Artikkel i Klassekampen, 26.03.1988

SVEIN LUND, VALLDAL:

Bondelags-leiar og kommunist

NY I AKP
Vi skriv for tida om ein del folk som i det siste har meldt seg inn i AKP. I dag gjeld det Nils Eldar Linge, bondelagsleiar frå Sunnmøre.

BONDELAGS-leiar og AKP-ar er ingen vanlig kombinasjon. Nils Eldar Linge i grenda Linge i Valldal på Sunnmøre er ein av svært få, om ikkje den einaste. Han er ein av dei som blei med i vervekampanja, i eit AKP-lag med medlemmar spreidd over store delar av Sunnmøre.

No var han ikkje heilt ukjent med den komrnunistiske rørsla. Før han flytta heim att til garden i 1977 var han med i NKS på Landbrukshøgskolen. Men i Norddal kommune med 2 000 innbyggarar har det aldri yore noko AKP-lag, og heller ikkje grunnlag for noko RV-liste. Han har stått på RV-lista til fylkestingsvalet og møtt i kommunestyret for ei uavhengig sosialistisk liste.

— Den uavhengige lista blei bare eit blaff, utan ein partiorganisasjon å støtte seg til vara det bare ein valperiode. Heile tida har eg sakna nokon å diskutere djupare med. Eg har nok vore inne på tanken på å melde meg inn i partiet, men det var ingen som spurte, og her var ikkje noko tilbod. Så da planen om eit distriktslag kom opp, trong eg ikkje lang tid for å bestemme meg for at dette ville eg vere ned på.

— Dokker er ikkje akkurat naboar i partilaget! — Nei, vi er folk frå her inne i fjordbotnane til øyane ut mot storhavet. Siste møtet hadde vi ei reisetid på omlag tre timar kvar veg. Vi tar helga til hjelp og da kan det vere ein fin tur og. Og så skal vi skifte på møtestadane så det ikkje blir like langt kvar gong. Men i våronne må vi nok ta ei lita pause.

Bondemenn og bondekoner

40-50 bratte mål er garden på, og der dyrkar dei frukt og gras til 6 mjølkekyr og nokre ungdye

- Det er no vel eigentlig kona som er bonden, innrømmer Nils. Hp Signe jobbar bare på garden, mens eg har 1/2 jobb i ein forsøksring for hagebruk. Utan denne faste inntekta ved sida av hadde det ikkje gått. Slik er det for mange har. Men her har vore ganske lett å få deltids- og sesongarbeid, og derfor har og jordbruket heldt seg ganske bra i distriktet.

Men Bondelaget, da. Bør ikkje ein kommunist vere i Bonde- og Småbrukarlaget?
— Dei som går prinsippielt inn for Bonde- og småbrukarlaget veit ikkje kva dei snakkar om. Her er over 90 prosent med i Bondelaget. NBSL seier at hovudproblemet i norsk jordbruk er skjelv fordeling. Det høyras jo besnærande ut, men det som kan kallas storbønder i Norge er så få at om ein så tok alt frå dei, ville det monne lite. Eg meiner alle bønder må stå saman til vern av norsk landbruk. Ser ein det for eksempel i ein EF-samanheng er vi små nesten alle saman.

— No er det 10 år sidan du var i NKS. Korleis opplever du AKP av idag samanlikna med NKS den gangen?
— I NKS var vi meir katolsk enn paven. Det var veldig strengt og mye rart. Ein skulle organisere heile mennesket og ingen ting var privat. I samanlikning opplever eg AKP mest som ein koseklubb. Eit umåtelig avslappa miljø. Kanskje heller litt for slapt i kantane.

Og så like før vi må dra, kjem ho Signe heim frå barnehagemøte. Fly forbanna fordi jentungen ikkje får barnehageplass meir enn nokre timar for veka fordi mora er «heimeverande». Fordi kvinnelige bønder ikkje blir anerkjent.

— Du kan skrive at dette har ikkje landbruksutvalet til RV/AKP skjønt noko av, seier ho. Dei vil oppvurdere husarbeidet. Det fører bare til fastfrysing av kjønnsrollene. Eg blir så forbanna at eg må visst skrive eit innlegg om det til Klassekampen.
— Gjør det, seier eg. — Skriv ein kronikk.
Så er det ni svingete mil tilbake til Ålesund.


Til startsida

sveilund@online.no