Svein Lund:
I EU-debatten i dag fortel ja-sida oss at alle i Norge tjener på EU-medlemskap, mens store delar av nei-sida leitar fram argument for at alle i Norge vil tape. Ingen av delane kan vere sent. Det må vere nokon som tjener og nokon som tapar.
Problemet for dei som tjener på EU-medlemskapen er at mange av dei reelle argumenta deira ikkje toler dagens lys og eignar seg svært dårlig for å få masseoppslutnad ved folkerøystinga. Kva med parolar som:
- Vi må inn for å få større lønnsskilnadar.
- Vi må inn fordi det gir oss byråkratar store sjansar til karriere i det høgtlønna EU-byråkratiet.
- Vi må inn for å få redusert statsutgiftene til helse- og sosialvesenet og til distrikta og primærnæringane.
- Vi må inn for å redusere makta til fagrørsla.
Dei vil inn for å forandre. Ikkje for å forandre EU, men for å få hjelp av EU til å forandre Norge.
Det er oppretta ein eigen organisasjon med namnet «Fra nei til ja». Denne organisasjonen viser bedre enn nei til EU og Europabevegelsen at i EU-spørsmålet har nordmenn forskjellige interesser. Kva er det som i første rekke har endra seg for disse folka frå 1972 til 1994? Er det EU, Norge eller bare det at dei har blitt så mye klokare? Nei, posisjonen deira i samfunnet har endra seg. Anten har dei fått personlege økonomiske interessen av medlemskap eller dei har klatra seg opp i eit sjikt av politikarar og byråkratar som er avhengige av å vere på linje med makta.
Når Jan Henry T. Olsen var neimann som sekretær i Troms fiskarfylking og ja-mann som fiskeriminister, har det ingen ting med EU sin fiskerpolitikk å gjøre. Som ein gamal kjenning av han i Troms sa: «Jan Henry har aldri tatt eit standpunkt som har stått i vegen for karriera hans». Det samme kan ein seie om mange i nei til ja-gjengen, f.eks. Arnt M. Henriksen, tidligare stortingsmann for SV som no er direktør og dermed naturlig har konvertert til ja. Eit fleirtal av regjeringsmedlemmane røysta nei i 1972. Det provar ikkje noko anna enn at dei måtte endre syn for å komme dit dei er i dag.
Ut i frå si stilling gjør dei det dei er best tent med. Men det bør ikkje føre til at vi i det store fleirtalet som vil tape på EU-medlemskap lar oss narre til å følge dei.