Svein Lund:
Øystein Beyer fortel oss i TA 25.8. at vi må bli medlem av EU for at ungdommen skal få sjanse til å få utdanning i utlandet, for at vi skal kunne sjå noko meir enn vårt eige. Nei-folkct er redde for å sjå lenger enn til nabobygda meiner han, og seier dei meiner at "over fjellet lurer farene".
Eg har vore så heldig på forskjellig vis å få delta i forskjellige former for internasjonal utdanningsutveksling. Eg har slik fått besøke både Wales (i EU) og Polen (utafor EU), og blitt kjent med elevar/studentar frå Amerika, Asia og Afrika som har studert i Norge. Alt dette har eg opplevd mens Norge har vore utafor EU. Eg har hatt stort utbytte av dette og vil tilrå alle ungdommar til å nytte seg av høvet til å utvikle internasjonale kontaktar her heime eller ved opphald i utlandet. Men ifølge Beyer høyrer eg til dei som er redde for å sjå over næraste fjellet, avdi eg ikkje kan innsjå at Norge må inn i EU for å få kontakt med andre kulturar.
Beyer nemner dei forskjellige utvekslingsprogramma som EU står bak, og brukar dei som argument for norsk medlemsskap. Det han ikkje seier, er at Norge alt deltar i to av disse programma, og gjennom EØS-avtalen får vi delta i alle EU sine utvekslingsprogram, sjølv om vi ikkje blir EU-medlem.
EØS og EU gjør det lettare å flytte over landegrensene. Det er sant, men bare innafor dette området i Vest-Europa der omlag 7 % av folka i verda bur. For dei som vil ha kontakt ut over dette, blir det derimot verre. Frå i år får utanlandske studentar i Norge ikkje lenger norskkurs, dei skal undervisas på engelsk. Folkehøgskolane blir tvungne å redusere på inntaket av elevar frå Aust-Europa og andre verdsdelar. Utvekslinga skal no begge vegar konsentrere seg om dei 17 landa som er med i EØS.
Dette skjer samtidig med at det blir vanskeligare enn nokon gong å komme til Norge som flyktning eller innvandrar. Norge skal vere med å bygge den nye vest-europeiske festningen mot den fattigare delen av verda. Vi skal ikkje få sjå anna enn kvite europearar. Disse innstammingane er gjort av ja-partia på Stortinget og ja-regjeringa. La oss slippe å få høre fleire gonger at det er nei-folket som er mot internasjonal kontakt og internasjonalt samarbeid.