Innlegg på Klassekampen-forum 18.09.97

Guovdageainnu RV:

Takk til heile Noregs Erling!

Alle hyllar vinnarane og ingen takkar taparane. Promiller og tidels promiller skiljer mellom full siger og fullt nederlag. Slik er kampen om stortingstaburettane.

I Klassekampen 17.9. stiller ein spørsmålet om RV og Erling Folkvord mista mandatet i Oslo fordi han ikkje hadde konsentrert seg om Oslo-saker, men engasjert seg i saker rundt om i landet som ikkje Oslo-velgarane brydde seg om. Kanskje denne analysa har noko for seg. I såfall seier det noko vesentlig både om ein del Oslo-velgarar og om Erling Folkvord.

I det høvet vil vi rive i med ein uforbeholden dundrande hyllest til heile Noregs RV-representant, trønderen som er valt inn frå Oslo valkrets, men som gjennom fire år konsekvent har sett seg som ein representant for heile landet. Erling er ein av dei få rikspolitikarane som ikkje har tenkt på ka som kunne lønne seg taktisk, kordan vinne stemmer for å vinne eller beholde eit mandat. Han har konsekvent stått på for kystflåten mot fabrikktrålarane, for retten til samisk utdanning, for bønder, industriarbeidarar, minstepensjonistar, 6-åringar og alle andre utrendy i det "postmoderne" og "postindustrialiserte" samfunnet, samfunnet som legg ned posthusa mens dei døper om alt anna til noko med "post" i.

Han har synt at det er viktigare å lytte til folk enn å belære dei. Slik har han stått for det beste i RV-tradisjonen, som eit virkelig parti mot straumen: Mot flyttestraumen, mot dei gjeldande "strømninger i tiden". Kor mange har før representert Oslo-benken i Stortinget på nynorsk? For oss som har sete i dei bakre rekkene og fora Erling og kontoret til Stortingsgruppa, har det vore ei udelt glede å arbeide saman med dei. Dei satte alltid pris på innspel og følgte dei alltid opp så godt dei kunne.

Når vi må trekke fram dette er det ikkje bare for å hylle Erling, sjølv om han kunne fortjene mye meir hyllest enn han vil ha. Det er og for å minne om at denne linja med å representere arbeidsfolk i heile landet dessverre ikkje har vore einerådande i RV-kretsar. Gjennom den 4-årsperioden Erling har sete på Stortinget har RV si uoffisielle dagsavis i stor grad stått for den motsette linja: Dei har ikkje hatt noko program for å bry seg om verken heile landet, om arbeidsfolk eller om nynorsk og samisk språk. Dei har hatt ein politikk mot å lytte til folk, mot å ta kritikk og innspel på alvor, mot å tru at dei kunne lære noko av vanlige folk.

Derfor er det fremste ønsket vi har til dei som skal drive avisa framover: Lær av Erling Folkvord og RV si stortingsgruppe 1993-97: Gjør Klassekampen til ei lyttande avis, ei avis for undertrykte i heile landet og heile verda, ei avis mot straumen.

Guovdageainnu Rukses Válgalihttu - Guovdageaidnu Raud Valallianse
Guri Skum, leiar
Svein Lund, skrivar


Til startsida

sveilund@online.no