Svein Lund:
Like viktig som det er i privatlivet er å ha gode venner, er det i politikken å ha gode fiendar. Med ein god fiende kan ein samle folket om det styrande og samstundes avleie tankane deira frå andre ting som dei helst ikkje bør tenke så mye på. Den norske regjeringa har no fått seg ein ideell fiende: Island.
Alle er samde om at Island sitt rovfiske i Smuttholet og Svalbardsona går over alle grenser og at vi må slå kraftig ned på det. Alle er samde om at vi må ha klare reglar for fisket, både innafor og utafor 200 mils-grensa. Gjennom kampen mot Island, Paul Watson og Greenpeace står regjeringa med Gro og Jan Henry i spissen opp som dei som konsekvent forsvarar fiskeressursane og livsgrunnlaget til kystbefolkninga.
Så kan vi glømme at dei samme ministrane nett har lova bort til EU-flåten atskillig meir fisk enn det Island tar. I tillegg vil dei la EU overta forvaltninga av fiskebestanden innafor norsk sone, inkludert kvotefastsetting og forhandlingar med russarane. Så kan vi glømme at som EU-medlem vil Norge måtte godta at EU-reiarar kjøper opp norske båtar og fiskar rett frå båten og kjøre han rett ut av landet.
Fiskeriministeren og forsvarsministeren treng virkelig å vise krefter no. For neste år kan det vaere for seint. Da skal EU snakke med ei røyst i utanrikspolitikken. Og fleirtalet av EU-landa er slett ikkje på linje med Norge i dei internasjonale stridsspørsmåla som gjeld forvaltning av ressursane i havet. Dei er mot å regulere fisket innafor 200-milssonane, dei er mot kvalfangst osv. Og det EU meiner må og Norge meine i internasjonale fora, dersom vi blir medlem.
Dette er ikkje eit forsvar for Island. Snarare tvert om. Det islandske rovfisket er eit resultat av at Island har ført ein fiskeripolitikk der marknadskreftane har fått spele fritt gjennom omsettelige fiskekvotar, noko som har ført til ei veldig konsentrasjon i Islands fiskerinæring. Etter å ha fiska tomt sitt eige nærområde, er dei islandske trålarreiarane no på desperat jakt etter nye fiskefelt for å unngå dundrande konkurs. Den førre norske fiskeriministeren, Oddrun Pettersen, forsøkte for eit par år sidan å få gjennom den samme fiskeripolitikken her, men måtte trekke tilbake forslaget om omsettelige kvotar pga stor motstand.
Da Norge for få år sidan hadde like svart hav på heimebane som Island har no, sendte vi fabrikktrålarane ut på fjerne verdenshav for å røve fisken frå andre. No får vi smake samme medisin.
Om vi skal sikre norske fiskeressursar for landet i framtida blir ikkje i første rekke avgjort av kystbåtane i Smuttholet, men av ka vi gjør den 28. november.