Debattinnlegg i Klassekampen 05.03.2005

Svein Lund:

Nei til ny regjering!

Opposisjonen på venstresida i norsk politikk er no i ferd med å begå kollektivt sjølvmord, gjennom å gjøre det til det viktigaste politiske spørsmål i Noreg i 2005 kem som skal sitte på taburettane i regjeringsbygget og regjere på storkapitalens og EU sin nåde.

Den sittande regjering har ført ein politikk som på mange vis har erta på seg folk, gjennom uhemma privatisering, bl.a. av skole- og helsevesenet, tyning av kommuneøkonomien og utpining av distrikts-Noreg. Dei har ført ein utanrikspolitikk som i all hovudsak har logge flat for USA og/eller EU og klart plassert Noreg blant landa som kjempar iherdig mot ei rettferdig verdsordning. Dette har fått svært store delar av det norske folket til å ønske seg ein annan politikk og ei anna regjering. Alt tyder på at oppslutninga om regjeringsalternativet A+SV+SP er så stor at desse partia vil kunne danne regjering etter valget.

Kva slags regjering vil det bli? Det vil bli ei regjering enno meir dominert av DNA enn noverande regjering er dominert av Høgre. Dei framtidige regjeringspartia har allereie lova å frede norsk medlemskap i NATO og EØS, med andre ord halde fram Noreg sin posisjon som aktiv medspelar i den vestlige imperialismen. Dei har lova å ikkje reversere privatiseringane. I dei viktigaste politiske spørsmåla vil dei føre den samme politikken som dagens regjering, fordi dette også er Stoltenbergs politikk og fordi vi som EØS-medlem har svært små muligheiter for å legge om kursen.

DNA sin partisekretær uttalte nylig at partiet skal vinne regjeringsmakt på “kamp mot svekkede offentlige tilbud og privatisering”. Han kunne like gjerne sagt at dei skal vinne på velgarane sin dårlige hukommelse. Dei siste DNA-regjeringane har ikkje utmerka seg ved verken forsvar av offentlige tilbod eller kamp mot privatisering. Snarare tvert om.

Frå mange andre land kjenner vi eksempel på at venstreparti har gått inn i regjering eller blitt støtteparti i val og parlament. Dette har hatt katastrofale følger for oppslutninga om venstresida og bana veg for ytterliggåande høgrekrefter. Stortingsvalet 2005 kan bli svært avgjørande for den politiske situasjonen i Noreg. Ikkje fordi vi får ein ny politikk, men fordi dagens venstreopposisjon innafor dei framtidige regjeringspartia bind seg opp til å støtte ein politikk som bare er minimalt betre enn den som blir ført i dag. Denne regjeringa vil fortsette ein politikk som tar frå dei fattige og gir til dei rike, både i Noreg og i verdsmålestokk. Dei vil etter kvart erte på seg like stor uvilje som dagens regjering, men da den noverande opposisjonen har bunde seg opp til å støtte regjeringa, er det ingen andre enn FrP til å fange opp opposisjonen. Den nye DNA+ -regjeringa vil derfor vere eit historisk nederlag for venstreopposisjonen i Noreg. og bane veg for FrP-regjering frå 2009. Når no også RV har slutta seg til dei som ønsker ei slik regjering er det ikkje mindre enn tragisk. I denne situasjonen kan eg ikkje lenger gi mi røyst til det partiet eg har røysta ved dei aller fleste val sidan 1973.

Kva er så alternativet? Først og fremst utanomparlamentarisk kamp for å påverke dei beslutningane som regjering og storting tar. Gjennom alt frå uttalar frå foreningar, alternative utgreiingar, underskriftskampanjer, demonstrasjonar, streikar og lobbyverksemd kan ein påverke makta. Når den politiske venstresida er i opposisjon til regjeringa kan denne mobilisere til slik kamp, når ho sjølv sit i regjeringa opplever også venstrepolitikarar den utanomparlamentariske aktiviteten som eit problem og forsøker å stanse denne. På litt lengre sikt er derfor faktisk 4 nye år med dagens regjeringskoalisjon eit mindre onde enn ei A+-regjering som bind opp venstreopposisjonen i posisjonar og ansvar.

Svein Lund


Til hovudsida

sveilund@online.no