Svein Lund:
Dette er ei sterkt forsinka bokmelding. Går det an å skrive om ei bok eit heilt år etter at ho kom ut? Ja, når denne boka er den viktigaste som har kome på norsk på mange år, og ein masse mannfolka på venstresida hardnakka nektar å opne ho.
Eg snakkar altså om boka til Kjersti Ericsson: "Søstre. Kamerater!". Etter mi oppfatning det viktigaste bidraget AKP(m-l) nokon gong har kome med til utvikling og kritikk av marxistisk teori. Boka er ikkje ei "kvinnebok", ei bok bare for kvinner. Ho er ein analyse av korleis kvinneundertrykkinga er ein del av det kapitalistiske systemet, av husarbeidet sin plass i den politiske økonomien, og ikkje minst den rolla vi som menn spelar i å halde kvinneundertrykkinga og kapitalismen oppe. "Borgerskapet hersker når mannen hersker litt", seier Ericsson. Men korleis skal vi da kunne avskaffe kapitalismen og borgarskapet om vi ikkje vil gjøre noko mot kvinneundertrykkinga, men heller halde på privilegia våre.
Mannfolk flest har ein blind flekk når det gjeld kvinnepolitikk, seier ho. "Sannsynligvis er det ikke noe politisk felt de fleste mannfolk i AKP(m-l) kan så lite om, som kvinnepolitikk... Det kvinner skriver, særlig om kvinnepolitikk, leses lite, og gjør lite inntrykk... På forunderlig vis blir kvinnepolitikk noe annet enn 'ordentlig politikk'. Det er liksom ikke nødvendig å kunne kvinnepolitikk for å være orientert og holde seg på høyden. For menn måler seg i forhold til hverandre, og på dette området er de fleste like dumme."
Det er sikkert fleire enn eg som kjenner seg truffe av dette. Eg lærte i alle fall ein masse av boka. Så fikk eg lyst å diskutere ho. Med andre mannfolk. Men sjå det var lettare sagt enn gjort. Det var ikkje bare å finne nokon som hadde lest ho. Eller som ville lese ho.
Ei jente eg kjenner var villt begreistra for boka, men ho skjønte ikkje korleis ho skulle få mannen sin å lese ho. Han hadde så mye å gjøre stakkar. Som fagforeningsleiar og kommunestyrerepresentant, for RV - "kvinnenes parti".
Så spør eg ein kamerat som sit i styret for RV-gruppa i kommunen sin. Nei, den der boka var ikkje noko for han. Men kanskje den er noko for meg, sa kona, som var medlem av DNA. - Får eg kjøpe ho av deg?
Verda er ikkje som før, den tida auan va blå og ein mann var ein mann og kvinnfolka heldt seg heime. I dag er kvinnene minst halve arbeidarklassen, dei har leiarane i DNA og AKP. I dag er det kvinner som skriv politisk teori, mens vi sit der og forstår ikkje heilt ka som går føre seg.
Det er ikkje bare enkelt å vere progressiv mann i dag. På den eine sida vil vi støtte kvinnekampen, på andre sida er han eit trugsmål mot posisjonane våre; i familien, på arbeidsplassen, i organisasjonsarbeidet. Kvinnekampen går framover, med denne boka har han fått ein teori som vil styrke kvinnene enno meir. Men kor går vi? Blir vi sittande i veggrøfta mens toget går forbi? Som gamle gubbar som har tenkt dei tankane vi har tenkt å tenke?
"Den progressive mannen, alliert eller bremsekloss?" heiter eit hefte som Kjersti Ericsson ga ut for eit par år sidan. Eg er redd vi virkar mest som bremseklossar i dag. Er vi nøgde med det, eller skal vi byrje å ta kvinnfolka på alvor og kjempe i lag med dei? Skal vi lytte litt til diktet som står først i "Søstre. Kamerater !":
Stå ikke i veien for oss
når vi kommer for å vende jorda
med voldsomme spatak
når vi kommer for å dyrke den
på vårt vis.
Stå ikke i veien for oss
for vi eier morgendagen!
Til startsida