas. På demonstrasjonen for sletting av gjeld, som var i Praha eit par dagar før opninga av møtet til Verdsbanken, var det alle slags folk med; prestar frå Tsjekkia og Afrika, ein buddhistmunk og ein jødisk rabbi. I lag med dei var fagforeningar frå England og Noreg, anarkistar, sosialistar og naturvernungdom. I Noreg har 50 organisasjonar gått saman om aksjonen "Slett u-lands-gjelda", og frå den aksjonen var det kome ein full buss med ungdommar til Praha. Det var eit stille tog som gikk over brua over Vltava-elva, og demonstrantane bar kors som symboliserte alle menneska som dør på grunn av gjelda. I appellen sin fortalte den afrikanske presten at kvar dag dør 19000 barn i Afrika, og hovudårsaka er at gjelda hindrar statane å gi brukbare helsetjenester.

Drop the debts

Fleirtalet av landa som i dag har stor gjeld er tidligare koloniar. I kolonitida røva dei europeiske kolonimaktene ressursane og øydela den kulturelle og sosiale strukturen. Da desse landa blei formelt sjølvstendige, hadde dei knapt nokon industri. Dei måtte selge råvarer til dei rike landa for å kunne importere industrivarer. I 60-70-åra tilbaud vestlige land, private bankar og Verdsbanken billige lån og nesten alle fattige land lånte pengar. Verdsbanken oppmuntra dei fattige landa til å dyrke vekster for eksport, såkalla "cash crops", som kaffi, peanøtter, kakao og tobakk. Men så sank prisane på "cash crops" mens prisane på olje- ja industrivarer auka og renta auka kraftig samtidig. Dei fattige landa klarte ikkje å betale gjelda og måtte ta stadig nye lån for å betale på dei gamle. No brukar mange land over halve inntekta si til gjeldsbetaling.

Ka er Verdsbanken og Pengefondet?

Både Verdsbanken (World Bank eller International Bank on Reconstruction and Development) og Det Internasjonale Pengefondet (International Monetary Fund - IMF) blei grunnlagt i 1944 i USA, om målet frå starten av gjenoppbygging etter den andre verdskrigen.

Verdsbanken og Pengefondet er internasjonale organisasjonar, der nesten alle verdas land er medlemmar. Men desse organisasjonane er ikkje demokratiske slik som f.eks. FN, ILO og UNESCO. I ihar kvart land ei røyst, men i IMF/WB røystar landa etter pengane dei bidrar med. Det gjør at USA har 18% av røystene og dei 10 rikaste landa i verda har tilsaman fleirtal. Andre land må derfor følge det dei rike bestemmer. IMF/WB har hovudkontor i hovudstaden i USA generaldirektøren i Verdsbanken har alltid vore amerikanar!

Verdsbanken gir lån til store byggeprosjekt som landa ikkje sjølve klarer å finansiere. Verdsbanken har vore den største kjelda for å finansiere bygging av dammar. På grunn av desse dammane har i alt omlag 10 millionar menneske blitt tvungne til å forlate heimane sine.

Verdsbanken gir i lag med IMF "strukturlån". Til desse låna er det knytta vilkår, f.eks at multinasjonale konsern skal få investere på gode vilkår, Landa må privatisere statlige bedrifter og tjenester og redusere statsbudsjettet. Men når fattige land privatiserer er det vanligvis ikkje i desse landa nok privat kapital til å kjøpe opp statsselskapa. Privatisering betyr derfor i praksis at multinasjonale selskap kjøper opp f.eks. jernbanar, energiselskap og til og med helsetjenester. Og alle pengane som statene tjener på salget går rett til betaling av gjeld.

Urfolk lir på grunn av Verdsbanken.

Blant demonstrantane traff eg urfolk frå Chile og Bolivia og til og med eit par samar, og ei av parolene i den store demonstrasjonen var "IMF/WB - get out of indigenous peoples lands!" - "Pengefondet/Verdsbanken - ut av urfolka sine område!"

Indigenouus peoples

På "Public Forum"-møte og i skrifter fortalte dei kordan urfolk må li på grunn av Verdsbanken. Her blir ikkje plass til meir enn eit par eksempel:

* I Guatemala var det rundt 1980 eit hardt diktatur som førte krig mot si eiga Maya-befolkning. Styresmaktene ville med støtte av Verdsbanken bygge ein stor dam, men mayaane som budde i landsbyen Rio Negro nekta å flytte. Da drepte militære 400 av mayaane. Verdsbanken fikk bygge ut elva og dei sa ingenting om massakrane.

* I Chile har finansierer Verdsbanken eit stort damprosjekt i Biobio-elva, som er i Mapuche-folket sitt land. Det er allereie bygd ein dam og det er no kamp om bygginga av 5 dammar til. Det norske selskapet Kværner deltar i bygginga med støtte av den norske staten. Men Sametinget og naturvernorganisasjonar i Noreg har støtta motstanden mot utbygginga.

Pengefondet og Noreg

Pengefondet sin politikk rammar særlig fattige land, ettersom dei er i ein tvangssituasjon. Men IMF har og uttalt ka dei meiner om Noreg sin økonomiske politikk. I ein rapport som kom i februar i år blir det uttrykt:

- Norge bør bruke mindre pengar til offentlige tjenester som helse og skole og redusere lønnstillegga.

- Norge bør privatisere alle offentlige bedriftar, som telekommunikasjon og oljeselskap.

- Norge bør auke arbeidsløysa, avskaffe landbrukssubsidiane og redusere det kommunale sjølvstyret.

Aust-Europa ny slagmark

Dette var første gong at Verdsmanken / IMF hadde årsmøte i Aust-Europa. Da Verdsbanken blei grunnlagt i 1944 skulle Tsjekkoslovakia og Polen vere med. Men da kommunistane tok makta der i 1948, avviste Verdsbanken desse landa. Først på 1990-talet har Verdsbanken/IMF igjen fått fotfeste i Aust- Europa. Banken har gitt store lån, men vilkåret har også her vore privatiering. I Tsjekkia er den private sektoren sin andel av produksjonen auka frå 5 til 80 prosent, og Volkswagen eig no det største tsjekkiske firmaet Škoda. IMF si sjokkbehandling har ført til store vanskar for folka i Aust-Europa. Produksjonen har falt katastrofalt i mange land og dei sosiale problema har auka kraftig. I staten var nesten alle positive til at Verdsbanken skaffa nye pengar til investeringar, men kritikken og motstanden er no veksande. Eit døme på motstanden er INPEG - Initiatiiv mot ekonomisk globalisering - som arrangerte demonstrasjonen i Praha. Eit anna døme er Central East Europe Bankwatch Network, som følger med og kritiserer Verdsbanken og andre vestlige finansinstitusjonar sine gjøremål i Aust-Europa.

Nokre tjener

I Praha kom det fram kor mye folk lir på grunn av Verdsbanken og Pengefondet si styring. Men det er og folk som tjener når andre blir fattige:

Dei 5 største selskapa i verda tjener meir enn heile Afrika og Midt-Austen.

Dei 226 rikaste dollarmilliardærane i verda tjener no meir enn dei 2,5 milliardar fattigaste.

Verdsbanken tjente i tidsrommet 1980-1992 omlag 5000 milliardar kroner, bare på rentebetaling frå fattige land.

Forskjellen på fattige og rike aukar år for år. WB/IMF-møtet nekta igjen å ettergi gjelda til dei fattige landa. Den norske regjeringa stør fullt og heilt opp om politikken til Verdsbanken og Pengefondet. Og Statoil har svært godt samarbeid med Verdsbanken.

_____________________________________________________________

Fleire artiklar av meg om internasjonale spørsmål finn du særlig under  EU
Til startsida

sveilund@online.no