Artikkel i Klassekampen, 23.04.1998

Svein Lund:

Aust-Europa: EUs nye bakgard

EU er allereie inne i Aust-Europa. No vil Aust-Europa inn i EU. Men kjennskapen til EU og konsekvensane av medlemskap er liten og debatten har knapt starta. Det er draumen om rikdom gjennom å bli med i det gode selskap i vest som dominerer. Eit viktig skritt i retning av å sjå at EU og har ei bakside var konferansen om utviding av EU austover som den grønne gruppa i EU-parlamentet arrangerte i Warszawa rett før påske.

Konferansen hadde ei imponerande samling av talarar frå ei rekke EU-land og dei fleste søkarlanda i aust. Den polske miljørørsla var representert i forskjellige variantar, det samme var regjeringa ved Polens svar på Guro Fjellanger: ein tidligare miljøaktivist som no har blitt viseminister i Miljøverndepartementet. Presse og publikum var det derimot tynt med, noko som nok for ein stor del skuldast at ein holdt konferansen i Sejmen, det polske parlamentet. Her var det terriristkontroll med passframsyning og bagasjegjennomlysing, og enno kom bare dei inn som hadde gode noko kontaktar på innsida.

Grønn gruppe

Arrangør av konferansen var den grønne gruppa i EU-parlamentet. Den består av 28 av i alt 518 medlemmar som er vald inn for grønne parti. Sjølv om dei har mye til felles i miljøpolitikken, sprikar dei stort i synet på sjølve EU, frå den kjente EU-motstandaren Per Gahrton frå Sverige til dei italienske grønne som er blant dei ivrigaste forkjemparane for EU som forbundsstat.

Den grønne gruppa er for ei utviding av EU austover, men er svært kritisk til den måten det foregår på. Særlig er dei bekymra for konsekvensane for miljøet av å tvinge Aust-Europa til å gjøre dei samme feila i miljøpolitikken som Vest-Europa har gjort.

Ein annleis EU-debatt

For ein som bare har opplevd EU-debatten i Norden er det ei anna verd å komme inn i den gryande EU-debatten i søkarlanda i Aust-Europa. Her gjeld ikkje gamle sanningar, som at grønne og raude parti og organisasjonar seier nei, mens ytre høgre seier ja til EU-medlemskap. Snarare tvert om. Ytre høgre dominerer motstanden til dei grader at EU-skeptiske folk på ventresida knapt tør opne kjeften i redsle for å bli slått i hartkorn med fundamentalisitske katolikkar og halvfascistiske krefter.

Prosessen med søknadar, forhandlingar og tilpassing før eventuelt medlemskap er og noko annleis enn den Noreg var gjennom tidlig på 70-talet og seinare på 90-talet. Her er det ikkje snakk om at søkarlanda stiller krav om unnataksordningar for forskjellige næringar for å ville bli medlem. Det er EU som stiller krav. Og først skal krava oppfyllas, så kan dei kanskje allernådigast få slippe inn.

Dei noverande medlemsstatane har fått det dei ville ha: full tilgang til den aust-europeiske marknaden. Derimot manglar det framleis mye på at landa i aust har tilgang til EU-marknaden.

Det nye jernteppet

Etter opninga av Jernteppet rundt 1990 auka trafikken kraftig over grensene til Polen, både vestover og austover. Russarmarknadar blei vanlige mange stader i Polen og bidro i stor grad til å avhjelpe mangelen på varer i butikkane den gang. Seinare har folk frå dei tidligare sovjetrepublikkane i minst like stor grad kome til Polen for å kjøpe varer som for å selge. Ved grensa mot Tyskland er det ein enorm trafikk av tyskarar på handletur. I 1997 besøkte heile 88 millionar utlendingar Polen.

Men no er eit nytt jernteppe i ferd med å senke seg over Europa: jernteppet rundt EU/Schengen. Den best bevokta grensa i Europa er ikkje lenger russisk, det er Tysklands grense mot aust med 7.000 grensevakter. Den viktigaste oppgåva deira er å jakte på flyktningar og andre som forsøker å ta seg gjennom Polen og inn i Tyskland.

Flyktningane som blir tatt i Polen blir satt i konsentrasjonsleir. Noko mildare ord kan ein knapt bruke om ein leir med dobbel piggtråd og elektroniske sensorar. I samband med konferansen var representantane frå EU-parlamentet på besøk i ein slik leir utafor Warszawa og dei var sjokkerte over det dei såg.

Polen har skjerpa flyktninge- og innvandringspolitikken kraftig dei siste åra. Bare 150 fikk politisk asyl i 1997. Frå årsskiftet innførte landet visumtvang for nabolanda Russland og Kviterussland. Dette skjedde etter direkte krav fra EU aom har krevd at Polen må kreve visum frå enno fleire land før landet kan bli medlem av EU.

Liksom Noreg har NOAS har og Polen ein organisasjon som forsvarer flyktningar i konflikt med styresmaktene. Ein representant for denne organisasjonen, Kairos, la på konferansen fram hard kritikk av den polske flyktningepolitikken. Som svar fikk han straks ei kraftig skyllebøtte frå leiar for utlendingedirektoratet. Denne ga klart uttrykk for at grunnlaget for flyktningepolitikken ikkje er flyktningane sitt behov, men Polen sin rett til å avgjøre kem ein vil slippe inn. Problemet kalla han illegal grensepassering, noko 10.000 blei tatt for i fjor.

Claudia Roth, frå dei tyske grønne i EU-parlamentet gikk hardt ut mot militariseringa av flyktningepolitikken, både i Tyskland og Polen. - Det er ikkje lenger snakk om vern av flyktningar, men om vern av seg sjølv, sa ho, og viste kordan Tyskland har skjerpa ein utlendingefiendlig politikk for så å presse EU-land og søkarland til å følge etter. Den tyske utanriksministeren sa direkte til den polske at Polens oppgåve er å forbetre forvisningspraksisen og at dette er eit klart vilkår for EU-medlemskap. Den nye utlendingeloven i Polen er eit klart resultat av krava frå Tyskland og EU. EU driv med kollektiv ansvarsfraskriving: Dei bryr seg ikkje om ka som skjer med flyktningane som sendas ut, einaste målet er å bli kvitt dei. Når befolkninga i Aust-Polen mistar levebrødet som resultat av at EU har trunge gjennom ei grensestenging, har EU da tenkt å ta ansvaret og betale kompensasjon for dette, spurte ho.

Polsk miljørørsle

Under det "kommunistiske" styret utvikla Polen ei rekke miljøproblem, særlig forureining frå tungindustrien sør i landet. Samtidig blei det lagt lokk på all informasjon om miljøskader. Miljørørsla oppsto på 80-talet som ein del av den illegale opposisjonen. Det var aldri nokon samlande stor miljøorganisasjon, men ei rekke grupper, nokre av dei kombinerte miljø- og fredsarbeid, som Wolność i Pokój eller Fridom og fred.

Etter regimeskiftet i 1989 oppsto det ei grenselaus tru på den frie marknaden og miljørørsla tapte terreng. Miljøaktivistane valde forskjellige vegar. Nokre gikk inn i dei nyetablerte partia og fikk posisjonar der. Men snart oppdaga dei at blant dei nye styresmaktene var forståinga for miljøproblem ikkje stort større enn hos dei gamle. Særlig hadde mange mijløaktivistar gått inn i Fridomsunionen, eit av partia med utspring i fagrørsla Solidaritet. Der opplevde dei fort tilbakeslag. Da det første utkastet til valprogram ikkje inneheldt eit ord om miljøspørsmål, danna dei ei eiga gruppe eller forum innafor partiet. Seinare har dei brukt det i propagandaen for partiet at det er det einaste partiet med eige miljøforum, en dette er altså ikkje danna fordi partiet sin miljøpolitikk var så god, men fordi han var så dårlig. I dag har det økologiske forumet i Fridomsunionen 3 represenantar i parlamentet, samtidig som partiet er ein av pådrivarane for motorvegbygging, ei sak mange miljøvernarar har engasjert seg mot.

Andre valde å danne eit grønt parti, men det har ikkje lukkast i å bli representert i parlamentet og er i dag ganske lite.

Miljørørsla kan vise til nokre få sigrar. Ein av dei er stoppinga av eit påbegynt kjernekraftverk av Tsjernobyl-typen først på 90-talet. I ettertid kan ein likevel spørre om det var miljøkampen som stoppa bygginga, eller om det like mye var ein kombinasjon av dårlig økonomi og anti-russiske haldningar.

I dag er det eit tusental miljøorganisasajonar og grupper i landet, dei to største er Polsk økologisk klubb som mest består av akademikarar og ekspertar og Federacja Zielonych (Grønn føderasjon) som meir består av unge radikale aktivistar.

Den grenselause trua på marknaden

Å slippe kapitalismen fri førte ikkje til mindre miljøproblemer, med unnatak av at ein del forureinande bedrifter gikk konkurs og blei nedlagt. Det private konsumet har føke i veret, bilsalget auka med 40% i året, kanskje ikkje så mye fordi folk har fått bedre råd som fordi det har blitt lettare å få lån. Det er ei vidt utbreidd tru på at den frie marknaden vil løyse alle problem.

"Trygg mat" på polsk

Den grønne føderasjonen har starta ei kampanje for matvaretryggleik i lag med forbundet for organisk landbruk. Kampanja rettar seg særlig mot gen-modifisert mat, men dei ønsker og å sette igang ein diskusjon om framtida for polsk jordbruk. Strukturen i det polske jordbruket er spesiell i Europa. Det skil seg både frå det industrielle jordbruket i EU-landa og frå det som har vore i dei tidligare kommunistlanda. Her er små gardar og jordbruket sysselset fleir enn trulig i noko anna europeisk land. Heile 35% av befolkninga er avhengig av jordbruket.

Det polske jordbruket er meir gamaldags og mindre industrialisert enn f.eks. det tyske. Samtidig er det langt meir miljøvennlig, ikkje som eit resultat av ein medveten økologisk politikk, men vel så mye som resultat av fattigdom. Polske bønder har ikkje hatt råd å kjøpe sprøytemidler, resultatet er på eine sida mindre avling, på andre sida har ein ikkje utrydda store delar av det økologiske mangfaldet slik som i land der industrilandbruket dominerer. Mens storken er så godt som utdøydd i Danmark og Sverige er han framleis eit vanlig syn på polske gardar.

Jordbruket har gjort at polakkane både ønskar og fryktar EU. På eine sida ser dei langt etter EU si landbruksstøtte som gjennomført etter dagens reglar ville gi Polen eit tilskot på atskillige milliardar. På andre sida vil ei gjennomføring av EUs felles jordbrukspolitikk gi store miljømessige, økonomiske og sosiale skadeverknadar. Eit usikkerheitsmoment er kor lenge EU kan halde fram med dagens landbrukspolitikk. Den er under press frå alle kantar og her har dei grønne i EU og polske bønder og miljøvernarar langt på veg felles interesse i å få endra landbrukspolitikken.

Motorveg for EU

Polen har eit finmaska jernbanenett som når omtrent kvar einaste by og ei mengde mindre tettstader over heile landet. Biltrafikken har tidligare vore mye mindre enn i vest. Inntil frislippet av marknadsøkonomien hadde landet ein samferdsel med langt mindre miljøproblem enn vestlige land. Men på 90-talet har biltrafikken auka kraftig. Samtidig blir det statlige jernbaneselskapet halvprivatisert eller Telenor-modellen, slik at staten fråskriv seg ansvaret for å halde oppe jernbanenettet. Og skal ein inn i Europa må ein jo ha motorvegar. I 1996 vedtok regjeringa ein plan for bygging av 6.770 km hovudvegar, deriblant 2.600 km motorveg, ein strekning som Lindesnes-Nordkapp.

Heile motorvegprosjektet er berekna å koste 60-70 milliardar kroner. Ein del av motorvegutbygginga er betalt av regjeringa, med lån frå den europeiske investeringsbanken. Men størstedelen har dei satt bort til private firma som skal få ta det inn igjen med bompengar. Og for å sikre at folk kjører på motorvegane og ikkje andre stader der dei ville kunne kjøre utan avgift, har regjeringa lova motorvegselskapa å ikkje bygge ut eller vedlikeholde vegar 70 km på kvar side av motorvegane før motorvegane er nedbetalte.

I tillegg til forureininga ved auka biltrafikk og matjorda som blir lagt under asfalt vil dei planlagte motorvegane skjære tvert gjennom store byar og verna naturområde.

Her fell planane til den polske regjeringa heilt overens med EU sin transportpolitikk. Med ei planlagt auke av transporten i Europa på 50% på eit knapt tiår har dei lagt store planar for utbyggging av eit europeisk motorvegnett og av 1 milliard kroner som EU skal bruke på transport i Aust-Europa, er 70% avsett til motorvegar. På konferansen sa ein representant for Polens økologiske klubb at motorvegprosjektet er ein del av EU-utvidinga og at EU må legge om transportpolitikken sin for at det skal vere mogleg å gjrnnomføre ein miljøvennlig transportpolitikk i Polen.

Men det finst ein anna slags vegar som miljørørsla heller vil ha, nemlig sykkelvegar og i mange byar har styresmaktene blitt pressa til å bygge sykkelvegar eller til å love å bygge dei. Og når dei ikkje gjør noko med det dei har lova, så blir dei minna på det. Palmesøndag gikk miljøaktivistar ut på gatene i Warszawa og mala sykkelvegar.

Kem bestemmer i EU?

Den skarpaste kritikken av EU kom på konferansen frå dei som kjenner EU frå innsida. - Industrilobbyen har heile tida visst kordan dei skulle påvirke, sa den nederlandske EU-parlamentarikeren Nel van Dijk. "European Round Table of Industrialists" har fått full uttelling for lobbyarbeidet sitt, mens dei frivillige organisasjonane har svært liten innverknad. Dei må ofte kjempe for å få ut informasjon frå kommisjonen. Informasjonen frå kommisjonen er ofte også feilaktig og dei grønne ser det derfor som si oppgåve å vere ein kanal for informasjon til dei frivillige organisasjonane om ka som skjer i EU.

Frå fleire austeuropeiske land blei det klaga over at dei hadde liten informasjon om ka dei no har gitt seg ut på med å søke EU-medlemskap. - Vi må betale for informasjon men har ikkje råd, sa ein deltakar frå Ungarn. - Vi kjem til den europeiske integrasjonen utan å vite noko, sa ei frå Romania.

Den grønne gruppa vil kjempe for at EU-utvidinga skal skje på like vilkår, at ikkje Aust-Europa skal bli 2. klasses EU-borgarar. Dei Aust-Europeiske landa må ikkje tvinas til å bli kopiar av Vest-Europa.

Også i noverande EU-land er det mye skepsis til ka som vil skje der når EU blir utvida austover. Både i EU og i søkarlanda er det behov for store investeringar for å rydde opp i miljøproblema. Likevel er det begge stader vanlig å høre argumentet om at først må vi få skikk på økonomien, så kan vi tenke på miljøet. Og på begge sider går mesteparten av investeringane i EU i dag til tiltak som øydelegg miljøet. Mye av dette er prosjekt som er vedtatt på EU-plan og finansiert av EU-institusjonar.

- Det er ikkje verdt å slutte seg til EU i dag, sa ein polsk miljøaktivist. - Men vi vil gjerne bygge bruer til dei grønne i EU for å få ein grønnare politikk.


Til startsida

sveilund@online.no