Svein Lund:
Eg har undra meg over kva desse "radikale" tilhengarane av grunnlovsfesta marknadsliberalisme legg i demokrati. Det synast å vere tilstrekkelig at folk har retten til å putte ein papirlapp i ei urne med nokre års mellomrom.
Men kvifor ønsker vi demokratiske val? Er det ikkje fordi vi ønsker at folket skal kunne styre gjennom at dei røystar på representantar som vil fremme ein bestemt politikk? Da krevast det noko meir enn retten til å røyste på ei liste. Det krevast at kandidatane / partia legg fram klare alternativ og at det går føre seg ein offentlig diskusjon om dei sakene som det organet vi skal velge kan komme til å avgjøre i den valperioden som kjem. Denne diskusjonen må foregå i forum som folk flest har tilgang til, på språk som dei kan forstå. Har vi ikkje det, er val bare ein farse for å legitimere makta.
Under vala til EU-parlamentet var eg i Polen, det mest folkerike av dei nye medlemslanda. Som vi veit kjempa polakkane for 15-25 år sidan hartd bl.a. for å oppnå retten til frie val. I fjor røysta 75% av dei vel 50% som møtte opp for polsk EU-medlemskap. Ein kunne kanskje derfor vente seg eit stort engasjement når polakkane for første gong fikk røyste til EU-parlamentet. Det einaste engasjementet eg var i stand til å registrere her var store plakatar med bilete av kandidatane for forskjellige parti. Nokre hadde presentasjon av kandidatane med yrke og meritter, men ingen av dei eg såg uttrykte noko politisk standpunkt til saker som EU-parlamentet eller andre EU-organ skal behandle. I staden var det "Verdig representasjon i Europa", "For Polen" og liknande slagord som mildt sagt ga lite informasjon om kva representantane vil stå for. Flygeblad i postkassene og aviser ga ikkje stort meir informasjon. Derimot veit vi ein ting sikkert. Dei representantane som blei valde vil få ei inntekt som ligg mange gongar høgare enn det dei kunne drøyme om å tjene i Polen. Det er altså ei uhyre sterk personlig drivkraft for dei som stiller til val. Her var altså ingen debatt om politikken i det organet som skulle velgast. Den firedelen av veljarane som røysta nytta heller høvet til å straffe den sittande regjeringa og røyste alle moglege opposisjonsparti i staden.
Er så Polen noko unnatak? Nei, snarare regelen. Klassekampen hadde ein gjennomgang av kva som dominerte debatten om EU-parlamentet i dei forskjellige EU-delstatane. Gjennomgåande var det nasjonal politikk. Årsaka er ganske opplagt: Det finst ikkje eit offentlig forum for diskusjonar på EU-nivå som folk flest i medlemsstatane kan delta i. Så lenge det manglar er det meiningslaust å tru at formelle val til eit EU-parlament har større meining for andre enn dei som sjølve har von om å bli valde dit.
I Noreg har folkevalde organ på tre nivå, kommunestyre, fylkesting og Storting, fått redusert makta si kraftig som følge av EØS-avtala, ved medlemskap i EU ville denne bli enno meir redusert. Å erstatte dette med eit formelt val på folk som vil til Brussel eller Strasbourg og bli rike er eit uhyre dårlig alternativ.
Til startsida