Dette er den første artikkelen på vevsidene mine som eg ikkje har skreve sjølv. Eg har bare omsett han frå polsk til norsk, fordi eg trur at mange i Noreg vil finne det interessant å sjå korleis ein polsk EU-motstandar argumenterer i polske media. Ettersom ikkje alt er like lett for nordmenn å forstå, har eg lagt inn nokre forklaringar i parentes. Lukke til!
Svein Lund

------------------------------------------------------------------

Innlegg i den polske internettavisa Poślizg 3.11.2002.
Artikkelen på polsk.

Kvifor nei?

Nylig uttrykte redaktøren av Poślizg si kjensle av mangel på fornuftige svar på spørsmålet: "kvifor nei" eller "kvifor ja" til polsk tilslutning til den Europeiske Union.
Eg kan prøve å forklare kvifor eg ikkje vil sjå Polen i EU.
Framfor alt ønsker eg å ha fred og ro. Og eg har nok av reformer som er tilpassing til det vi akkurat har gått bort frå for så igjen å måtte tilpasse oss til stadige endringar. Slik tenker og kjenningane mine - dei "barræva kapitalistane" (uttrykk for små næringsdrivande utan kapital, omsettaren sin merknad )

Dei som styrer oss gjentar som eit mantra teksten: "Polens inngang i Unionen er tvingande naudsynt for å (... her kjem tekst med positiv klang...)". Dessverre, ved eit merkelig samantreff, forsøker dei aldri å gjennomføre dette frivillig, utan tvang, noko som dessutan faktisk er straffbart.

Eg personlig forstår dette slik: "vi har sjølv ikkje peiling, korleis vi skal komme ut av denne lapskausen, så vi aukar våre eigne lønningar og skyv ansvaret over på andre for vedtaka våre". Nettopp slik, som eingong eg, da eg første gongen tok frå kvarandre sykkelen og ikkje visste riktig korleis eg skulle få han tilbake til brukbar stand. Kva gjorde eg? Ropte på far, som først heldt ei formaning om kor naudsynt det var å halde orden i skruane, men så sette sykkelen i saman for meg. Vår store far i Unionen ville i denne situasjonen sendt etter konsulentar, undervist i korleis skrive søknad om skruing av sykkel, men samtidig påstått at meir moderne og betre leiketøy er karusell, som er bygd med 25% finansiering under vilkår av at ein kjøper alt i EU-land og betaler resten ved eiga finansiering. Det blir kalla strukturell hjelp. Er det dårlig? Sjølvsagt ikkje - til sist er avgjerda vår. For dei er det bare ei form for støtte til eige næringsliv, ikkje noko almisse.

Straumen av systematiske, ustanselige reformer kastar effektivt myta om utdanna polsk arbeidskraft. Vår billige, utdanna arbeidskraft ville kunne rå utmerka på vilkår av at av at dei tradisjonelle næringsgreinane blei opprettholdt og utvikla. Dessverre, vanvittige, uforutsigbare reformer har på den eine sida ført til ei bølge av konkursar i polske selskap, og på andre sida til stenging av bedrifter, som tidligare er kjøpt opp av utanlandske overnasjonale konsern, på grunn av endringar i desse konserna sin strategi. Ein kan seie, at det er eit typisk fenomen for heile Vest-Europa, at tradisjonell industri har blitt eksportert til India, Korea eller Tyrkia, ny teknologi utviklar seg i Aust-Asia, men kor blir hovudkontora og profitten? Kanskje ein stad finst dei enorme kontora, der det er rom for tusener av jappar som skaper nye e-firma ved hjelp av e-viten, eller det, som i den e-noverande e-epoka er e-politisk e-korrekt? Dei siste månadane har synt, at det viktigaste elementet i kunnskapsindustrien er å bli kvitt aksjene før sanninga om stoda til firmaet blir offentlig. Nylig leste eg at blant uteksaminerte kandidatar frå høgare utdanning, er den høgaste andel arbeidslause blant dei som har studert leiing, administrasjon og marknadsføring. Slutten på ei presist planlagt karriere...

Arbeidsløyse, veksande oppløysing i samfunnet, korrupsjon og kriminalitet kompromitterer Polen i auga på ærlige folk frå Vesten. Vi er ikkje lenger dei edle riddarane som kjempar for fridom under slagordet Solidaritet. Nokon seier, at kriminalitet skaper nye arbeidsplassar, ikkje bare for dei kriminelle sjølve, men og i systemet for å bekjempe kriminaliteten. Politi, produsentar av alarmar og låsar, vaktfolk, dommarar vil ikkje snart bli arbeidslause. Nokre gongar har eg inntrykk av at nokre av aktivitetane til styresmaktene våre har som mål å halde likevekt i dette systemet. Kvifor finst det framleis ikkje noko sentralt register over bilar og sjåførar?

Sjølve medlemskapen til eit land i EU løyser ingen av landet sine problem, utan arbeid av styresmaktene i landet. Eksempel? Nord-Irland, Baskerland, italiensk mafia, aukande arbeidsløyse, korrupsjon, marginaliseringa av europeisk industri, aukande sosiale utgifter utan veksande inntekt for statane til å dekke desse utgiftene.
Eksempelet Hellas tyder på at ineffektive statar og samfunna deira slett ikkje treng å bli rike ved å slutte seg til EU. Kor skil vi oss for tida frå Hellas? For å gjøre det enklare å svare på kan eg legge til at vi verken har den greske flåten eller den greske turistindustrien.

Kven i EU kan ha noko å tjene på polsk tilslutning til EU? Politikarar og statistikarar, særlig i propagandasfæra. For dei aukar marknaden, folketalet, arealet, potensialet. Om telleproblem seinare, under ein annan rubrikk. Ein kan legge til internasjonale konsern, som som vil få utvida sitt manøvreringsområde, både i styring av det som dei allereie har og det dei kunne hatt. Konkurransen mellom firma innafor same område vil bli meir morderisk. For eksempel: dersom to fabrikkar i to land produserer same vaskepulveret, ein dyrare, ein billigare, kva for ein vil bli bygd ut, kva for ein vil bli lagt ned? Frå konsernet sin synstad er saka klar, frå synstaden til arbeidarane på fabrikken som ligg an til å bli lagt ned, er saka utrivelig. For eksempel, kva for ein vaskepulverfabrikk skal bukke under, den i land A eller den i land B? Sjølvsagt, det overnasjonale konsernet vil takka vere dette kunne trekke til seg enno større forteneste, som ein kanskje i eit høvelig land betaler ein knøttliten skatt av. Og kva blir igjen til landet som tapte i konkurransen? Det sit igjen med arbeidsløyse, budsjettkatastrofe og fattigdom. Arbeidarane i EU fryktar at det er dei som fell ut, våre arbeidarar fryktar at arbeidsløysa ventar dei.

Dette er normalt i diskusjonar om globalisering. For tida er alle tilhengarar av globalisering, vel, kanskje med unnatak av galningar, grønne, anarkistar og folk med naive idear, som har eitt til felles: dei forstår ikkje framsteget sin logikk. På same vis som villmannen frå Tracia (nov. Romania, oms. merkn.) som blei tatt til slaveri i Roma ikkje forsto sitt siviliserande avansement. På same måten, som leilendingen, som fikk melding om sitt avansement til liveigen bonde. På same vis som dei naive ikkje anerkjenner det naudsynte i den regulære handelen med afrikanarar til Amerika. På same vis som dei ville ikkje forstår at dersom veike, tuberkuløse ungar som arbeider med å knyte tepper dør tidlig, så bekreftar det evolusjonens logikk.

Problemet vårt kjem av det, at vi heller er den ville frå Tracia, den liveigne bonden, den svarte slaven, den barnearbeidaren, og ikkje eigaren av plantasja eller fabrikken. Alt tyder på det at vi ikkje blir å skumme fløyten av globaliseringa, heller ikkje vil vi bli den billige arbeidskrafta for dei framande. Vi må sjå til slike broderland som Somalia, Rwanda, Albania: vil nokon ha noko frå dei? Ingen, ingenting, bare dei ikkje sender over til oss sin fattigdom og flyktningar. Tida for bygging av store geografiske imperier tok slutt. Moderne imperialistar kjøper det dei vil, for ein pris som dei vil betale og resten lar dei bli igjen og går sin veg. Moderne imperialistar snur ikkje hovudet etter å dømme i krangel mellom stammar, omsorg for utdanning og helsestell for dei innfødde. Moderne imperialistar gir slike lån at den fattige alltid vil hugse korleis det kjenst å betale på lån. Til i dag betaler vi låna frå Gierek (polsk statsleiar på 1970-talet, oms. merkn.), trass i mortifikasjonar, restrukturering, FOZZ ( Statlig, ulovlig fond for oppkjøp av eiga gjeld i den internasjonale finansmarknaden) og annan akrobatikk.

Altså på høg tid å slutte å oppføre seg som globaliserte jappar, slutte å late som om når vi vil vere med der, så skal vi ikkje betale, at dei vil løyse alle problema våre, sysselsette dei arbeidslause, passifisere dei kriminelle og forårsakar at politikarane blir ærlige og ikkje bare puttar i eigne lommer. Bare vi kan løyse våre eigne problem. Vi kan lytte på råd frå andre, og deretter stille det egositiske spørsmålet: no, det er bra, men kva eg vil få ut av dette? Ka vi vil få ut av 230V spenning i nettet? Kva vil vi ha igjen for å tilpasse oss til oppskriftene frå EU? Kva vil vi få igjen for å tilintetgjøre dei som ikkje lar seg tilpasse? Kva vil vi få igjen for forbodet mot sal av land til utlendingar for investering? Kva vil vi få igjen for at EU sine fiskebåtar vil fiske i våre farvatn, og vi får ikkje sende våre eigne båtar til deira område. Kva vil vi få igjen for at dei minste gardane blir nedlagt og eigarane slutte seg til rekka av arbeidslause, jordlause fattige i utkanten? Kva vil vi få igjen for lova om polsk språk i globaliseringa sin tidsalder? Vil papira frå skolane våre bli godkjent der utan problem?

Viktigare folk enn eg - fru Staniszkis skreiv i magasinet for leiarar CXO at vår integrasjon i EU tvingar oss til å oppføre oss etter logikken i eit system, som ikkje på nokon måte samsvarer med vårt nivå av samfunnsmessig-næringsmessig utvikling. Resultatet er - som einkvar ser. Plassere Kopernikus foran datamaskina. Sette ein moderne vitskapsmann foran passer og astrolabium (instrumenta til Kopernikus). Sette ein japp i jungelen. Sette ein innbyggar i ein vanlig jungel i sentrum av Warszawa.

Euroentusiastane svarar alltid til all tvil, at vi vil kunne arbeide lovlig i utlandet, som om frelsa for Polen avheng av å eksportere fagfolk til Tyskland. Nokre land lever av slikt - for eksempel eksporterer Filipinene sjøfolk i mengder. Eg vil svare med ei lita historie: Nylig traff eg ei polsk dame som bur i Danmark. Ho har to vaksne barn som er ferdig med studier og har dansk statsborgarskap. Dottera: 5 språk, fullført studier i eksportøkonomi, gift med ein tysker, etter studia i tre år arbeidslaus i Danmark og Tyskland. Sonen: 4 språk, etter utdanning som anleggsingeniør fikk han to års praksis der han reiste mellom byggeplassar og studerte forholdet mellom praktikantar frå sentralen og folk som lot som dei arbeida. Enno var han ikkje lova fast jobb etter praksisen, trass i at det var gått halvtanna år. Hos dei er det og slik at dei søker 25-årige fagfolk med 35 års praksis. Og slik ser perspektivet vårt ut på arbeidsmarknaden deira. Så lenge som vi er illegale og returnerer til Polen, er vi konkurrentar. Dersom vi slår oss ned legalt, konkurrerer vi med dei innfødde, gjestearbeidarar, og heile massen av andre legale og illegale immigrantar.

Av og til kjem det opp ein tekst, at medlemskap i Unionen gjør det mogleg for oss å henge oss på globaliseringsvogna. Personlig vil eg gjøre merksam på at det ikkje har noko med saka å gjøre. Nord-Hellas og Sør-Italia er også i Unionen, og kva så? Toget gikk, dei blei ståande. Og vi vil bli ståande, dersom vi ikkje tar til å arbeidet utan å skule til EU, NATO, WTO og andre samanslutningar for gjensidig beundring. Om vi hjelper oss sjølv, vil dei også greie seg, kanskje til og med innby oss til samarbeid. Om vi ikkje hjelper oss sjølv, vil dei greie seg uansett.

Kva treng vi til det? Ærlige politikarar. Har nokon sett det? Eg har ikkje, men kanskje eg har dårlig syn - eg brukar ikkje briller.

Og kor er her Radio Maryja, rejtanismen og anna i den stilen? (Grupper med ultranasjonalistiske argument mot EU, oms. merkn.) Det får ein be andre om. Det interesserer ikkje meg.

Barbara Głowacka
jastra@gdansk.sprint.pl
Fleire artiklar av meg finn du på http://gdansk.sprint.pl/firmy/jastra. Det meste er på polsk, ein del er på engelsk.

______________________________________________________________

Artiklar av Svein Lund om EU eller om Polen

Til startsida

sveilund@online.no