Debattinnlegg i Klassekampen, 02.01.2001

Svein Lund:

Når den slagne ikkje vil forstå

Under tittelen «Når den slagne reiser seg» svarar Jorun Gulbrandsen 18. desember på spørsmål frå Håkon Kolmannskog om sosialisme og demokrati. Her kjem det i slik klartekst at det ikkje er til å misforstå: «Kolmannskog spør om jeg mener AKP har hatt slike feil i demokratispørsmål, at det har skada oppslutninga om radikal politikk i Norge. Svaret mitt er nei». Når det etter tre dagar ikkje har kome noko dementi, er vi dessverre nøydd til å forholde oss til at AKP sin leiar verkelig meiner dette. Ho uttaler seg om ka for feil AKP har hatt, altså perioden 1973-2000. I denne tida har altså ikkje partiet hatt alvorlige feil i demokratispørsmål! Kordan kan ein da stole på at AKP i dag er eit demokratisk parti?

Eit-parti-systemet

Eg finn det derfor naudsynt å minne om nokre historiske fakta: AKP (m-1) forsvarte i dei første ti åra av partiet sin eksistens på prinsipielt grunnlag eit-parti-systemet og hadde ei tid programfesta at «under sosialismen utøver arbeidarklassen den leiande rolla si gjennom kommunistpartiet». Det var heile tida ein opposisjon mot dette synet. Dei fleste av dei som sto i opposisjon gikk etterkvart ut av partiet, nokre av oss heldt ut til AKP i løpet av 80-talet tok eit oppgjør med dette synet og enda litt til. I den kampen som da gikk føre seg sto partileiinga lenge imot å gjøre noka endring, og eg har enno tilgode å sjå ei klar anerkjenning frå partileiinga av det arbeidet denne opposisjonen gjorde for å ta oppgjør med udemokratiske haldningar. Når eg les ka dagens partileiar kan skrive anno 2000, ser eg at for AKP-leiinga var dette oppgjøret i beste fall halvhjerta.
Når «oppslutninga om radikal politikk i Norge», og ikkje minst i andre land, ikkje har vore større, har det ein klar samanheng med dei røynslene som er gjort i land som har kalla seg sosialistiske, og i den støtta politikken i desse landa har fått frå sosialistiske og kommunistiske parti i kapitalistiske land. Grunnleggande for Sovjetunionen frå få år etter revolusjonen, Kina, Albania og heile «den reelt eksisterande sosialismen» i Aust-Europa var tanken om at partiet representerer arbeidarklassen/folket og har dermed per definisjon mandat til å styre. Å sette seg mot partiet si leiande rolle var dermed å stille seg på borgarskapet si side. Det var ikkje aktuelt å gi makta frå seg. Den kjente polske kommunistieiaren Wladyslaw Gomulka sa dette klart sist på 60-talet: «Når vi ein gong har fått makta, gir vi ho aldri frå oss igjen». Det låg mange lik i gatene før Gomulka måtte trekke seg, og etterfølgarane følgte opp med unntakstilstanden frå 1981 og utover.

Polen og Kina

No veit eg ka svaret er frå AKP: «Men vi støtta aldri «kommunistane» i Polen. Dei var revisjonistar og renegatar og AKP støtta opposisjonen». Det er sant nok, men var vi dermed fri for den same tankegangen? 11987 var eg to månadar i Polen og nesten like lenge i Kina. Eg var på denne tida medlem av AKP, som framleis hadde partisamband med Kinas Kommunistiske Parti, mens ein i forhold til Polen fordømte styret og støtta aktivt den illegale opposisjonen. Frå AKP si side blei desse to landa framstilt som eld og vatn. Mi røynsle var den motsette. Om ein no kalla det sosialisme, statskapitalisme eller ka som helst, eg såg i praksis at det politiske og økonomiske systemet i desse landa var det samme. I Polen intervjua eg leiarar i den enno forbodne fagrørsla Solidaritet, i Kina intervjua eg eit par månadar seinare leiarar i den einaste eksisterande fagrørsla. Da eg spurte dei kinesiske fagforeningsleiarane om ka forhold dei hadde til Solidaritet, svarte dei at dei ikkje kunne anerkjenne Solidaritet fordi dei ikkje anerkjente kommunistpartiet si leiande rolle. Det måtte ei massakre på Tien-an-men til før AKP braut med KKP.
For å ikkje bruke for mye spalteplass skal eg ikkje nemne fleire eksempel her, men det er ingen problem å forlenge lista, verken med aktiv støtte til udemokratiske og undertrykkande tiltak frå sosialistiske regimer, eller med udemokratiske haldningar i AKP sitt indre liv.

AKP må ta oppgjør

Dersom venstresida skal kunne samlast om eit demokratisk sosialistisk alternativ, og AKP vil spele ei positiv rolle i dette, må partiet ta eit langt grundigare oppgjør med eiga historie enn det ein har sett til no. Dette oppgjøret må gå på haldningane til folkestyre, ikkje på diskusjonar om kor mange som blei drept under Moskvaprosessane og i Kambodsja.

Eg skriv ikkje dette ut i frå noko ønske om å skade verken AKP eller andre organisasjonar på venstresida. Det gjør derimot vondt å måtte skrive dette mot eit parti eg sjølv var med i i mange år, og som eg framleis meiner har gjort meir bra enn gale i si historie. Heller ikkje etter at eg gikk ut av AKP har eg kjent behov for å ta offentlig avstand. Inntil mandag 18.12.2000. Dersom ikkje partileiaren no vil innsjå at udemokratiske tendensar i partiet hennar har hemma venstresida i Noreg, bør resten av partiet sørge for eit oppgjør. Elles vil aldri det slagne AKP klare å reise seg.


Til hovudsida.

sveilund@online.no