Debattinnlegg i Klassekampen 05.06.2005

Svein Lund:

Klassekampen for ” EU-light”?

I ein kommentar til det franske Nei 31.mai opnar Klassekampens redaktør for ei ny linje overfor EU. Eg siterer: “Det eneste naturlige resultatet av det franske nei er derfor en reforhandling av EU-traktaten. For vår del er vi også overbevist om at EU-prosjektets ambisjoner bør senkes betydelig. I stedet for dagens byråkratkapitalistiske mastodont, bør ambisjonen være å skape et løst, multikulturelt og multinasjonalt fellesskap der alle medlemsstatene får beholde sine økonomiske, kulturelle og nasjonale særtrekk, samtidig som man samarbeider om saker og områder som egner seg for overnasjonalt samarbeid. Det er også et EU som ville ha vekket entusiasme og oppslutning i brede lag av folket, samtidig som det knytter an til en bred og stolt europeisk tradisjon."
Her gir “vi” (redaktøren/avisa) gode råd til EU om kva slags ambisjonar ein bør ha. Dersom EU no er lure og legg seg på ein snillare og meir sosialdemokratisk politikk, vil ein få entusiasme og oppslutning. Det står ikkje i klare ord, men skin likevel gjennom at i eit slikt snilt EU må Noreg og finne sin plass.

I denne rosenraude framstillinga av kva EU kan bli er det fullstendig glømt kva EU blei starta som: Ei samanslutning av dei gamle kolonimaktene i Europa, for å halde oppe deira økonomiske styrke i verda, på kostnad av fattige land og i konkurranse med USA og andre moglege økonomiske stormakter. Ei samanslutning av herskarklassane i desse landa for å halde fagrørsla og arbeidarklassa nede, for å styrke sentralisering og storprodusksjon på kostnad av dei små. At EU er utvida med indre koloniar i Sentraleuropa endrar ikkje på dette.

Dette vil kunne knytte an til “en bred og stolt europeisk tradisjon” skriv Braanen. Kva er den stolte europeiske tradisjonen? I dei siste 500 åra har Europa si rolle i verda stort sett vore å kolonisere og utbytte folk i andre verdsdelar. Europa er verdsdelen som har gitt verda inkvisisjonen, kolonialismen, rasismen og to verdskrigar. EU har aldri tatt avstand frå den kolonialistiske tradisjonen, men er eit ektefødd barn av denne, noko som kjem klart fram i både EU si økonomiske målsetting og EU si rolle i WTO og IMF. Kor er den breie og stolte tradisjonen for det samarbeidet Braanen drømmer om?

Det franske Nei er ikkje eit varsel om eit betre og snillare EU, men det kan vere byrjinga til slutten på heile EU-konstruksjonen. Det beste ein kan vone for EU er at unionen fell fullstendig frå kvarandre og snarast går inn i historia som ein tidligare stormakt på linje med Romerriket, Djengis Khans rike og Sovjetunionen.

Redaktøren sin kommentar er ei alvorlig vending frå ei avis som frå starten i 1969 har vore ein prinsippfast EU-motstandar i den norske mediaverda. Braanen har no tydelig slutta seg til Bondevik i tenkeboksen. Denne vendinga kjem likevel ikkje heilt som lyn frå klår himmel. Sidan Bjørgulv Braanen tok over som redaktør har avisa på fleire område markert ei klar høgredreiing, bl.a. ved tilsetting av EU-tilhengarar som journalistar og faste kommentatorar, ved å konsentrere innanriksstoffet meir og meir om Oslo-området og om eit “kulturradikalt” urbanistisk miljø. Det er på tide at avisa sine lesarar og venner byrjar å reagere før vi har fått enno ei ja-avis.

Svein Lund
(p.t. Gdansk, EU)


Eit innlegg av Erling Folkvord med nokonlunder same innhald sto i Klassekampen 06.06.2005 og redaktør Bjørgulv Braanen svarte på begge innlegga 07.06.2005.


Til hovudsida.

sveilund@online.no