Svein Lund:
For dei byråkratane som er ja-folk er dette ikkje noko problem, dei får forholde seg til Stortingsmeldinga som støttar opp om deira syn. Det er dei som er skeptiske til EU-medlemskap som tar munnkorg. Ein ting er at mange statstilsette blir fratatt sin demokratiske rett til å seie meininga si. Det er ille nok. Det som gjør det enno verre er at for vanlige folk kan det vere svært vanskelig å finne ut ka dei konkrete verknadane av EØS- og EU-medlemskap er på forskjellige område. Dei som sit i byråkratiet har ofte lettare tilgang på opplysningar og ikkje minst har dei trening i å finne fram i kronglete dokument. Derfor vil vi ofte måtte vende oss til slike folk for å finne ut av ting. Om ein bonde no kontaktar landbrukskontoret for å få høre kordan EU-medlemsskap vil virke inn for han, er landbrukskontoret forplikta til å svare at i EU, der går det nok bra, skal du sjå.
Ka så med fiskerirettleiarane, skolekontora, trygdekontora osv., har dei fått samme ordre? Dette må vi ta på bordet.
All ære til landbruksdirektøren i Buskerud som sa frå at dette finn ho seg ikkje i.
Er det ikkje nok at EU-tilhengarane har kontroll med heile det sentrale statsapparatet, NRK, NHO og 90% av pressa?
Skal kanskje alle vi statstilsette kneblas?
Svein Lund
Statstilsett og medlem av Nei til EU