Nei til EU har aldri "reist kampen mot det meste av internasjonalt samarbeid og internasjonale avtaler". Nei til EU har reist kampen mot eit einaste "samarbeid" som vi er med i, nemlig EØS-avtalen og eit einaste "samarbeid" som vi ikkje er med i, nemlig EU. Nei til EU går inn for eit likeverdig internasjonalt samarbeid mellom sjølvstendige statar, mellom anna i FN og Europarådet.
"Radikalt Europa" ser derimot ikkje ut til å bry seg om anna internasjonalt samarbeid enn det EU står for. Det er forsåvidt naturlig, for om Noreg blir medlem, vil vi ikkje lenger vere ein sjølvstendig aktør i slikt samarbeid, men vil bli underlagt EU sin felles utanrikspolitikk.
Den neste påstanden er at Nei til EU meiner alt som har med Europa å gjøre er skadelig. Dette er ei fullstendig forvrenging av fakta. Nei til EU og nei-folk i det heile har aldri vore mot samarbeid med verken folk eller statar i nokon del av Europa, anten dei er medlemmar av EU eller ikkje. Det er derimot EU som har skapt stengte grenser tvert gjennom Europa og vanskeliggjort samarbeid mellom naboar, slik dei no har skapt EU-grenser mellom f.eks. Polen og Ukraina eller Slovenia og Kroatia.
"Radikalt Europa" har tatt opp EU si mangeårige framstilling av Europa som dei landa som til ei kvar tid er medlem i EU. I 1993 var eg i Storbrittania. Da framstilte skolebøkene der Europa som beståande av 12 land. I Norden var bare Danmark med i Europa. Seinare blei svenskar, finnar og austerrikarar europearar.
Eg har følgt Polen sin veg inn i EU på nært hald. Der var hovudargumentet "Eg røystar ja fordi eg er europeer". Før folkerøystinga kommenterte ei eg kjenner i Polen denne kampanja slik: "Eg er av delvis ukrainsk familie, eg har norsk mann og kroatisk svoger. Ingen av desse landa er i EU eller på veg inn. Eg røystar nei - som europeer!" Etter at Polen blei medlem sa politikarane: "1. mai 2004 blei vi europearar". (At det dei sa før og etter ikkje heng saman har visst mindre å seie.)
Eg reknar det som fullstendig fåfengt å appellere til "Radikalt Europa" om meir saklige argument i EU-debatten, ettersom denne organisasjonen er i seg sjølv ei sjølvmotseiing. Dei hevdar at dei med å gå inn for EU-medlemskap kan fremme ein politikk stikk motsett av det politiske grunnlaget EU bygger på. Ein slik organisasjon er i utgangspunktet basert på løgn, og stort anna kan ein derfor ikkje vente seg derifrå. Desse løgnane blir ikkje sannare sjølv om dei blir gjentatt til det kjedsommelige.
Svein Lund
Medlem av Nei til EU og tilhengar av samarbeid i heile Europa og resten av verda
Til startsida