Svein Lund:
Men regjeringa vår bryr seg om oss som bur nær grensa og alltid har reist fram og tilbake over grensa. Dei vil gjøre alt for at vil ikkje skal måtte vise pass, lovar dei. Først tilbyr dei EU å vere med å vakte EU sine ytre grenser, for eksempel mot Russland. Så tilbyr dei å avvikle grensekontrollen mot EU-landa, og til sist tilbyr dei å delta i det såkalla Schengen-samarbeidet, det fleirtalet av EU-landa no er i ferd med å lage eit felles passområde som har nært politisamarbeid. Og alt dette gjør dei for oss, for at vi framleis skal kunne reise på Nordkalotten som før. Da kan vi vere trygge, ikkje sant?
Alt som regjeringa no seier at ho vil gjøre er slikt som ho alltid har nska, slikt som vi ville ha fått ders om vi hadde blitt med i EU, men som folk røysta i mot den 28. november. Fleirtalet i Noreg ønska ikkje å delta i det europeiske fortet mot verda utafor. Vi ønska ikkje å avvikle narkotikakontrollen på grensa. VI ønska ikkje å delta i den felles flyktningepolitikken, der flyktningar som blir avvist i Hellas eller Portugal samtidig blir avvist i Noreg. Vi ville ikkje at Noreg skulle delta i eit politisamarbeid der fleire millionar menneske er registrerte i eit felles register. Schengen-avtalen betyr så mye samordning av politi-, grensekontroll og flyktningepolitikk at sjølv EU-landet Storbrittannia avviste å delta. Og dette er det som dei nordiske regjeringane no vil tvinge på oss. Dei vil bruke pass-saka til å tvinge oss til å delta i Schengen-avtalen, og derfor forsøker verken den norske regjeringa eller EU å finne andre løysingar. Vi kan ikkje godta at folks ønske om framleis å kunne reise utan pass på Nordkalotten skal brukast til å narre oss inn i EU. Vi ønsker passfrihet, men ikkje for ein kvar pris. Om vi må velge mellom to onder, vil det minste ondet vere å vise pass inntil Finland og Sverige har komme ut av EU og igjen blitt sjølvstendige statar.
Svein Lund
Guovdageainnu Ii fal EU / Nei til EU
Andre artiklar om EU
Til startsida